NRK Meny
Normal

Dronninga ønsker seg fleire gondolbaner

STRYN (NRK): Dronninga var over seg av begeistring då ho tok gondolbana i Loen, og ønsker tilbodet andre plassar i landet.

Loen skylift

I GONDOLEN: Dronning Sonja har litt høgdeskrekk, men seier ho kjente seg trygg på veg opp i Loen Skylift.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det er ikkje alle som er like spreke som dei som sprang opp bakkane her. På denne måten blir naturen her tilgjengeleg for alle, seier dronning Sonja.

Dronninga er litt høgderedd, men sa at det likevel ikkje var noko problem å køyre gondolbane 1011 meter over havet.

I strålande sol opna Dronning Sonja offisielt gondolbana som skal frakte folk 1011 meter over havet i Loen.

SJÅ SAKA: Dronninga opna Loen Skylift i strålande sol.

– Eit fantastisk tilbod

Dronninga fortalde ivrig om alle turane ho sjølv har vore på i fjella i Nordfjord og seier området er noko av det flottaste landet har å by på. Ho meiner Loen Skylift kan gjere at enda fleire kan få glede av plassen.

– Vi bør ha mange slike rundt om slik at folk med vanskar for å gå også kan få oppleve den storslegne naturen vi har, seier dronninga.

Dronninga i loen skylift

FANTASTISK: Dronninga seier det var ei fantastisk oppleving å køyre gondolbana.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ho seier ho er svært glad for å få lov å oppleve dette og skryt av både utforminga og utsikta.

– Dette har vore draumen i mange år her og både utforming og arkitektur er heilt eineståande, seier dronning Sonja.

– Gondolbanane har vore mykje omdiskutert med tanke på urørt natur, men dronninga er positiv?

– Ja, det er eg. Tenk så bra dette er for regionen, landet og turistnæringa. Her får de jo inn turistskip og kan tilby folk å komme opp hit. Det er eit fantastisk tilbod som ikkje finns andre stader i verda, seier dronninga.

Mobilbilde fra Bidra

VERDAS BRATTASTE: Gondolen sig opp fjellet til 1011 meter over havet.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.