Hopp til innhold

U-sving gav ny politisk kabal over natta

Den såkalla «regnbogekoalisjon» låg an til å overta makta i Kinn. 24 timar og eit sletta facebook-innlegg seinare er alt annleis.

Måløy

MÅLØY: Natt til torsdag blei det kjent at Høgre går saman med Frp, Sp og INP som styringskoalisjon i Kinn dei neste fire åra.

Foto: Kinn kommune

Torsdag morgon annonserte styringskoalisjonen Høgre, Frp, Senterpartiet og Industri- og næringspartiet (INP) at dei vil overta makta i Kinn.

Bengt Solheim-Olsen (Høgre) vert ny ordførar, og Frank Willy Djuvik (Frp) vert ny varaordførar i kommunen, som strekkjer seg frå Måløy i nord til Florø i sør.

Vi var ikkje raskast ut av blokkene, men vi har komme fram til eit godt resultat, seier den nye ordføraren.

Anita Eikevik (Sp) skal leige Helse- og omsorgsutvalet.

Annonseringa kjem berre eitt døgn etter at «regnbogekoalisjonen» SV, KrF, Ap, Venstre og Høgre låg an til å overta.

I eit oppsiktsvekkande Facebook-innlegg (sjå under) forklarte Frank Willy Djuvik gjennomslaget til regnbogekoalisjonen med «ekstreme metodar og dårleg åtferd».

Djuvik gjentar skuldinga mot Venstrerepresentant Jacob Nødseth til NRK (sjå skulding og svar under).

Innlegget vart sletta etter kort tid, og 24 timar seinare har altså eit nytt fleirtal manifestert seg, med den same Djuvik som varaordførar.

Slettet facebook-innlegg
Foto: Skjermdump

Det pleier å vere ein god ide å tenkje seg om

NRK har prøvd å få greie på kva som har skjedd i kulissane det siste døgnet, men partane held korta tett til brystet.

– Eg har ingen kommentar til snuoperasjonen, seier Sidsel Fænn Kongsvik (Sp).

– Kva som er bakgrunnen for at Høgre hoppa av regnbogekoalisjonen veit eg ingenting om. Det er godt at vi endeleg har komme i mål med kabalen og at ting er landa.

På toppen har partiet Raudt vore inn og ut av regnbogekoalisjonen, noko som har vore omstridd i Måløy, som tradisjonelt har vore ein mørkeblå by.

Frank Willy Djuvik svarer ikkje direkte på kvifor han sletta facebook-innlegget, men antydar at det kan ha vorte skrive i affekt.

Det pleier å vere ein god ide å tenkje seg om både ein og to gonger. Det bør vi alle gjere. Og då eg gjorde det, valde eg å ikkje publisere, seier han.

I eit nytt innlegg på Facebook skriv han at forhandlingane «har vore prega av respekt og gjensidig tillit».

Det er inngått ein samarbeidsavtale som inneber at dei fire partia skal samarbeide om viktige politiske saker for kommunen, som til dømes budsjett- og investeringsplanar, skriv han.

Frank Willy Djuvik

– Det pleier å vere ein god ide å tenkje seg om både ein og to gonger, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Ei betydeleg grå slagside

NRK har tidlegare skrive om havvind-planar som skaper rabalder i Florø.

Den nye konstellasjonen inneber at Høgre går inn i ein allianse med tre parti som alle er motstandarar av planane.

Dette er veldig spennande. For dette har jo ikkje vi vore med på før, seier listetopp for INP, Lillian Bratholmen.

Partileiar i INP, Owe Ingemann Waltherzøe, har tidlegare oppfordra lokallaga til å stemme blankt når det skal stemmes på ordførarar i dei ulike kommunane etter valet.

Bratholmen legg til at alle parti i styringskoalisjonen står fritt til å stemme slik dei ønskjer i enkeltsaker, også i spørsmålet om vindturbinar i hamnebassenget i Florø.

Nils-Anders Nøttseter er toppkandidat for Vestland MDG.

Den nye koalisjonen er kjend for å ha ei betydeleg grå slagside, seier han.

Det lovar ikkje godt for klima og natur. Dei må gjerne ta utfordringa og overraske oss som ser på frå sidelinja, men eg held ikkje pusten.

Slik vil vindmøllene sjå ut frå Florø sentrum.

Slik vil vindmøllene sjå ut frå Florø sentrum.

Foto: Nordwest 3D