Hopp til innhold

Styrkar satsinga på skisentera i Sogn

Med velsignande hand frå Sogn Næring skal Sogn og Hodlekve skisenter samarbeide endå tettare i framtida.

Sogn skisenter

UTVIKLING: Skientusiastane i Sogn har gode alternativ når pudderalarmen. No skal Sogn og Hodlekve skisenter samarbeide endå tettare.

Foto: Runar Tørvi / Sogn skisenter

I same møtet som Sogn Næring løyvde 100.000 kroner frå Næringsfondet til Sogndal kommune, løyvde dei også 40.000 kroner til eit møte med Sogn skisenter.

Føresetnaden er at også Luster kommune gjer tilsvarande løyving.

– Målet er å få til auka samarbeid mellom skisentera, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogn Næring og Sogndal skisenter, i ei pressemelding.

Meir samarbeid

Når pudderalarmen går, er ikkje skientusiastane seine om å komme seg ut i løypa, og felles skikort gjer at dei kan velje mellom Sogn og Hodlekve skisenter.

Dagleg leiar for Sogndal skisenter, Cecilie Grendahl

NØGD: Avtroppande dagleg leiar ved Hodlekve skisenter seier det er stort behov for ny trakkemaskin.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Skisentera samarbeider godt i dag på marknadsføringssida, og erfaringane frå dette samarbeidet dannar eit godt utgangspunkt for å jobbe tettare også på andre felt. Det skal dei framover bruke tida til å finne meir ut av.

– Vi ser med spenning på utviklinga av stisyklingsløyper som no blir bygde på Heggmyrane. Det å kunne utvide aktivitetstilbodet til barmarksaktivitetar vil vere viktig i tida som kjem for begge skisentera, seier Grevsnes.

Ny trakkemaskin

Hodlekve skisenter har utvikla seg stort siste åra og har mellom anna bygt fleire skitrekk. Kilometer på kilometer langrennsløyper og stort spenn i aktivitetar og kurs på alle nivå.

No er dei også i forhandlingar om ei ny trakkemaskin frå Beitostølen. Maskina kostar kring 1,5 millionar kroner. 100.000 av desse kjem frå Sogn Næring.

– Trakkemaskina er utruleg viktig for å halde oppe satsinga på langrennsløyper i området, men det er eit stort gap mellom inntekter og utgifter knytt til preparering av løyper, seier avtroppande dagleg leiar i skisenteret Cecilie Marese Grendahl.