Hopp til innhold

– Dei køyrer over folkemeininga rundt omkring i landet

FLATRAKET (NRK): Fleirtalet i ei ny meiningsmåling seier framleis nei til storfylket Vestland. Stortingsfleirtalet vil køyre gjennom regionreforma, det er eit svik mot demokratiet, meiner folk NRK har snakka med.

Handel på lokalbutikken på Flatraket

VIL BU I SOGN OG FJORDANE: Gunn Helen Wik Ødegård sine kundar er alle skeptiske til regionreforma. Frå høgre står Gunnar Refvik, Frida Refvik og Jarle Eide.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dei køyrer over folkemeininga rundt omkring i landet, seier Jarle Eide, på veg ut av lokalbutikken på Flatraket.

Han er ein av mange i Sogn og Fjordane som føler seg overkøyrd. I ei ny meiningsmåling svarar 65 prosent av dei spurte nei til samanslåing med Hordaland.

– Eg synest ikkje om reforma i det heile tatt. Dei seier det skal bli tilført ein masse arbeidsplassar, men eg trur det vert akkurat som før, ikkje noko betre, seier Eide.

Langt til Bergen

Trass eit år med informasjon og debatt, motstanden mot reforma er like sterk som i fjor haust, og det er no færre som er for ei samanslåing.

KrF sikra sist veke gjennomføringa av reforma. Lokalpolitikar i kystkommunen Selje, Raymond Myren (KrF) registrerer at mange er usamde med valet til partiet.

Raymond Myren og Jessica Haaland

I MOT FOLKET: Lokalpolitikarane frå KrF i Selje, Raymond Myren og Jessica Haaland studerer innbyggjarane i Sogn og Fjordane sine synspunkt på regionreforma.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– For meg er det ein alvorleg ting at folkemeininga går på tvers av det som vert vedteke, men samstundes forstår eg at ein må gjennomføre reformer ein har sett i gong.

Fleire av dei NRK snakkar med er uroa for at Hordaland blir for mektige. På ein kafe i Selje sentrum sit Ingrid Rikheim. Ho er ikkje overraska over at politikarane held fast på reforma, trass sterk motstand.

– Politikarane er berre slik, dei går etter sine meiningar, eg trur ikkje dei høyrer så mykje på folket.

Vil ta makta frå ansiktslause byråkratar

– Folk veit kva dei har, men ikkje kva dei får.

Slik forklarar stortingspolitikar Tore Storehaug (KrF) motstanden mot reforma.

– Var det viktigare å sikre reforma enn å lytte til veljarane?

– Eg er valt på KrF sitt partiprogram. Der har vi dei 12 siste åra gått inn for ei reform som dette.

Meiningsmålinga vart gjennomført før dei nye oppgåvene til fylkeskommunane var klare. Storehaug held fast på at reforma er bra for lokaldemokratiet.

– Problemet er ikkje at det er for mykje makt i Leikanger, Førde eller Bergen. For mange avgjerder vert tekne i Oslo og for mange avgjerder som angår oss vert tekne av ansiktslause byråkratar.

NRK har forsøkt å få kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) til å kommentere undersøkinga. Statssekretær Aase Marthe Horrigmo (H) svarar i ein e-post.

– Eg ønskjer ikkje å kommentere ei enkeltståande meiningsmåling. To ulike Storting har vedteke regionreforma. Det må både vi og politikarane lokalt ta omsyn til og følgje opp.

  • Spørsmålet til andre tabell var «Samanslåinga av fylke kan bli sett på vent fleire stader i påvente av stortingsbehandling. Bør samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland også setjast på vent?» Undersøkinga vart gjort før KrF sikra fleirtal.