I ei undersøking Sentio har gjort for NRK og avisene Firda Tidend, Fjordingen, Fjordabladet og Fjordenes Tidende svarar 64 prosent nei til samanslåing med Hordaland. 29 prosent svarar ja.
– Eg er ikkje så veldig overraska, eg trur ein er redd for å bli styrt frå Bergen, seier Stian Navelsaker Sandvik.
Midt i lunsjen får Sandvik og kollegaene presentert resultatet av undersøkinga. 600 innbyggarar har svart på spørsmålet "Bør Sogn og Fjordane og Hordaland bli ett storfylke?".
– Det er som forventa. I Sogn og Fjordane likar vi å styre oss sjølve, seier Roger Sunde Andenæs.
I Indre Sogn er skepsisen størst, 75 prosent svarar nei. I Sunnfjord er 38 prosent positive. Senterpartiet og Arbeidarpartiet har varsla omkamp om fylkessamanslåinga. Det har ikkje arbeidarane rundt lunsjbordet på Eid nokon tru på.
– Det er slik med politikarar, når dei først har bestemt seg for noko, så trumfar dei det gjennom uansett kva folket meiner, seier Jens Bjørhovde.
Heile 81 prosent av Senterpartiet sine veljarar seier nei til samanslåing, viser undersøkinga.
Blant Høgre-veljarar seier 57 prosent at dei vil ha eit Vestlandsfylke. Det er høgst av alle parti, men samstundes seier 42 prosent nei.
- LES OGSÅ: Folket vil ikkje ha reformer
- LES OGSÅ: Regionreforma kan vere i det blå med Jonas