No er 8500 sjåførar i streik – nye fylke ramma

Busstreiken er trappa opp. No er ytterlegare 4.500 bussjåførar i sju fylke i streik.

Marit Engeseth, tillitsvald i Fellesforbundet

DELER UT MUNNBIND: Marit Engeseth, tillitsvald i Fellesforbundet, deler ut munnbind til bergensarane på Bybanen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Det er framleis ingen kontakt mellom arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.

Busstreiken har vore i gang i Oslo og Viken sidan søndag. No er også sjåførar i Vestland, Trøndelag, Rogaland og Finnmark tekne ut i streik. Også Nordland, Agder og Møre og Romsdal er ramma.

Opptrappinga skjedde frå klokka 06.00 laurdag morgon.

Bussjåførane streikar for betre arbeidstidsordningar, høgare lønn og betre tryggleik.

Streikevakter i Bergen
Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Berre nokre få ruter går i Vestland

Vestland er eitt av områda som no får merke streiken. I heile fylket er det berre nokre få enkeltturar i nokre ruteområde som går.

Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø rår folk i Vestland til å følge med på nettsidene til selskapa Skyss og Kringom.

– Vi har begynt å legge ut informasjon på nettsidene vårt og det gjer vi fortløpande. Så følg med der. Der ligg det også informasjon om dei få avgangane med buss som blir køyrt, seier Sønstabø.

Tidlegare i veka sa ho til NRK at ein ikkje bør reisa viss ein ikkje må.

Båtruter, tog, trikk og bybane er ikkje ramma av streiken. Omsyn til smittesituasjonen gjer likevel at folk blir råda til å unngå å bruka Bybanen så langt det er mogleg.

Dei streikande deler ut munnbind for å redusera smittefaren for dei som likevel må bruka kollektivtrafikken som går. I Bergen deler dei ut munnbind på dei største Bybane-stasjonane, og Marit Engeseth fortel at dei får mykje støtte blant folk.

– «Stå på», seier folk, og dei er positive til det me gjer. Men samstundes er dei jo ikkje så glad for at me streikar, og det er jo ikkje me heller. Men dette er noko me er nøydde til å gjera. Me håpar på ein kortvarig streik, og er veldig leie oss for konsekvensane det får for folk, seier Engeseth.

Konsekvensar i Agder og Møre og Romsdal

I Agder blei Kristiansand og Vennesla trefte for fullt i dag. 310 av 410 sjåførar er tekne ut i streik og ingen bussar i Kristiansand går den første veka.

– Vi har blitt lova industriarbeidarlønn sidan 2007, men det blir forbigått på kvart einaste lønnsoppgjer. No må vi setje ned foten, seier streikeleiar i Yrkestrafikkforbundet i Kristiansand, Kjell Holbek.

Busstrafikken i Kristiansand har stoppet helt opp som følge av streiken blant bussjåfører i flere fylker i Norge. I dag inntraff streiken i Kristiansand for fullt.

STREIK I KRISTIANSAND: I dag trefte streiken i Kristiansand for fullt.


I Møre og Romsdal blir det full stans i ni bussruter som selskapet Boreal har ansvaret for i Fræna, Eide, Midsund og Aukra.

Også bussruta mellom Ålesund og Stryn, som bli køyrd av Kringom i Vestland fylke, går ut på grunn av streiken.

All busstrafikk i Rogaland lamma

All busstrafikk i Rogaland er no lamma. Alle bussane til selskapet Kolumbus står over heile fylket. Også flybussane og kystbussen står.

Leiar i Transportarbeiderforeningen i Sør-Rogaland, Inge Vidar Lone seier streiken kan bli langvarig.

– Sist gang det var busstreik, i 1998, varte streiken i fem og ei halv veke. Eg håper ikkje det blir så lenge år. Men signala eg har fått så langt, er at det ikkje har vore kontakt mellom partane i det heile tatt.

Streikande bussjåførar stilte seg opp ved jernbana både i Sandnes og Stavanger for å dele ut munnbind til folk som måtte ta tog i staden for buss.

– Vi liker ikkje streik, vi heller. Men no er det absolutt nødvendig å sette foten ned. Vi forventar at arbeidsgivar held løfta vi har venta på i 13 år, seier Svein Lind, hovudtillitsvalt for Fellesforbundet i Norgesbuss.

Han seier dei møter forståing frå reisande. Ola Rygg møtte opp på Jernbanen i dag tidleg for å ta bussen til jobben på Forus. Han hadde fått med seg at det er busstreik, men trudde det var berre på Austlandet.

– Eg stolar på at dette er noko dei gjer for å betre arbeidsrettane sine, og at det er noko som blir gjort for det kollektivt beste, seier Rygg til NRK.

Ola Rygg skulle tatt bussen til jobb, men er rammet av streik

MÅTTE TA SYKKELEN: Ola Rygg i Stavanger blei for sein på jobb grunna streiken, men har forståing for dei streikande.

Foto: Erik Waage / NRK

1400 streikande i Trøndelag

Streikeleiar for Fagforbundet i Trøndelag, Ole Roger Berg, besøkte streikevakter rundt om i Trondheim laurdag morgon. Mellom 1200 og 1400 tilsette er tekne ut i streik i Trøndelag.

– I Trøndelag er alle organiserte bussjåførar tekne ut i streik. Dei einaste som ikkje er tekne ut i streik, er trikkeførarane. Dei fleste av dei andre tilsette i bransjen, som dei som jobbar i vaskehall og klargjeringshall, er også tekne ut i streik, seier Berge.

I Finnmark er 165 tilsette tekne ut i streik, 45 av desse i Alta. Jan Eriksen, tillitsvalt i Fellesforbundet avdeling Boreal Buss Alta, seier dei vil ha ein meir føreseieleg arbeidsdag.

– Vi kan jobbe inntil 12 timar kvar dag og det er tøft, og det er vanskeleg å få familielivet til å gå opp, seier han.

Jan Eriksen, tillitsvalt i Fellesforbundet avdeling Boreal Buss, Alta.
Foto: Mariam Eltervåg Cissé / NRK

Kan råke heile landet

Partane i konflikten er NHO Transport, på arbeidsgjevarsida. På arbeidstakarsida står Fellesforbundet, Yrkestrafikkforbundet, Jernbaneforbundet og Fagforbundet.

Dei fire forbunda trugar med å ta ut alle medlem, nær 12.000 bussjåførar i heile landet ut i streik. Viss ikkje det blir framdrift.

– Vi har ikkje nokon plan no, men det vil vere naturleg med ei opptrapping på sikt, seier kommunikasjonssjef Tormund Hansen Skinnarmo i Yrkestrafikkforbundet.

Dei streikande bussjåførane får 3.900 kroner i veka i streikestøtte. Unnataket er sjåførane i Fagforbundet som får 70 prosent av vanleg lønn, skriv FriFagbevegelse.