Hopp til innhold

No blir det meir norsk kjøtt på plattformene

Så langt har utanlandsk kjøtt dominert. No vil oljeselskap servere meir norsk kjøtt til oljeplattform-arbeidarane sine.

AKER BP har bestemt seg for servere meir norsk kjøt. Det er mange glade for å høyre.

MEIR NORSK: Aker BP har bestemt seg for servere meir norsk kjøt. Det er mange glade for å høyre.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kvar dag går det med to tonn kjøtt på norsk sokkel, men lite av dette kjøtet stammar frå norske gardar.

Men no blir det endringar – i alle fall for arbeidarane som jobbar for oljeselskapet Aker BP.

Medan 25 prosent av kjøtet dei serverer i dag er norsk, skal dei no auke delen opp til 75 prosent.

– Det er berekraft i å bruke lokale leverandørar. Ikkje minst er det fint å sørge for at vi har leveransetryggleik når kjøttet leverast lokalt, seier direktør for drift i Aker BP, Georg Vidnes, i ei pressemelding.

Han peiker også på at det er god kvalitet på norsk kjøtt, og at dei ønskjer å støtte den norske bonden.

Endringa gjeld frå 1. mai, og det er selskapet ESS som står for lunsj- og middagsmaten til Aker- arbeidarane. ESS serverer dei om lag 400.000 tallerkenar årleg.

Equinor prøver å auke norsk-andelen

Oljenæringa har tidlegare fått kritikk for at dei serverer for lite norsk mat.

Tidlegare landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) har kritiserte næringa og bedt dei om å finne ei løysing for meir kortreist mat.

Les også Krangel om middagstallerkenen på norsk sokkel

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

Også tillitsvalde har kjempa for meir norsk mat på tallerkane sine.

Næringa har sjølv skulda på tollreglane, som gjer at dei kan importere utanlandsk kjøtt tollfritt til norsk sokkel.

Med medan Aker AB snart har ein andel norsk kjøtt på 75 prosent, har Equinor ein lågare prosentdel. Men energiselskapet serverer til fleire: Kring 8 millionar måltid i året til om lag 4000 menneske.

Sidan i fjor har Equinor prøvd å bruke fleire norske råvarer. No utgjer norsk kjøtt 35 prosent av den totale kjøtmengda.

Gisle Ledel Johannessen i Equinor

Gisle Ledel Johannessen i Equinor seier dei prøver å servere meir norsk kjøtt. I dag utgjer norsk kjøtt 35 prosent av det dei serverer.

Foto: Arne Reidar Mortensen

– Vi ønskjer å auke vidare, seier pressetalsmann Gisle Ledel Johannessen.

– Kvifor blir det ikkje servert ein høgare andel norsk kjøtt for Equinor-tilsette offshore i dag?

– Noreg er ikkje sjølvforsynt med kjøtt og vi kjøper i store mengder. Derfor er vi avhengige av import i periodar, seier han.

Men at det er snakk om eit kostnadsspørsmål, avviser pressetalsmannen.

– Det er rimelegare å bruke norsk kjøtt enn å importere. Problemet er leveransetryggleik, seier Johannessen.

Han legg til at dei jobbar med å finne produsentar og varegrupper som kan kjøpast i store nok kvantum og som leverer god kvalitet.

Bondelaget håpar på berre norsk

– Dette er gledeleg nyheiter for norske bønder, og ikkje minst for offshore-arbeidarane i Aker BP som kan sjå fram til å nyte meir norsk kjøtt av høg kvalitet.

Det seier Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag.

Gry Ingvild Agjeld

Gry Agjeld, leiar i Vestland bondelag, seier høg andel norsk kjøtt på sokkelen betyr mykje for næringa.

Foto: Privat

Ho meiner det er berekraftig å velje kjøtt frå norske gardar, og peikar på at det støttar opp om arbeidsplassar i distrikta.

Men Agjeld håper Aker BP og ESS kan gjere endå eit løft:

– Vi får håpe at det er mogleg å auke opp til 100 prosent norsk kjøtt.

Stortingsrepresentant for Venstre Alfred Bjørlo, har også engasjert seg, og reagert på at kjøtt frå andre sida av verda blir importert.

No er han glad for å høyre om endringa Aker BP gjer, og håper andre blir inspirerte.

– Dette synst eg er kjempebra! No fortener Aker verkeleg skryt – og ikkje minst dei tillitsvalde som har løfta saka, seier han.

Bjørlo legg til at han er glad for at selskapet inngår avtaler med små og mellomstore bedrifter med lokal forankring i Rogaland.