Hopp til innhold

Ndure-trenaren tek mogleg rekord-underkjenning tyngre enn Ndure sjølv

Trenar Olav Magne Tveitå tok nyhendet om ei mogleg underkjenning av rekordløpet til Jaysuma Saidy Ndure langt tyngre enn utøvaren sjølv.

Olav Magne Tveitå og Jaysuma Saidy Ndure

SKUFFA: Trenar Olav Magne Tveitå håpar rekorden til Jaysuma Saidy Ndure frå Florø vert ståande.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Dette er berre frykteleg trist, både for utøvarane og for arrangøren, som steller i stand eit fantastisk stemne kvart einaste år. Det er trist, og det er slikt som ikkje skal skje, seier Olav Magne Tveitå, som er trenar for sprintaren Jaysuma Saidy Ndure.

Laurdag sprang Ndure inn til 9,95 på 100 meter under Florø friidrettsfestival. Den offisielle vindmålinga vart oppgitt til å vere ein medvind på 1,9 sekundmeter, noko som er akkurat innanfor grensa av kva som vert godkjent.

Men no syner det seg at denne målinga kan vere feil.

Ndure ser berre framover

Laurdag kveld la Norges Friidrettsforbund ut ei pressemelding på sine nettsider der det stod følgjande:

«Norges Friidrettsforbund har fått dokumentasjon fra Jaysuma Saidy Ndures rekordløp på 100m i Florø, som kan tyde på problemer med vindmålingen under løpet. NFIF vil derfor vurdere om rekordløpet kan godkjennes.»

Ifølgje trenaren tek Ndure hendinga med stor ro.

– Han tok det veldig lett. Eg vart nok mykje meir skuffa enn han. Ndure ser berre framover og vil springe endå fortare, så han tok det ikkje særleg tungt, seier Tveitå.

Også i 2011 fekk arrangørane i Florø refs frå Friidrettsforbundet. Den gongen underkjende dei tidene på 1000 meter under friidrettsfestivalen, då dei meinte det var utilstrekkeleg tidtaking.

(Artikkelen held fram under videoen)

Jaysuma Saidy Ndure satte ny norsk rekord på 100m i Florø med tiden 9,95.

ALT KLAFFA: Jaysuma Saidy Ndure vart klokka inn til 9,95 i finalen på 100 meter under Florø friidrettsfestival laurdag.

Trur ikkje stjernene droppar Florø

Det førte til at både Ingvill Måkestad Bovims tid, som var betre enn gjeldande noregsrekord, samt Thomas Solberg Eides tid, som var under gjeldande norske juniorrekord, vart underkjende.

Årsaka var at arrangøren hadde plassert fotocella for elektronisk tidtaking på ein annan stad enn der sjølve mållinja for 1000-meteren var. Rett før start vart startordninga endra frå delte baner til fellesstart frå strek.

Tveitå trur likevel ikkje desse hendingane vil føre til at store stjerner droppar stemnet i Florø, i frykt for at gode tider som vert oppnådde, blir underkjende.

– Det har eg ikkje noko tru på. Dette er vel slikt som kan skje frå tid til annan, seier Tveitå.

– Men er ikkje dette ting som ikkje skal skje?

– Jau, det er sant, men det er vanskeleg å vite nøyaktig kva som har skjedd. Kanskje var ikkje målaren godt nok festa, eller kanskje hadde han vridd seg på grunn av vinden. det er vanskeleg å seie, seier Tveitå, som sjølv filma rekordløpet.

Meiner stemnet stort sett fungerer bra

– Då var det ingen folk i nærleiken av vindmålaren, så det er vanskeleg å seie, seier Tveitå, som eller rosar stemnet i Florø.

– Dette ser vi berre på som ei uheldig einskildhending. Stort sett fungerer stemnet i Florø veldig bra. Men Florø samlar ofte veldig gode utøvarar og veldig gode prestasjonar, så viss det er noko som har gått feil, så kjem det godt fram i lyset, seier Tveitå.

Han er svært nøgd med kva Ndure presterte i Florø

– Vi er svært nøgde med løpa, og det er i grunnen det som er viktig. Prestasjonen hans i forsøket var minst like god som i finalen. Vi tek med oss det at det fungerte godt teknisk, og at han sprang fort, seier Tveitå.

Neste løp for Ndure vert Bislett Games komande veke.

NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå arrangørane av Florø friidrettsfestival.