Hopp til innhold

Stortinget vert hasteinnkalla for å vedta straumtiltak

Stortingets presidentskap avbryt «stortingsferien» og kallar inn til ekstraordinært møte i september for å vedta raskare straumtiltak.

Masud Gharahkhani 11

SÅ FORT: – Eit stortingsmøte kan kome så fort man ønsker. Det er ikkje nokon stor utfordring, sa stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) til VG i går.

Foto: Frode Fjerdingstad / Frode Fjerdingstad / NRK

Måndag la Olje- og energidepartementet fram ein tidsplan for arbeidet med å få på plass ein serie tiltak mot straumkrisa.

Planen har fire punkt, fordelt på hushald, næringsliv, kraftforsyning og energieffektivisering (sjå faktaboks for detaljar).

Planen kom etter press frå opposisjonen, som trua med å kalle inn til hastemøte – om ikkje regjeringa sjølv tok grep.

Regjeringa har forklart tidsbruken med at dei vil ha ein «treffsikker ordning» som dei kan vere «tryggje på», med referanse til prispress, inflasjon og høg aktivitet i økonomien.

No vert det hastemøte likevel, i «midten av september». Avgjerda var samrøystes.

– Kraftsituasjonen er alvorleg. Regjeringa tar det på høgste alvor, det gjer også Stortinget. Nå skal vi vise at vi jobbar saman for norske innbyggjarar og næringslivet i den tida vi er i, seier stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap).

Førre gong Stortinget vart samla til ekstraordinært møte var i 2012, etter rapporten om 22. juli vart lagt fram.

Svein Harberg (H) i Stortingets presidentskap seier nøyaktig dato for straummøtet kjem i løpet av «eit par dagar».

Olje- og energiminister Terje Aasland flankert av en høyspentmast til venstre og en demning med lav vannstand til høyre.

Måndag førre veke fekk Olje- og energiminister Terje Aasland frist på éi veke til å levere ein tidsplan for straumkrise-tiltaka.

Foto: ØYSTEIN OTTERDAL / NRK / NTB

Vil ha eit møte så raskt som mogleg

Hasteinnkallinga får blanda mottaking hos opposisjonen på Stortinget, som i ulike variantar og over lengre tid har uttrykt at «det brenn» og at situasjonen er akutt.

– Eg er glad for at presidentskapen følger vårt forslag om å hasteinnkalle Stortinget for å handtere straumpriskrisa. Men møtet burde ikkje vente til september, seier Bjørnar Moxnes (Raudt).

Raudt har tidlegare omtalt planen som «kraftlaus» og «berre prat».

Fungerande leiar i SV, Kirsti Bergstø, uttalte i går at dei ville ha eit ekstraordinært møte i Stortinget «så raskt som mogleg».

Det er bra at regjeringa har komme SV i møte når det gjeld signal om betre straumstøtte til hushaldningane, men det er ikkje tilstrekkeleg for å gjere noko med årsaka til de skyhøge straumprisane, seier Ingrid Fiskaa, SVs representant i presidentskapen, til NRK etter stortingsmøtet.

I den førebelse planen skriv regjeringa at straumstøtta seinast kan leggjast fram for Stortinget i samband med framlegginga av statsbudsjettet.

– Viss ordninga blir lagd fram i statsbudsjettet, vil ikkje bedriftene få avklaring før i desember. Det er ikkje godt nok, sa energipolitiske talsperson i Høgre, Nikolai Astrup, til NRK i går.

Frp-leiar Sylvi Listhaug har i Dagbladet karakterisert «den såkalla tidsplanen» som «eit døme på at regjeringa er heilt handlingslamma når dei skal handtere kraftsituasjonen».