Hopp til innhold

Fantastisk vintervêr i helga – men gleda vert kortvarig

Etter ein grå desember månad har vinteren verkeleg slått til denne helga. Men tidleg i neste veke kan det vera slutt.

Skisenter over heile fylket melder om pudderalarm denne helga.

PUDDER: Slik såg det ut i Sogndal etter at dei fekk 25 centimeter nysnø natt til torsdag.

– Endeleg har laussnøen kome. Det er pudderalarm for første gang denne i år og vi er klar til å kose oss i laussnøen. Det er fantastiske forhold og smilefjes over heile fjøla, seier Per Odd Grevsnes, som er dagleg leiar på Sogndal skisenter.

Natt til torsdag fekk dei 25 centimeter med nysnø og inn mot helga har fleire skisenter i fylket meldt om gode dosar med snø.

Helga har gitt fantastiske vinterdagar langs heile kysten, og det mange har kosa seg ute i snøen også i Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal.

Ivrige

To av dei første som fekk inn sesongens første puddertur torsdag var Martin Leite Gilleshammer og Idar Løvik.

– Det er jo berre tull å stå her og prate. Eg vil berre køyra. Koma meg ned i snøen og kosa meg, seier Løvik.

– Det har vore ein seig sesongstart, først i midten av januar kom den skikkelege djupsnøen, seier Gilleshammer, før han sett utfor bakkane.

på ski Ivar Løvik

MYKJE SNØ: Ivar Løvik er inni snøen der ein plass.

Foto: Håvard Nesbø

Kortvarig glede

For dei som ikkje har fått nytta seg av dei flott skiforhold rundt om i fylket denne helga kan det bli ei stund til neste gong. Allereie tysdag er det meld om vêromslag, og temperaturen vil nærme seg ti grader enkelte plassar langs kysten.

– Det blir kaldt og fint i dag, og det kan kome litt snø på kysten og i Nordfjord, elles fin dag. Også måndagen startar fint, men utover ettermiddagen og kvelden vil det blåse opp og skya til, seier statsmeteorolog, Steinar Skare.

Men på tysdag snur det på heile Vestlandet.

– Tysdag og fram mot helga vil temperaturen gå kraftig opp. Langs kysten kan det bli opp mot ti varmegrader og snøgrensa flyttar seg oppover mot 700 til 900 meter, seier han.

– Det vil bli sterkast vind og mest nedbør i Sogn og Fjordane og Hordaland, men også i Rogaland og Møre og Romsdal vil temperaturen stiga. Sør for Stavanger vil det kome mindre nedbør, men temperaturen vil likevel bli mildare her også, seier Skare.

Men før den tid har ein to dagar til med slike forhold som bilda under illustrerer.