Hopp til innhold

Staten vil gje fylket brua i gåve. Men den må fiksast for 600 millionar kroner

Fylket nektar å ta over ansvaret for den femti år gamle brua når den nye firefelts brua like ved er ferdig. – Me tør ikkje ta i mot ei slik kostnadsbombe.

Nye Sotrabrua

KOSTNADSBOMBE: Dagens Sotrabru (til venstre) blir erstatta av den nye (til høgre), men Vestland fylkeskommune vil ikkje overta ansvaret for vedlikehaldet staten har utsett på den gamle.

Illustrasjon: Statens vegvesen

Kven vil overta ansvaret for ei femti år gammal bru der utbetring og vedlikehald truleg kostar over 600 millionar kroner?

Det er «tilbodet» Vestland fylke fryktar å få i fanget frå den norske staten.

– Me ser i fleire fylke ein generell tendens til at staten prøver å skyva kostnadane ned til fylkeskommunar, seier seksjonssjef John Martin Jacobsen i vegavdelinga i fylket.

Dei har no skrive brev til Statens vegvesen.

Der slår dei fast at fylkeskommunen ikkje ønsker å overta ansvaret for staten si gamle bru vest for Bergen.

Sotrabrua kø

Sotrabrua er i dag ein flaskehals for bilar og bussar til og frå Bergen i rushtida.

Foto: Christian Lura / NRK

Flaskehals blir kostnadsbombe

Sotrabrua på riksveg 555 knyter Øygarden kommune til fastlandet og Bergen. Brua er ein smal flaskehals som i rushtida gir store køproblem inn og ut av Bergen.

I vinter starta bygginga av nytt Sotrasamband som skal fjerna eller redusera køane. 1. juni 2027 opnar ei ny, firefelts bru med kollektivfelt og sykkelveg.

Planen til Vegvesenet er då å omklassifisera den gamle brua frå riksveg til fylkesveg. Det betyr at fylket «får» vegen.

Men Vestland fylkeskommune takkar allereie no nei til ei slik «gåve», for med eigarskapen kjem også ansvaret for drift, vedlikehald og rehabilitering.

– Nei, me tør ikkje ta i mot ei slik kostnadsbombe. Staten må eiga den brua også i framtida, for det er så stor usikkerheit om den tekniske tilstanden på brua og kva det vil kosta å oppgradera og halda brua ved like, seier Jacobsen.

Sotrabrua

Staten må ta kostnadane med istandsetting eller eventuelt riving av den gamle Sotrabrua, meiner Vestland fylkeskommune.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kostar 600 millionar å oppgradera

I brevet viser Vestland til at i 2015 kom det fram at «Sotrabrua i nær fremtid skal gjennom en omfattende rehabilitering. Brudekke og tårn må repareres».

Fem år seinare gjorde Statens vegvesen i 2020 eit grovt anslag på vedlikehalds- og oppgraderingsbehovet til Sotrabrua. Totalkostnaden vart sett til drygt 500 millionar kroner pluss moms, altså over 600 millionar kroner.

– Dette er utgifter staten må ta fullt ut og som fylkeskommunen ikkje kan eller vil prioritera, seier Jacobsen.

John Martin Jacobsen, Vestland fylkeskommune

Seksjonsleiar John Martin Jacobsen kallar Sotrabrua ei kostnadsbombe det er uaktuelt for Vestland fylkeskommune å overta ansvaret for.

Foto: Vestland fylkeskommune

5600 svekka bruer

NRK fortalde for eitt år sidan at 5600 norske bruer har skader som svekker trafikktryggleiken, og 1000 av bruene har skader som trugar sjølve bereevna til brua.

Dette ligg som ei grunnleggande årsak til skepsisen til å overta den gamle Sotrabrua.

Nærare 800 av dei omlag 2000 bruene på fylkesvegane i Vestland har stort eller svært stort vedlikehaldsbehov. Etterslepet er på nærare 4 milliardar kroner.

– Me må prioritera desse, og ikkje ta over endå fleire gamle bruer, seier Jacobsen.

Les også 5600 bruer har skadar som reduserer trafikktryggleiken: – Det er skummelt

Agnes Hansen Folkestad

Han etterlyser korleis Vegvesenet vil løysa problemet.

– Me har gjentatte gonger bede dei avklara både eigarskapen til den noverande Sotrabrua, og finansieringa av vedlikehald og oppgradering av brua. Førebels er det lite som har skjedd.

Dagens Sotrabru forsvinn ikkje. Denne problemstillinga må vegvesenet løysa.

John Martin Jacobsen, Vestland fylkeskommune

Det nye Sotrasambandet har ikkje budsjettert med å ta kostnadane med å oppgradera dagens Sotrabru.

Vegvesenet: – For tidleg å svara

Lene Sælen Rivenes er Statens vegvesen sin prosjektleiar for det nye Sotrasambandet.

– Me oppfattar det som at grunnen til at dei ikkje vil overta brua, er standarden på konstruksjonen som no er femti år gammal, seier ho til NRK.

Ho inviterer til dialog.

– Her må me ha ein dialog med fylkeskommunen om standarden og kva som må gjerast for at den eksisterande brua kan bli fylkesveg.

Lene Sælen Rivenes, Statens vegvesen sin prosjektleiar for Sotrasambandet.

Prosjektleiar Lene Sælen Rivenes i Statens vegvesen veit ikkje kva som må gjerast på den gamle Sotrabrua før fylket kan overta brua, eller kva det vil kosta.

Foto: Statens vegvesen

Ho kan ikkje kommentera kostnadsanslaget på over 600 millionar kroner.

– Det er vanskeleg å svara på i dag, for me har ikkje oppdaterte tal. Det vil bli gjort eit nytt kostnadsoverslag når den formelle omklassifiseringsprosessen startar.

– Men er det forståeleg at dei er redde for å overta eit vedlikehaldsetterslep frå staten?

– Dei har høve til å uttala seg når omgjeringa til fylkesveg kjem på høyring. Eg tenker dei må lesa dei dokumenta godt og uttala seg på bakgrunn av det, seier Rivenes.

Ho seier den formelle prosessen internt i Vegvesenet vil bli sett i gang «snart».

Les også Skader trugar bereevna på 1000 norske bruer: – Det kjennest ikkje bra

Ann-Irene Myrheim og tvillingsønene på 14 år.