Hopp til innhold

Ny rapport om omstridt tysk ubåtvrak utsett i siste liten

Ubåten frå andre verdskrig er lasta med kvikksølv og skapar uro langs kysten. No har saka fått nok ein ny tidsfrist.

Ubåtvraket utenfor Fedje

KVIKKSØLV: Den tyske ubåten U-864 ligg utanfor Fedje, etter at den vart senka av britane under andre verdskrig. Her ligg han lasta med uante mengder kvikksølv.

Foto: Kystverket / Illustrasjon

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Rett ved ein av landets minste kommunar ligg vraket av ubåten U-864 frå andre verdskrig.

Den var del av ein unik ubåtjakt utanfor Bergen heilt på tampen av krigen. Den britiske ubåten «Venturer» jakta den tyske ubåten, og fekk til slutt innertiar.

To torpedoar delte ubåten i to og sende den og alle 73 i mannskapet ned til 150 meters djup. Der ligg den framleis i dag, utanfor Fedje i havgapet nord for Bergen.

I vraket ligg potensielt enorme mengder kvikksølv, som skulle bli ein stor politisk sak over 75 år seinare.

Lokalbefolkninga på Fedje vil nemleg ha kvikksølvet vekk. Dei er redde for kva som vil skje om kvikksølvet vil lekke ut i havet. I 18 år har dei venta på kva som skal skje.

Sist konkluderte Kystverket med at tildekking var det beste alternativet. Det var i desember 2019.

Men i oktober 2020 sette regjeringa ned eit utval som skulle produsera nok ein rapport om kva som burde gjerast med vraket. Ekspertane fekk frist til 1. november 2021 med å gje eit svar på kva som skjer med ubåten.

Men no må altså Fedje-folket vente endå lengre.

Neste sommar?

Leiar for det nye utvalet om framtida til Fedje-ubåten, Gro Kielland, seier til NRK i dag at det er lenge til rapporten kjem.

Utvalet har søkt og no fått ja til ny frist den 1. juli 2022.

– Dette er veldig omfattande arbeid. Etter besøk på Fedje og dialog med andre har me fått ei stor forståing og stor respekt for kor viktig denne saka er for folk, seier Kielland til NRK.

Fedje.

Øysamfunnet Fedje har ubåten liggande rett i eiga bakgard. Frykta er stor her dersom kvikksølvet skulle lekke ut i havet.

Foto: Fedje kommune

Lista er lang over offentlege utgreiingar og rapportar om ubåten.

Høgre og Frp garanterte å heva naziubåten om dei kom til makta. I 2018 enda dei sjølv opp med å anbefale tildekking av vraket.

Difor ber dei om meir tid

Så kom bestillinga om ei ny kartlegging i 2019.

Kielland seier dei treng å greie ut meir før dei kan kome med eit svar.

– Vi ser kor viktig det er at vi kjem fram til ei riktig avgjerd, som kan byggast opp under på ein god måte. Difor ber vi om meir tid, seier Kielland.

Faglege råd har tidlegare konkludert med at det mest forsvarlege er å dekke til ubåten.

Det er ikkje ordførar Stian Herøy på Fedje nøgd med. Han reagerer slik på at han må vente til sommaren i 2022 på eit svar.

– Dette fortel meg at dei har funne nye ting som dei vil undersøke nærmare. Vi ønskjer oss at dei kjem og fiksar dette, seier han til NRK.

Fyllmasser ved U-864

Grafikken viser korleis ubåten i 2016 vart støtta opp under med store massar for å hindre lekkasje og skadar på vraket.

Foto: Kystverket

Håpar på 2023

Han skisserer dei to løysingane folk langs kysten vil kunne leve med:

Anten blir vraket fjerna med kvikksølvet om bord, eller så blir kvikksølvet tatt ut frå vraket.

– Det er mange som vil ha det vekk så fort som mogleg. Om ein landar på noko 1. juli kan vi kanskje få dette vekk eitt eller to år etter dette.

Herøy meiner dette er ei sak som ikkje berre er viktig for folk på øya Fedje.

– Det er folk langs heile kysten som vil ha dette vekk. Det at så mange har vore misnøgde er grunnen til at vi ikkje er nøgde med det ein har landa på før, seier Herøy.