Hopp til innhold

Den kaldaste veka så langt i vinter – og høge straumprisar

Vi har akkurat lagt bak oss den kaldaste januarmånaden på fleire år, og måndag passerte straumprisane det høgste nivået på fem år.

DKsRFpQvNtc

KALDT: Det har vore ein kaldt start på vinteren, og kaldare skal det bli.

Foto: Berit Roald / NTB

– I dag hadde vi eit veldig hopp i straumprisane, så no må vi meir enn fem år tilbake for å finne ein like høg pris, seier sjef for krafthandel i Sogn og Fjordane Energi Bengt Haugnes.

Straumprisen vart femdobla i dag tidleg, frå 50 øre til 2,60 kroner per kilowattime.

Grunnen er at det er både kaldt, tørt og lite vind., og det skal berre bli kaldare dei neste dagane.

– Det er jo stadig meir vindkraft i Noreg, så no påverkar også vindforholda straumprisane, seier Haugnes.

Og vêrmeldinga tyder ikkje på at straumprisane får hjelp av mildare ver med det første. Tvert om kan Meteorologisk institutt fortelje at vi no går inn i den kaldaste veka så langt i vinter i store delar av Sør-Noreg.

– Særleg onsdag, torsdag og fredag ligg an til å bli beinkalde dagar, seier statsmeteorolog Geir-Ottar Fagerlid.

Kaldt også på kysten

Måndag byr så langt på temperaturar rundt ti kuldegrader både på Vestlandet og Austlandet, og dette er berre byrjinga ifølgje meteorologen.

– Onsdag og torsdag vil det kome temperaturar på tjue kuldegrader og under ganske mange stader.

For dei som ikkje er så glade i kule, er lyspunktet at det også blir ei solfylt veke.

– Med unnatak av nokre lette snøbyer måndag ettermiddag, så ser det ut til å bli ei veke med mykje sol og lite vind. Ei veldig fin veke, slik det ser ut no.

– Kor kjem dei kaldaste temperaturane?

– Dei aller lågaste temperaturane kjem i indre og midtre strok, som vanleg. Det som er litt uvanleg no er at vi kan få temperaturar rundt ti minus også heilt ute på kysten, der det vanlegvis er plussgrader, seier Fagerlid.

Innhyllet i frostrøyk krysser Bastøfergen Oslofjorden mellom Moss og Horten i minus ti grader.

BASTØYFERJA: Innhylla i frostrøyk kryssar Bastøfergen Oslofjorden mellom Moss og Horten i minus ti grader.

Foto: Cornelius Poppe / NTB