Hopp til innhold

Kjøper rekkverk i Polen – sjølv om norsk konkurrent ligg i nabolaget

På Vikafjellet i Sogn monterer Vegvesenet polske rekkverk. Like ved ligg ein av Noregs største produsentar av nettopp rekkverksstål.

Polske rekkverk ligg klare til å bli montert på Vikafjellet

POLSK STÅL: Stålet møter alle kvalitetskrav og kan trygt nyttast på norske vegar. Men det same stålet kan produserast rett ved foten av fjellet.

Foto: Gunnar Kleven

Sogn Avis skreiv om saka først.

Når riksveg 13 over Vikafjellet mellom Voss og Sognefjorden no skal få nytt rekkverk på ei to mil lang strekning, er det altså polske rekkverk som vert montert.

Rekkverket er produsert utanfor Krakow, noko som gir ein transportveg på 2100 kilometer.

Men ved foten av Vikafjellet ligg ein av landets største produsentar av nettopp slike stålrekkverk: hjørnesteinsbedrifta Vik Ørsta.

Statens vegvesen: – Lite vi kan gjere

– Eg ser jo problemet, men vi har ikkje høve til å gjere noko med det i kontraktane våre, seier Arne Magnar Haugland i Statens vegvesen.

Vegvesenet har nemleg ikkje lov å legge føringar for kven som skal vere produsent i kontraktar. Berre krav til sjølve rekkverket.

– Og dette rekkverket oppfyller alle krav, seier Haugland.

Det betyr lite eller ingen konkurransefortrinn for lokale produsentar, sjølv når vegen i nærområdet vert fornya.

Her monterer dei polske rekkverk på Vikafjell

VEGTRYGGING: Stålskinnene kjem på plass og skal sikre trafikantane frå skråninga.

Foto: Gunnar Kleven

Forstår at det kan sjå rar ut

– Vi installerer rekkverk i heile landet. Denne gongen er det litt tilfeldig at vi er på akkurat Vikafjellet, seier dagleg leiar i Veisikring AS, Fredrik Zachariassen.

Veisikring har prosjektet med sikringa av vegen over Vikafjellet.

Han kan godt forstå at det kan sjå kritikkverdig ut at dei ikkje nyttar bedrifta i Vik som leverandør på Vikafjellet.

– Vi kjøper produkt og samarbeider tett med dei leverandørane som gir oss mest konkurransekraft, forklarar han.

Vik-ordførar: – Hårreisande

Ordførar Roy Egil Stadheim (Ap) i Vik reagerer på at Vegvesenet ikkje kjøper lokalt.

– Det er hårreisande at slike ting går an når vi har ein produsent av rekkverk som ligg så når. Kvar er FN sine berekraftsmål?

Han meiner Statens vegvesen burde fokusere på nettopp dette i anboda sine.

– At dei vel å hente rekkverk frå Polen i staden for ei bedrift nokre få mil unna, blir rett og slett for dumt.

Roy Egil Stadheim

REAGERER: Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (Ap) vil at vegvesenet handlar lokalt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vil legge til rette

Senterpartiet la i januar fram eit forslag i Stortinget om at offentlege innkjøp skal bidra til å sikre lokale arbeidsplassar. Dette blei nedstemt i lag med fire andre forslag frå partiet.

I Hurdalsplattformen har dei ferske regjeringspartia skrive følgande: «Sørge for at anbod ved bygging av samferdsleprosjekt formast slik at lokale og regionale aktørar kan delta».

– Dette er eit tydeleg signal til dei som handterer offentlege kontraktar, meiner leiar i transport og kommunikasjonskomiteen, Erling Sande (Sp).

– Vi som styresmakter skal generelt legge til rette for at små og mellomstore bedrifter skal kunne vere med i konkurransen, seier Sande.

NRK har tidlegare fortalt at sjølv om styresmaktene seier dei vil hjelpe norske verft, så bygger dei skip i utlandet.

MDG: – Mest tragisk for arbeidsplassane

– Det er litt tragikomisk, seier Marius Langballe Dalin i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) om rekkverksaka.

Også han reagerer, og då mest av omsyn til dei lokale arbeidsplassane og verdiskapinga som går tapt.

– For når det gjeld klimasida av saka, er det meir enn berre transport som avgjer kor miljøvennleg noko kan vere, seier miljøpolitikaren. ​​​​​​