Hopp til innhold

Noreg brukar kinesisk stein i staden for sin eigen

Større etterspurnad enn tilbod gjer at Noreg hentar stein frå andre sida av kloden for å bygge norske vegar.

Stein i Sogndal er henta frå Kina og Portugal.

FEIL PRIS: – Når det er billigare å hente stein i Kina, er miljøbelastninga med å frakte stein rundt halve kloden ikkje riktig prisa, seier miljøorganisasjonen Sabima.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er berre å sjå seg rundt, du skulle jo tru vi hadde nok av stein sjølv, seier Jørn Kristian Engebø, byggjeleiar i Statens vegvesen.

For kort tid sidan lyste dei ut anbod på å steinlegge ei av gatene i Sogndal. Eitt av kriteria var at norsk stein skulle nyttast.

Men slik gjekk det ikkje:

– Vi fekk klar beskjed om at slik stein ikkje var å oppdrive, seier Engebø.

I staden for norsk stein har dei difor vore nøydde til hente granittheller og fleire kilometer med kantstein frå Kina.

– Det er dumt. Både med tanke på lokale arbeidsplassar og klimaet, seier Engebø.

Stein i Sogndal er henta frå Kina og Portugal. Jørn Kristian Engebø, byggjeleiar Statens vegvesen

ILLE: Sjølv om Jørn Kristian Engebø, byggjeleiar i Statens vegvesen, ikkje fekk norsk stein, seier han at dei nyttar norsk produkt, mellom anna pukk.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Eit notat frå Future Built syner at karbonavtrykket til kinesisk granitt er ni gonger større enn om han vart henta i Noreg.

Historisk har den lyse granitten i Indre Sogn «tiltrekt sig opmerksomhet som eit fortræffelig og særs vakkert byggjemateriale» (John Oxaal, 1916), og, som Sogn Avis minner om: Grand Hotell i Oslo er bygd med kvit granitt frå Årdal.

– Verkar som ei oppkonstruert konflikt

Det er bedrifta Beer Sten i Fredrikstad som leverer den utanlandske steinen til Sogn.

Til Sogn Avis fortel dagleg leiar i selskapet, Monica Sander, at det er vidareforedlinga og produksjonskapasiteten i den norske steinindustrien som står i vegen for store nok leveransar i Noreg.

Historisk har også «motstridande verneinteresser» vore ei hindring.

– Det er inga tvil om at kortreist stein er best. Men den største fienden er likevel forbruk og overforbruk. Der er Noreg i verdstoppen, og vår strategi er faktisk at vi skal selje mindre stein og jobbe for smartare ressursutnytting, seier Sander til NRK (saka er oppdatert med denne opplysninga).

Norske verneinteresser sorterer under Miljødirektoratet og er forankra i Naturmangfaldlova.

Les også Kjøper rekkverk i Polen – sjølv om norsk konkurrent ligg i nabolaget

Polske rekkverk ligg klare til å bli montert på Vikafjellet

I fjor vekte det oppsikt då byen Porsgrunn henta stein frå India til eit miljøprosjekt(!).

– Vi kan sjølvsagt ikkje akseptere steinbrot «kvar som helst», og nokre gongar står omsyn til klima og natur mot kvarandre. Men dette verkar som ei oppkonstruert konflikt. Sjølvsagt finst det steinkjelder i Noreg, seier Christian Steel, som er leiar i miljøorganisasjonen Sabima.

Han legg til at «hovudproblemet er dårleg planlegging og feil prising».

– At det vert billigare å hente stein i Kina kjem av at miljøbelastninga med å frakte stein rundt halve kloden ikkje er riktig prisa.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, peikar på det same:

– Eg trur det dreiar seg om at det er billigare å importere, sjølv om det openbert er dårleg for både miljø og arbeidsplassar, seier han.

Steinbrudd i Tvedalen i Larvik.

TVEDALEN, LARVIK: – Vi har meir råvarer enn det som blir importert frå Kina og Portugal, seier Torgeir Lingelem i steinbedrifta Rocks of Norway.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Har nok råvarer, manglar kapasitet

Guro Hauge, fagansvarleg i miljøorganisasjonen Zero, seier det må stillast strengare krav til anleggsprosjekt og klimagassutsleppa.

– Det betyr at ein ser heile prosjektet under eitt og kan kutte utslepp der det monnar mest.

Torgeir Lingelem, dagleg leiar i steinbedrifta Rocks of Norway, skildrar problemet på same vis:

– Berre i Larvik har vi tilgang til meir råvarer enn det som blir importert frå Kina og Portugal, seier han.

Han legg til at Noreg «må tole å ha natursteinsuttak», og utnytte ressursane der dei finst.

– Eg er for eit fornuftig vern av område, men ressursar må vinnast ut der dei finst.

Stein i Sogndal er henta frå Kina og Portugal
Foto: Sondre Dalaker / NRK