Hopp til innhold

Droppa stemne i Roma - sette ny norsk rekord på 9,95

Jaysuma Saidy Ndure prioriterte Florø friidrettsfestival framfor eit stemne i Roma. Det gav ny norsk rekord på 100 meter på 9,95.

Jaysuma Saidy Ndure satte ny norsk rekord på 100m i Florø med tiden 9,95.

NY REKORD: Jaysuma Saidy Ndure jubla over ny norsk rekord på 100 meter.

I kvalifiseringsheatet sprang Ndure endå raskare og vart klokka inn på 9,92, men på grunn av for sterk medvind (+2,3) vart ikkje rekorden ståande.

Men hakket betre vindforhold i finalen gav optimale forhold for Ndure, og dermed sette han på ny ny norsk rekord. Ndure hadde også den førre norske rekorden på 100 meter på 9,99. Den vart sett i 2011 i Lausanne i Sveits.

– Det var eit heilt greitt løp, gliser Ndure etter løpet på Florø stadion.

30-åringen droppa eit stemne i Roma 5. juni for å delta på Florø friidrettsfestival.

– Eg er jo frå Florø, tulla Ndure, som var i kjempehumør etter løpet.

– Eg elskar Florø og publikumet her, seier Ndure.

Jaysuma Saidy Ndure satte ny norsk rekord på 100m i Florø med tiden 9,95.

NY REKORD: Jaysuma Saidy Ndure jubla over ny norsk rekord på 100 meter.

Sette ny personleg rekord

Også det lokale håpet Jostein Joshua Fossøy, som opphavleg er frå Førde, men spring for Florø, gjorde det godt. Med 10,56 i finalen sette han ny personleg rekord.

– Det var utruleg kjekt at det losna, og bra at vi fekk godkjend vind. Eg har venta på det, så dette var godt, seier Fossøy.

Han tykte sjølv at starten på løpet var dårleg, men sluttida var god.

– Eg har trent hardt og sprunge overdistanse. Eg har framdrift og står ikkje og stampar på 60 meter, slik eg har gjort før. No har eg teke til å bli 100 meter-løpar, ikkje berre 60 meter-løpar, seier førdianaren.

Trur det er håp om presse tida ytterlegare

– Når du set rekord så tidleg i sesongen, kva seier det om det som kjem?

– Alt kan skje. Men det er utruleg positivt, og eg merkar på kroppen at det ikkje skal mykje til for å byggje ein topp. Men det er tidleg i sesongen og vi har store stemne att, så det skal vere mogleg å jakte nokre tidelar, seier Fossøy.

Jostein Joshua Fossøy

SVÆRT NØGD: Jostein Joshua Fossøy trur dagens resultat lovar godt for resten av sesongen.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Han legg til at det gjer noko med innsatsen når ein står på startstreken med Norges beste sprintar.

– Ein må vere offensiv og sjå på det som ei moglegheit. Det tykte eg at eg klarte. Det er positivt og veldig inspirerande, seier Fossøy, som dermed er kvalifisert til Bislett Games.

Jays viser god form i Florø. I forsøksheatet løp han på 9,92 som ville vært ny norsk rekord, hvis det ikke hadde vært for sterk vind.