Hopp til innhold

Nervepirrande sesonginnspurt for Rognsøs tapre menn

Kveldens regntunge oppgjer gir håp i botnen av 1. divisjon. – Marginane vil avgjere, og vi må jobbe så hardt som mogleg for å få dei på rett side, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Terje Rognsø

SPENT: Florø-trenar Terje Rognsø var letta etter å ha tatt skalpen på Nest-Sotra.

Foto: Truls Kleiven

Patrik Johannesen sikra ein sterk og viktig bortesiger mot Nest-Sotra. Og knappa med det ned på forspranget til Strømmen på kvalifiseringsplass.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var uhyre viktig å dra i land desse poenga. Vi fekk igjen kontakt med laga framføre oss og har brote ein trend der vi tykte vi har fått ekstremt dårleg betalt, seier ein letta Terje Rognsø.

– Vere eller ikkje vere

Oppgjeret på ei regntung bane på vindfulle Ågotnes vart ingen stor fotballkamp. Det betyr likevel lite for eit Florø-lag i desperat poengnaud.

– Det var mange utanfor og internt som visste at dette var litt vere eller ikkje vere, seier Rognsø.

– Vi har heile tida visst at ein bør bikke 30 poeng for å halde plassen. No har vi seks kampar att. Eg trur framleis at vi må vinne fire av dei, legg han til.

«Alle» møter «alle»

Med 18 poeng att å kjempe om, skal det ikkje mange feilskjær til før Florø må følgje heisen ned att i 2. divisjon. Til Notodden på trygg grunn, er det fem poeng. Poenget mindre enn til Strømmen, som med nebb og klør held på kvalifiseringsplassen.

Utover dei siste rundane skal alle botnlaga møte kvarandre. Florø har alle på bortebane, to av topplaga på heimebane.

– Det blir spesielt at alle skal møte alle, men uansett er fokus å ta Viking til helga. Vi veit dei har utfordringar på gras, og dei er ein skalp vi gjerne vil ta, seier Rognsø.

– Men er det ikkje ulempe å møte dei andre botnlaga på bortebane?

– Det treng det ikkje å vere. Det står om så mykje at det blir reine sekspoengskampar alle saman. Marginane vil avgjere, så vi må jobbe så hardt som mogleg å få marginane på rett side.

Mange skader

– Dessutan har vi vore betre borte enn heime i haust, med sigrar mot Nest-Sotra og Sogndal, samt uavgjort mot Ull/Kisa. Det er relativt sterke heimelag, held Rognsø fram.

Florø fekk ikkje den beste oppladinga til kampen på Ågotnes. Tidleg i veka slutta Christer Husa seg til ei allereie lang skadeliste.

Vegard Gjermundstad var usikker heilt til kampstart.

– Men det gjer at andre får moglegheita. I dag tykte eg både Torje Naustdal og Lorent Callaku gjorde ein god kamp, seier Rognsø.

I tillegg er sju-åtte spelarar berre eitt gult kort frå karantene.

– Vi veit karantenane vil komme. Vi må berre passe på at ikkje alle kjem til ein og same kamp, avsluttar Rognsø.

Laster innhold, vennligst vent..