Tarjei Bø og Ann Kristin Flatland er utan tvil dei største medaljekandidatane frå Sogn og Fjordane før helgas NM i skiskyting.
Men juniorane Silja Fjærestad Hønsi, Håvard Gutubø Bogetveit og ikkje minst Johannes Thingnes Bø pustar proffane i ryggen og stiller alle til start under meisterskapen.
- LES OGSÅ:
– Forventningane er at eg er med oppe i toppen, og om eg har ein veldig god dag så kan eg ta min første seniormedalje, seier Johannes Thingnes Bø.
– Dårleg form
Han er nett kome heim frå verdscupløp i Russland, der han med imponerande skyting skaffa seg mange verdscuppoeng. Farten i sporet har likevel ikkje vore av det gode gamle slaget, og han trur det skal bli hardt å slå storebror Tarjei.
– Eg har aldri fått opp langrennsforma skikkeleg i år, så eg ser eigentleg meir fram mot neste sesong. No handlar det om å få ut dei siste kreftene som ein har. For min del er ikkje forma til stades, men eg trur me kan sjå ein Tarjei som plukkar med seg kanskje alt som er, seier Thingnes Bø.
Kan slå Tarjei
Storebror Tarjei er påmeldt til normaldistansen på onsdagen, men har i ein SMS til NRK sagt at han ikkje kjem til å stille på onsdagens normalprogram. Veslebror Johannes kjem til å gå alt, og trur han med optimal skyting kan slå broren.
– Om han skyt dårleg, og eg skyt bra, så hoppar eg plutseleg forbi han. Det skal litt til for at me ser det i år, men til neste år kan det gå betre, seier Thingnes Bø.
Sjå Johannes Thingnes Bø si framifrå skyting under verdscupen i Khanty-Mansijsk
Trur på stafettgull
Brørne Bø utgjer sannsynlegvis halvparten av stafettlaget frå Sogn og Fjordane som skal i elden på søndag. Ein annan som håper å få vere med på stafettlaget er Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde, som tidlegare i vinter vann stafetten i junior-VM saman med nettopp Johannes Thingnes Bø.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det er ikkje umogleg at me tek gull. Men stafett er stafett, så det er ingenting som er avgjort før sistemann er i mål, seier Gutubø Bogetveit.
Etter gull i både junior-NM og junior-VM kjenner førdianaren seg sliten, men han har likevel trua på ei topp ti-plassering under NM.
– Eg kjenner at kroppen følast tung, men eg trur eg skal vere i stand til å gjere brukbare løp no til helga. Eg veit jo at seniorane er slitne dei også. Om eg får til skytinga, så kan eg få til ei topp-ti-plassering, seier junioren.
Framtida ser lys ut
Leiar i skiskyttarkrinsen, Leiv Tvinnereim, har også han stor tru på lokal suksess.
– Dei er med og kjempar om medaljar. På herrestafetten kan det bli medalje, men dei må ha full klaff på skytinga om dei skal lukkast, meiner krinsleiaren.
Medan Tvinnereim og krinsen i år må nøye seg med å ha mange outsidere på startstrek, så ser dei lyst på framtida.
– Me har nokre av dei beste juniorane, så det ser bra ut. Men det er hardt å ta skrittet opp til seniornivå, seier Tvinnereim.