Hopp til innhold

Bygger ny firefeltsveg – men vil ha mindre trafikk

Bergen bygger ny firefeltsveg og ønsker seg mindre trafikk på same tid. – Målkonflikt, seier trafikkekspert.

Sotrasambandet

SOTRASAMBANDET: Den nye firefeltsvegen skal redusere reisetida mellom Sotra og Bergen med opp mot 20 minutt.

Illustrasjon: Sotra Link/CJV

Onsdag blei første «spadetak» teke i arbeidet med det nye Sotrasambandet, som skal stå ferdig om fire år.

Den nye firefeltsvegen skal redusere reisetida mellom Sotra og Bergen med opp mot 20 minutt.

I dag har strekninga fleire flaskehalsar og er prega av lange køar både i morgon- og ettermiddagsrushet.

– Det har blitt jobba med dette i nesten 25 år. Det er mange politikarar som har gått framfor meg. Eg blir litt audmjuk, seier Tom Georg Indrevik (H).

Han er ordførar i Øygarden, og var med då det første spadetaket vart teke.

ILLUSTRASJONSVIDEO: STATENS VEGVESEN

Andre er meir ambivalente til den nye vegen.

– Forsking viser at nye vegar fører til auka biltrafikk, seier Ingrid Nergaard Fjeldstad (V).

Ho er byråd for klima, miljø og utvikling, og er uroa for kva dei nye vegane gjer med trafikken i Bergen sentrum.

Målet til kommunen er å redusera trafikken med 20 prosent, og saman med nabokommunane har dei forplikta seg til nullvekst.

Tom Georg Indrevik og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Ordførar Tom Georg Indrevik og samferdsleminister Jon-Ivar Nygård var til stades då første «spadetak» blei teke onsdag. Spadetaket var i dette høvet ei sprengsalve i det som skal bli Kolltveittunnelen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Bilen blir meir attraktiv

– Når me bygger nye vegar, blir reisetida normalt kortare og det blir meir komfortabelt å køyra. Det fører normalt til meir trafikk, seier Morten Welde.

Han forskar på trafikk ved NTNU, og viser til at reisetida med buss ikkje blir redusert tilsvarande, fordi bussen framleis må stoppa undervegs.

– Konkurranseforholdet utviklar seg slik at bilen blir meir attraktiv, seier han.

Rv555 Sotrasambandet

Sotrasambandet skal byggast frå Kolltveit i Øygarden kommune til Storavatnet i Bergen kommune.

Foto: Statens Vegvesen/Sotra Link

Mellom 2022 og 2025 skal kommunane Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden investera rundt 16 milliardar på tiltak som skal bidra til nullveksten.

– Dette er eit døme på ei målkonflikt i transportpolitikken. Måla kan vera vanskelege å foreina, seier Welde.

Å foreina måla vil krevje restriktive tiltak, meiner han.

– Eit døme er bompengar som er dyrare i rushtida. Der er Bergen langt framme.

Samtidig viser undersøkingar at bompengetiltaka ikkje åleine er tilstrekkelege for å nå trafikkmåla Bergen har sett seg.

Byråden i Bergen peikar på at eit godt kollektivtilbod er heilt sentralt for å unngå kjempeauke i trafikken.

Det er ikkje regulert inn kollektivfelt på det nye Sotrasambandet.

– Men me meiner det framleis er mogleg å sjå på det fram til vegen opnar, seier ho.

Rv555 Sotrasambandet

Den nye hovudbrua blir 30 meter brei, 900 meter lang og får 145 meter høge tårn.

Foto: Statens Vegvesen/Sotra Link

Nye vegar rundt Bergen

Sotrasambandet vest for Bergen er ikkje den einaste vegen på Vestlandet som blir skalert opp.

Sotrabrua

Kø på den noverande Sotrabrua er eit kjent syn.

Foto: Statens vegvesen webkamera

I 2021 såg NRK nærare på vegprosjekta i og rundt vestlandshovudstaden, og effekten på trafikken.

Utrekninga viste mellom anna at trafikken på Sotrabrua i dag er rundt 28.000 per dag. Om 20 år kan det bli 41.000 per dag.

Reknestykket som ikkje går opp Trafikken skal ned: Bygger samtidig motorvegar som skal auke trafikken

Svegatjørn - Rådal, dronebilde, 26. november 2020

Totalt kan Bergen få ein samla auke på 36.400 bilar kvar einaste dag.

Det er ein auke på 42 prosent.

Men reknestykket er sjølvsagt ikkje så enkelt. Noko av trafikken kjem til å halda fram på dei gamle lokalvegane. I tillegg er tala henta ut for kvar enkelt veg, og tek ikkje omsyn til dei andre nye vegane.

Konklusjonen er likevel klar: Betre vegar med større kapasitet fører til meir trafikk.

Umogleg å bygga seg ut av køproblem

– Erfaring frå ein del andre land viser at det er vanskeleg, kanskje umogleg å byggja seg ut av køproblem i og rundt urbane område. Det er eit verkemiddel som ikkje fungerer på lang sikt, seier byråden for klima, miljø og utvikling.

Ho understrekar at ho unner Sotra ei ny bru.

– Dagens situasjon med dei enormt lange køane unner eg dei ikkje. Men me må jobba for at mange av dei som sit i køen vil velja kollektivt i framtida.

Første "spadetak" på Sotrasambandet.

Denne knappen setter i gang arbeidet med Sotrasambandet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK