Hopp til innhold

Smerte­stillande har ingen effekt på Nora-Anastasia: – Migrene set meg ut av spel i dagar av gangen

Rundt 700.000 nordmenn har migrene, men for mange finst det ikkje medisinar som fungerer. No gjev ny, norsk forsking håp til dei.

Nora-Anastasia Flagstad

MIGRENE: Nora-Anastasia får kraftige migreneanfall. – Det hadde betydd utruleg mykje om eg kunne fått medisin som fungerte, seier ho.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

På eit kontor i det gamle hovudbygget på Haukeland universitetssjukehus i Bergen går Marte Bjørk gjennom resultata i studien ho har leia. Ei studie som kan få stor betydning for tusenvis av nordmenn.

Forskarane har vist nye medisinar som har god verknad for å førebyggje migreneåtak.

Ofte er dei billigare enn dei som vert tilbode i dag.

– Vi vart særleg overraska over å finne at ein medisin brukt mot høgt kolesterol har god effekt for migrenepasientar, seier Bjørk.

Ho er professor på UiB og nestleiar av senteret for hovudpineforsking, Nor Head.

Marte Bjørk, professor og nestleiar i Nor Head.

Marte Bjørk har leia studia på migrenepasientar.

Foto: Gerd Braadland / NRK

Bjørk meiner konklusjonen av studien må bli at behandlinga for dei med migrene må bli lagt om.

– Billigare medisinar har ofte minst like god effekt som dyre. Vi meiner dette bør bety at fleire får tilbod om førebyggande medisin.

Les også Stor migreneforskning gir håp og etterlengtede svar

Migrene

Invalidiserande

– Det er heilt grufullt. Det er så vondt at eg ikkje veit kvar eg skal gjere av meg.

Nora-Anastasia Flagstad skildrar korleis det er å ha eit migreneanfall. Ho blir sett ut i dagar av gangen når dei slår til.

– Eg trur det er vanskeleg å forstå kor smertefullt det er.

Ho seier medisinane ho går mot anfalla ikkje fungerer godt. I beste fall gjev dei ei svak, kortvarig lindring.

Ho får ikkje medikament for å førebyggje migrenen.

Les også Småbarnsmoren Carolina er slått ut av hodepine over 20 dager i måneden

Carolina Bergan ser ut vinduet fra sin egen stue.

– Det hadde betydd utruleg mykje om eg kunne fått medisin som fungerte. Eg ventar berre på ei behandling som kan hjelpe meg.

Flagstad seier ho håper på ei framtid der ho tørr å planlegge høgtidsdagar. Der ho ikkje kjenner seg åleine fordi ho må halde seg vekke frå ting ho kunne tenkt seg å vore med på.

– Det øydelegg mykje. Det er vondt for psyken.

Vil forske vidare

Over 100.000 migrenepasientar deltok i studia til Nor Head. Forskarane har brukt data frå Reseptregisteret for å sjå om pasientane reduserer bruk av smertestillande medisinar etter å ha fått medikament som skal førebygge migrene.

Alle som henta ut legemiddel mot migrene mellom 2010 og 2020 er med i statistikken.

Dei fann tre medisinar som hadde betre effekt enn betablokkene som i dag er førstevalet for å forhindre migreneanfall.

Ein av desse er ein medisin brukt mot depresjonar. Ein er utvikla for å senke kolesterolet. Den tredje er utvikla som ein migrenemedisin.

Resultata er publisert i eit anerkjend medisinsk tidsskrift.

No vil Bjørk at dei skal forske vidare, basert på forskingsresultata. Dei har fått godkjenning til å starte ei studie på medisinen.

– Det er heilt nytt at medisin mot kolesterol kan ha effekt for hovudpine. Det treng vi å bevise enno sterkare.

Denne typen medisin har få biverknader.

Det er anslått at minst 14 prosent av alle nordmenn får migreneanfall, rundt 700.000 personar ifølgje Dagens Medisin. No vonar forskarane at fleire av dei kan få hjelp.

Det vil bety mindre smerter og mindre sjukefråvær.