Hopp til innhold

No skulle småkraftverka tene pengar – men elvane er botnfrosne

DALE (NRK): Straumprisane kunne vore redninga for kriseramma småkraftverk. Men høge prisar hjelp lite når elvane er tørrlagde.

Hopla kraftverk i Åsenfjord i Levanger kommune i Trøndelag.

BRRRRRRR: Høge straumprisar kunne vore redninga for kriseramma småkraftverk. Men høge prisar hjelp lite når elvane er tørrlagde. Her Hopla kraftverk i Trøndelag.

Foto: Hopla kraftverk

Vi legg bak oss den kaldaste og tørraste januar-månaden på ti år, og dei høgaste straumprisane på fem år.

Torsdag morgon vart det sett ein historisk rekord i Norge. Aldri har nordmenn brukt meir straum enn i timen mellom klokka 08 og 09.

Same morgon vart det meldt om temperaturar under 30 minus i Sogndalsdalen.

Alt dette kunne vore godt nytt for Kristoffer Dale og Dale Kraft AS i Sværefjorden i Sogn. Når kraftverket går fort fullt, forsyner dei 600 husstandar med straum.

Men denne februardagen står det heilt stille.

Det inntektsbringande elvevatnet er vekke. Det er rett og slett for kaldt og tørt.

– Vi har berre vatn til å køyre fire-fem timar i døgeret. Med løpande utgifter så tapar vi pengar no, seier Dale.

KALDT: Minus 30,5. Det viste temperaturmåleren i bilen til Marius Sætre torsdag morgon.

KALDT: Minus 30,5. Det viste temperaturmåleren i bilen til Marius Sætre torsdag morgon.

Foto: MARIUS SÆTRE

– Dei små aktørane er heilt «utbomba»

Det siste året har låge straumpriser og anstrengt likviditet gjort at «kaffipraten har blitt meir intens» blant norske småkrafteigarar som har fått freistande tilbod frå utlandet.

Per Harald Sætre er bransjeansvarleg for småkraft og energi i Sparebanken Møre.

– Mange av dei små aktørane i kraftbransjen er heilt «utbomba», og må søke lånefinansiering for å betale skatten sin i eit år der svært mange av selskapa har underskot, seier han.

Også leiar Småkraftforeininga, Knut Olav Tveit, fortel om eit «tøft år».

Sjølv har han allereie byrja å sjå fram til våren – og snøsmeltinga.

– Vi håpar på ei betre inntening i år enn i fjor. Då sleit mange økonomisk, seier han.

LES OGSÅ: Høgt skattetrykk bremsar vasskraftutbygging

Oppturar, nedturar og sal til utlandet

Vassdragslovgivinga seier at store vasskraftprosjekt skal ha offentleg eigarskap, og 90 prosent av norsk vasskraftproduksjon er offentleg eigd.

Men for småkraftverk gjeld ikkje kravet til offentleg eigarskap.

I 2019 var 18,3 prosent av i alt 737 norske småkraftverk på utanlandske hender, viser tal frå NVE.

Oppdaterte tal finst ikkje, men etter det NRK erfarer er godt over ein femdel av småkraftverka i dag på utanlandske hender.

I januar vart Befring kraft i Stardalen i Sunnfjord overtatt av Suomen Voima («Finsk Kraft»).

– Det har også vore ein krevjande og utfordrande prosess med både oppturar og nedturar, sa styreleiar Kjell Lyngstad, og ein av åtte grunneigarar.

Same månad selde Fossberg Kraft alle sine småkraftverk til britiske Downing.

Også i fjor gjekk fleire norske småkraftverk over på utanlandske hender.

  • Obos selde kraftverksemda si til den sveitsiske kapitalforvaltaren Fontavis.
  • Suomen Voima overtok eigarskapen i Tryggestad Kraft i Stranda kommune på Møre.
  • I Nordfjord selde Ytre Kandal Kraft halvparten av aksjane sine til Småkraft AS, som er eigd av det nederlandske pensjonsfondet APG.

– Treng prisar som held seg høge

Straumprisene i vinter står i skarp relieff til dei som var i haust. Då var det låge straumprisar og breiddfulle vassmagasin som skapte press på småkrafteigarane.

Same haust vart det målt negative straumprisar i Sør-Noreg, og i veke 47 hadde vassmagasina ein fyllingsgrad på 95,7 prosent. Den høgste verdien målt på 20 år.

Tilbake i Balestrand er krafteigar Dale klar på kva han ønskjer seg.

– Mildare temperaturar og prisar som held seg høge. Det er det vi treng no, seier han.

Overfylt kraftmagasin på Hardangervidda. Det er så mye vann at det renner over kanten.

Overfylt kraftmagasin på Hardangervidda. Det var mykje vatn at det rann over kanten.