Hopp til innhold

«Det var eit gutesprell. Andre er meir opptekne av det enn vi»

Johannes Thingnes Bø hadde håp om NM-medalje før meisterskapens første dag på Dombås. Ni bom sette ein effektiv stoppar for draumen - men han avviser at blotteepisoden har påverka han negativt.

Johannes Thingnes Bø og blotteepisoden

BLOTTA SEG: Johannes Thingnes Bø har fått mykje merksemd for episoden der han blotta seg for Tora Berger saman med Egil Hegle Svendsen.

Foto: Rune Fossum / skjermdump frå ARD-video (montasje) / NR K

– Eg har lest litt om det her og der. Men eg vil ikkje seie at det det påverkar meg, seier Johannes Thingnes Bø til NRK.no

Han har dei siste dagane vore i vinden som følgje av eit stunt saman med Emil Helge Svendsen, der karane blotta seg for Tora Berger under eit renn i verdscupen. Episoden vart fanga av eit kamera frå tyske ARD.

Onsdag var det sportslege prestasjonar som skulle vere i fokus. For med sterke namn som Emil Hegle Svendsen, Ole Einar Bjørndalen, Henrik L'Abèe Lund og Tarjei Bø borte frå startstreken, var det duka for eit oppgjer om NM-gullet blant dei nest beste på normaldistansen - og her var stryningen ein av favorittane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Under verdenscuprennet i skiskyting i russiske Khanty-Mansijsk valgte en tilskuer å dra ned buksa og vise de edlere deler idet løperne passerte. Bilder med tillatelse fra ARD (tysk TV).

Her hopper blotteren opp og ned foran utøverne

Ni bom på standplass

Men med ni bom på standplass enda han på 28. plass - nøyaktig sju minutt bak den uventa vinnaren Vegard Bjørn Gjermundstad frå Alvdal.

– Det vart eit stykke ned på lista. Men når ein ikkje har dagen på standplass, og ikkje har kontroll, då blir det vanskeleg. Det er umogleg å gå inn ni minutt, seier Thingnes Bø til NRK.no.

Thingnes Bø er likevel ikkje skuffa over NM-starten. Han meiner det gjekk bra i sporet. Det lovar bra for resten av NM, meiner han.

– På første ståande var det verkeleg ille. Ein skulle tru at eg ikkje hadde skote ståande før. Eg gjekk såpass greitt i sporet, at eg har tru på resten av NM. Får håpe eg skyt betre, så får vi sjå korleis det går, seier Thingnes Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø på standplass

BOM - BOM - BOM: Johannes Thingnes Bø fekk ikkje klaff på standplass. Han meiner vinden må ta sin del av skulda.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Blottinga øydela ikkje

Overfor NRK.no avviser han at oppstusset rundt blotteepisoden saman med Emil Hegle Svendsen har påverka han i dagane fram mot NM.

– Vi gjorde eit sprell, og det var moro. No har vi lagt det bak oss, seier Thingnes Bø.

Men det er det ikkje alle som har gjort. På Dombås var Thingnes Bø i medias søkjelys. «Alle» ville snakke med den unge stryningen om nakenstuntet i Khanty Mansiysk.

Sjølv tar han det heile med stor ro. Og eit glis om munnen.

– Det var ein gutespøk, og eg trur vel andre har vore meir opptekne av det enn vi, seier han.

Dårleg for løparane frå fylket

Håvard Gutubø Bogetveit vann NM-gull for juniorar tidlegare i vinter, men måtte ta til takke med ein 14. plass når han i dag stilte opp mot seniorane i NM på Dombås.

Med fem tilleggsminutt, tre på liggjande og to på siste ståande, hamna junioren frå Førde fire minutt og 34 sekund bak vinnaren, Vegard Bjørn Gjermundshaug frå Alvdal (ein bom), som også han er junior. Lars Helge Birkeland frå Birkenes (to bom) og Dag Erik Kokkin frå Åsnes (ein bom) tok dei neste plassane.

Gutubø Botetveit vart med det beste løpar frå Sogn og Fjordane.

– Dagsformen var ikkje heilt på topp i dag. Og fem bom var i meste laget til å kunne hevde seg i toppen. Eg trur ein topp ti-plassering er innan rekkjevidde på sprinten, seier han til NRK.no.

– Eg skal angripe og vere offensiv, understrekar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Gutubø Bogetveit

FEM BOM: Håvard Gutubø Bogetveit enda med fem bom på skytinga. Det resulterte i ein 14. plass i NM for sisteårsjunioren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Slik gjekk det med dei lokale

Også dei andre løparane frå Sogn og Fjordane skuffa på standplass og hamna lenger ned på resultatlistene:

  • 35. Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL, sju bom.
  • 48. Asbjørn Wold, Vik IL, ni bom.
  • 53. Ole Martin Erdal, Førde, ti bom
  • 65. Anders Vonheim, Markane IL, ni bom.

Siste nytt

  • Berge-assist da Burnley tok sesongens første seier

    Sander Berge leverte en assist da Burnley tok sin første trepoenger i Premier League med 2-1 i hengekampen mot Luton.

    Berge sto for forarbeidet da Lyle Foster scoret et fortjent ledermål på overtid i første omgang. Luton presset hardt for utligning den siste halvtimen og fikk den ved Elijah Adebayo i det 83. minutt, men ett minutt senere ble innbytter Jacob Bruun Larsen matchvinner for gjestene med et kjempeskudd.

    – Tre poeng i Premier League, det føles fantastisk. Vi måtte kjempe for det, og jeg er stolt av laget for det de viste i dag, sa manager Vincent Kompany til BBC.

    – Vi viste de kvalitetene som ga oss opprykk forrige sesong. (NTB)

    HhLi7d6bTSc
    Foto: AP
  • Ny nedtur for United – audmjuka på eige gras

    Manchester United rota bort leiinga to gonger og tapte 2-3 mot Galatasaray i kveldens meisterligaoppgjer. To mål frå danske Rasmus Højlund (20) var ikkje det nok til å redde Erik ten Hag og United ut av ei stadig djupare krise.

    – Vi har fått ein dritstart i nesten alle turneringar. Vi må samle oss, sjå kvarandre djupt i auga og så skal vi komme ut av dette saman, sa Højlund til TV 2 etter kampen.

    For tyrkarane kunne reise heime med alle tre poenga etter ein til tider kaotisk kamp på Old Trafford, som inneheldt både raudt kort og straffebom.

    – No er Manchester United i «deep shit», kommentert Simen Stamsø-Møller på TV 2 si sending.

    Raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. Innlegget går frå Casemiro til Marcus Rashford som sender ballen presist til Højlund framfor mål.

    Gjestane frå Tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. Den tidlegare United-spelaren Wilfried Zaha får eit hjarteleg gjensyn med Old Trafford og utliknar fem minutt seinare. Han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet.

    Men dette så lenge ut til å bli United sin danske dreng sin store kveld. Først får han eit mål annullert for offside etter sidebyte. Minutta seinare kjem han på ei kontring. Iskaldt lempar han ballen over Fernando Muslera i målet til Galatasaray og United jublar for 2–1.

    Som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. Kerem Aktürkoglu utliknar for Galatasaray berre minutta etterpå.

    Og verre skulle det bli. Gjestane får straffe etter at Casemiro klippa ned Dries Mertens i eigen boks. Med to gule kort blir Casemiro sendt i garderoben.

    United blir i første omgang redda av at Mauro Icardi bommar på mål.

    Men han får sin revansj like etterpå.

    Leverer ein lekker chip frå 15 meter i møtet med Onana, og sender Galatasaray-fansen til himmels.

    Erik ten Hag og United står dermed utan poeng etter to kampar. Galatasaray tar 2.-plassen i meisterligaens gruppe A bak Bayern München som slo FC København 2–1 i Parken i kveld.

  • Oilers opp i rygg på Storhamar

    Stavanger Oilers måtte slite for poengene i den framskutte kampen mot Lørenskog, men Nick Dineens scoring ga 1-0-seier.

    Seieren sender Oilers opp i rygg på serieleder Storhamar. Begge har 15 poeng av 18 mulige etter seks spilte kamper.

    Hjemmelaget dominerte kampen stort og vant skuddstatistikken 56-9, men greide bare en gang å overliste Lørenskog-keeper Anders Iversen Haugum. Det var da Dineen vel halvveis i første periode dro av en motspiller og scoret alene med keeper.

    Oilers måtte forsvare seg med nebb og klør da Anders Tangen Henriksen ble utvist vel tre minutter før slutt og gjestene etter hvert tok ut keeper og spilte seks mot fire.

    Kampen tilhører egentlig neste ukes midtukerunde, men da er Oilers opptatt med CHL-kamp mot tsjekkiske Ocelari Trinec. (NTB)

    Sluttspillet i ishockey: Stavanger Oilers - Storhamar
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste