Her heiar pappa Johannes fram til første siger over storebror Tarjei

Med pappa som sekundant fossa Johannes Thingnes Bø inn til sin aller første medalje på seniornivå. Og ikkje minst: Han knuste storebror Tarjei for aller første gong...

Johannes Thingnes Bø fossar inn til NM-sølv med pappa som sekundant

FØRSTE MEDALJE: Johannes Thingnes Bø fossar inn til NM-sølv med pappa (t.h.) som sekundant.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det er faktisk første gong nokon sinne at eg slår han i eit skiskyttarrenn. Så no skal du sjå at det snur - no er det min tur til å slå han heile tida, gliser Johannes Thingnes Bø til NRK.no.

Han er nokre år yngre enn sin meir profilerte storebror Tarjei Bø, og har vore vand til å blå slegen på idrettsarenaen. Men fredag var endeleg scenariet snudd:

Tarjei enda heilt nede på 20. plass - Johannes kunne klatre opp på sigerspallen og ta imot sølvmedalje på NM-sprinten.

- No er han tilbake

Tarjei Bø er på si side eit einaste stort smil når NRK.no ymtar frampå om at hegemoniet i familien kan vere i ferd med å snu.

- Vi diskuterte førre helg at det var hans siste sjanse til å slå meg i eit verdscuprenn denne sesongen. Han vart nok skuffa då han ikkje klarte det - og han er vel desto meir nøgd no, seier han.

– Det er uansett bra at vi fekk medalje i familien. No viser Johannes at han er tilbake der han skal vere, meiner Tarjei Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø

I SENTRUM: Mange ville snakke med Johannes Thingnes Bø etter at NM-sølvet var i boks.

Foto: Rune Fossum / NRK

Artig å vere pappa ringside

NM-sprinten vart vunne av heimefavoritten Lars Berger, 28 sekund framfor Thingnes Bø. Bronsen gjekk til Emil Hegle Svendsen. Alle tre skaut totalt to bom på distansen.

Ein som hadde god grunn til å kose seg i sola var Klemet Bø. Skiskyttarpappaen var sekundant for dei to nordfjordingane, og fekk oppleve Johannes sitt aller første NM-sølv på nært hald.

– Klart det er artig å få oppleve dette. Og det er som han seier sjølv; av og til har ein stang inn. I dag hadde han også god fart i sporet, seier Bø.

No drøymer han om kongepokalen

Sjølv er Johannes Thingnes Bø nøgd med å ta ein skikkeleg revansj frå normaldistansen onsdag. Då enda det med heile ni bom i den vanskelege vinden på standplass.

No siktar han endå høgare:

- No er det jaktstart i morgon, og høyrer det er snakk om at kongepokalen blir delt ut der. Har eg fullklaff, og andre slit litt - så kan alt skje, seier 19-åringen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø og Klemet Bø etter NM-sølvet på Dombås

RINGSIDE: Klemet Bø fekk sjå sonen ta sin første NM-medalje på seniornivå.

Foto: Rune Fossum / NRK

Slik gjekk det med andre lokale

Tarjei Bø både gjekk og skaut dårlegare enn Johannes, og kom på 20. plass med tre bom. Han var 1.52 bak Berger.

Håvard Gutubø Bogetveit måtte også tåle tre bom, og enda til slutt på ein 24. plass, 2.18 bak vinnaren.

Asbjørn Wold frå Vik opna bra med fullt hus på første skyting, men fekk to bom på ståande. Han hamna dermed på ein 26.plass, 2.24 bak vinnaren.

Andre resultat for løparar frå Sogn og Fjordane:

  • Joar Turvoll, Vik IL, 144. plass med seks bom
  • Johan Eirik Meland, Markane IL, 65. plass med tre bom
  • Ole Martin Erdal, Førde IL, 84. plass med fem bom
  • Anders Vonheim, Markane IL, 130. plass med sju bom