– Når vi no endeleg ser framgang, er det svært gledeleg og gjev inspirasjon til fortsette arbeidet, seier Trond Cato Fylling, kokk hjå Equinor og hovudtillitsvald i SAFE.
Sidan 2018 har han og kollega Roger Fimland Maurstad kjempa for meir norsk mat på norsk sokkel.
Neste år vert arbeidet premiert. Då doblar Equinor andelen norsk kjøtt i Nordsjøen.
I dag vert 80 prosent av det serverte kjøttet på norsk sokkel produsert i utlandet.
Forklaringa er at norske oljeselskap kan importere utanlandsk kjøtt tollfritt til sokkelen.
Etter massivt press mot Equinor og andre norske oljeselskap blir det no mindre storfe og lammekjøtt frå Brasil, Argentina, Uruguay og New Zealand.
Stavanger Aftenblad omtalte saka først.
Eit sterk ønske frå tilsette
Kvart år serverer Equinor 8 millionar måltid i Nordsjøen. Dei merkar at dei tilsette spør meir om berekraft.
– Det er ønske om meir grønsaker, eit bevisst forhold til matavfall og bruk av lokale råvarer. Dette er trendar vi ønsker å understøtte, seier pressetalsmann i Equinor, Gisle Ledel Johannessen.
I mai vart oljeindustrien og matindustrien oppfordra av regjeringa om å setje seg saman for å finne løysingar på korleis norskdelen av mat på sokkelen kan aukast.
Bakgrunnen var kritikk frå opposisjonen om at oljeselskapa «snor seg unna normalt samfunnsansvar».
Fagforeiningsleiaren i Industri Energi Equinor kalla det «eit tankekors» at olje- og matindustrien har samanfallande interesser, men at dei likevel ikkje finn kvarandre.
Nye prognosar viser at det norske kjøttlageret passerer 12.000 tonn ved utgangen av året.
Som et strakstiltak har den bondeeide kjøttgiganten Nortura tatt initiativ til å slakte meir kalv.
Har ingen planar om stoppe
Sjølv om det ser ut til å bli ei auke på rundt 100 tonn norsk kjøtt neste år, har Fylling ingen planar om å stoppe.
– Målet er å auke uttaket av norske råvarer, og vi jobbar også mot Forsvaret, seier Equinor-kokken.
Leiar i Fagforbundet for tilsette i energisektoren, Hilde-Marit Rysst, meiner at meir norskprodusert mat på sokkelen er ein vinn-vinn-situasjon.
– Langsiktige avtaler med produsentane er viktige for føreseielegheit for bonden og dertil investeringar til næringa, seier Rysst.
Bøndene jublar
– Det gjer meg veldig glad, seier leiar i Vestland bondelag, Gry Agjeld.
Ho meiner det er eit godt signal til norske bønder om at dei blir prioritert også på norsk sokkel.
– Det er mange gode argument for å velje norskprodusert kjøtt, spesielt med at det er lite bruk av antibiotika og stort fokus på dyrevelferd.