Hopp til innhold

No startar jakta på pengane som skal gi oss ei ny oppleving i verdsklasse

Dronning Sonja har gitt inspirasjon til arbeidet med å gjere det mogeleg for turistar å oppleve Jostedalsbreen året rundt.

Tverrfjellet

STORE PLANAR: Jarle Helgheim (t.v.), ordførar Oddmund Klakegg og prosjektleiar Steinar Dvergsdal vil byggje ny turistattraksjon i verdsklasse.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Då Dronninga opna gondolbana i Loen i mai gav ho tydeleg uttrykk for at ho ville ha fleire gondolbaner:

– Det er ikkje alle som er like spreke som dei som sprang opp bakkane her. På denne måten blir naturen her tilgjengeleg for alle, sa dronninga.

– Dronninga har stort truverd

Det er ikkje gondolbane dei har i tankane, gruppa bak planane om å byggje ein ni kilometer lang biltunnel inne i fjellet frå riksveg 5 i Kjøsnesfjorden og opp på det 1500 meter høge Tverrfjellet. Men uttalen vart lagt merke til:

– Dronninga har stort truverd då ho som går meir i fjellet enn dei fleste seier at det er behov for å byggje ut infrastruktur som gjer at endå fleire kan få oppleve norsk natur, seier prosjektleiar Steinar Dvergsdal.

(artikkelen held fram under biletet)

Tverrfjellet

UTSYN: Dette er utsikta frå Tverrfjellet, vestover Kjøsnesfjorden. I den andre retninga byr utsynet på breplatået på Jostedalsbreen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Tverrfjellet ligg i kanten av sjølve breplatået med storslått utsyn over store deler av Jostedalsbreen. Planen er å frakte folk opp i bussar.

Prosjektet han sit i førarsetet for vart presentert for offentlegheita første gongen i 2012. Sidan har det ikkje vore så mykje blest om prosjektet som er kostnadsrekna til 300 millionar kroner. Men planane er ikkje skrinlagde og engasjementet blant initiativtakarane er ikkje blitt mindre med åra.

Turistmagnetane smeltar bort

I ei tid der turistmagnetar som Briksdalsbreen og andre brearmar bokstaveleg tal smeltar bort, peikar Dvergsdal på at det er viktig å byggje opp noko nytt som kan verte minst like spektakulært.

Å gje både turistar nærkontakt med Europas største isbre på fastlandet året rundt, meiner han er løysinga.

Jaktar investorar

Bak planane står Jølster Næringsforum og Jølster kommune. Prosjektgruppa har hatt møte med Sunnfjord Utvikling i vår, og planen no er å ta opp att kontakten til hausten.

– Målet i første omgang er å få utarbeidd ein forstudie og å kome i kontakt med investorar som kan vere med på finansieringa, seier Dvergsdal.

Tunnelen er alt med i kommuneplanen og miljøstyresmaktene er positive då prosjektet ligg utanfor nasjonalparkgrensa og det vil vere små synlege inngrep i naturen.

– Stort potensial

Rolf Sanne-Gundersen smiler nøgd

I MØTE: Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling skal bidra til å få lage eit forprosjekt.

Foto: Privat / Privat

– Prosjektet er veldig spennande og har eit stor potensial. Vi har sagt ja til å vere med å bidra til å lage eit forprosjekt for å løfte fram prosjektet og sjå på om det er mogeleg å realisere, seier dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling.

Han seier prislappen på eit slikt forprosjekt vil ligge ein stad mellom ein og to millionar kroner.

– Det er ein stor jobb som må gjerast før planane eventuelt kan verte ein realitet, seier Sanne-Gundersen.