NRK Meny
Normal

– Ei skandale at Innovasjon Norge ikkje vil støtte turistattraksjonen

Tunnelen mot toppen av Jostedalsbreen strevar med å få støtte frå Innovasjon Norge. Ei skandale meiner styreleiaren.

Steinar Dvergsdal

SKANDALE: At ikkje Innovasjon Norge så langt vil støtte prosjektet er ei bortimot ei skandale, seier styreleiar Steinar Dvergsdal.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Lokale krefter i Jølster vil bygge ein vegtunnel til 300 millionar frå Kjøsnesfjorden til toppen av Tverrfjellet og Jostedalsbreen, 1500 meter over havet.

– Vi meiner det vil vere bortimot ei skandale om Innovasjon Norge ikkje ser at dette er eit tiltak dei bør kunne ha ein finger med i spelet på, meiner styreleiar i Jostedalsbreen AS Steinar Dvergsdal.

På toppen av Tverrfjellet vil turistane få utsikt ut over Jostedalsbreen, ei utsikt berre dei sprekaste kan sjå i dag.

Selskapet bak planane har sondert hjå Innovasjon Norge om å få støtte til prosjektet, men har så langt fått negative signal. Årsaka er at tunnelvegen blir rekna som eit såkalla infrastrukturtiltak.

Det får ordførar i Jølster Oddmund Klakegg til å reagere. For på same tid har eit gondolbaneprosjekt i Loen fått tilsegn om 2 millionar kroner til eit forprosjekt.

– Vi er jo litt undrande til at ei pendelbane ikkje er eit infrastrukturtiltak, medan ein veg opp på breen er det, seier han.

Eit kommersielt prosjekt

Halvor Flatland

KAN IKKJE STØTTE: Halvor Flatland i Innovasjon Norge seier dei ikkje har høve til å støtte prosjekt som krev mykje offentleg støtte.

Foto: Bård Siem / NRK

Prosjektet i Jølster er så langt meint å vere delvis eller heilt finansiert av staten, derimot er prosjektet i Stryn eit privat initiativ. Direktør i Innovasjon Norge Halvor Flatland kan ikkje kommentere den konkrete enkeltsaka i Jølster fordi dei aldri kommenterer moglege søknader eller prosjekt som har fått avslag, men seier dette på generelt grunnlag:

– Prosjekt som krev mykje offentleg støtte, er infrastruktur i våre auge. Då har ikkje vi høve til å vere med med våre verkemiddel. Når det er reine kommersielle prosjekt, då har vi høve til å vere med å støtte, seier Flatland.

I Jølster har ikkje Steinar Dvergsdal tenkt å gi opp planane, forventningar til besøkstal er så gode at tunnelen kan kome til å bli privat finansiert.

– Eit så unikt prosjekt kan ein ikkje leggje til side sjølv om ein møter litt motstand, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tverrfjellet

VIL HA TUNNEL: F.v. Jarle Helgheim, ordførar i Jølster Oddmund Klakegg og styreleiar i Jostedalsbreen AS, Steinar Dvergsdal på toppen Tverrfjellet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Attraksjon i verdsklasse

Lokal næringsliv har alt brukt ein million kroner på ideen. No har også reiselivsnæringa på Vestlandet sitt felles reisemålselskap Fjord Norge AS fått full tenning. I eit brev til Dvergsdal skriv dei at dette vil bli ein attraksjon i verdsklasse, på linje med Preikestolen og Flåmsbana.

Han trur tunnelen kan trekkje minst ein kvar million turistar årleg.

– Dette vil vere ein attraksjon som har alle dei store, spektakulære tinga i seg som folk reiser gjennom fjord-Norge for å sjå. Ein vil få det spektakulære utsynet med stupbratte fjell. I tillegg vil ein altså kunne snu seg rundt og sjå innover breflata, forklarar Dvergsdal.

– Ein grunn til å reise hit

Marknadssjef Fjord Norge, Britt Dalland

PRIMÆRATTRAKSJON: Marknadssjef Fjord Norge, Britt Dalland, meiner vegtunnelen kan bli ein attraksjon i verdsklassen.

Foto: NRK

Sals og marknadsdirektør i Fjord Norge AS, Britt Dalland, meiner tunnelen kan bli ein verdsattraksjon som vil vere avgjerande for at turistar søkjer til fylket.

– Vi trur dette kan bli det vi kallar "reason til go", altså ein grunn for å reise til regionen vår. Dette vil vere ein primærattraksjon som vil auke grunnlaget for at folk vel Vestlandet som sitt reisemål, seier ho.

Fleire stadar som i Briksdalen, Jostedalen og i Fjærland kan folk sjå opp på brearmane til Jostedalsbreen. Men svært få har stått oppe ved sjølve breplatået og sett utover den veldige isen. Det er nettopp slike utsikter som gjer at ein bilveg opp kan trekkje enormt med besøk.

– Så ser vi at mange er på jakt etter nettopp desse perfekte foto-stoppa. Og dette kan vere eit ideelt foto-stopp for veldig mange når ein får eit stort bilete av ein attraksjon som Jostedalsbreen, seier Dalland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tverrfjellet

GOD UTSIKT: Det er denne utsøkte som skal lokke turistane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Eit alternativ når breane minkar

Også Dvergsdal meiner tunnelen til Tverrfjellet er framtidsretta. Klimaendringane gjer at Jostedalsbreen minkar, faren er at brearmane minkar så mykje at tradisjonelle reisemål som til dømes Briksdalsbreen ikkje vil vere like attraktive i framtida, då gjeld det å tilby alternativ.

– Det er grunn til uro når brearmane trekker seg så mykje tilbake. Då vert ikkje dei like spektakulære. Jostedalsbreplatået er solid med mange hundre meter med is, og vil ikkje forsvinne dei næraste 1000 år framover, seier Dvergsdal.

Men to år etter at planane vart lansert er det framleis eit godt stykke fram før bilar og bussar kan køyre tunnel opp til ei garasje inne i fjellet, og gå ut på Tverrfjellet i Jølster.

Forprosjekt til nær 10 millionar

Kanskje ikkje så rart når prislappen er 300 millionar kroner. Berre forprosjektet vil koste mellom 5 og 10 millionar kroner. Det er dette som no er neste steg for selskapet bak planane.

– Det er mykje pengar, men det er investert store summar i reiselivsnæringa i dette fylket og andre plassar. Og vi treng nokre fyrtårn som kan dra nye grupper av reisande til området skal næringa utviklast og vekse framover, meiner styreleiaren.

Han trur det er vilje til å bruke nasjonale midlar til å skape denne attraksjonen.

Men med utsikter til massiv tilstrøyming ser ikkje Dvergsdal vekk frå at store delar av turisttunnelen i Jølster kan bli privatfinansiert. For sjølv om ting tek tid kjem det ikkje på tale å legge ideen vekk.

Tverrfjellet - tunnelen vil ende ca midt i biletet

TUNNEL TIL TOPPS: Vegtunnelen opp til breplatået vil ende om lag midt i biletet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.