Hopp til innhold

– Vi ynskjer tilsyn og evaluering av Barnevernområdet

Naustdal kommune ber Fylkesmannen om ei ekstern evaluering av barnevernet i kommunen. Dei ber også fylkeskommunen opprette tilsynssak mot barnevernstenesta.

Øyvind Bang Olsen

YNSKJER TILSYN: Rådmann Øyvind Bang-Olsen seier dei har fått mange reaksjonar frå publikum og media.

Foto: Bård Siem / NRK

Kommunen har siste tida opplevd stort fokus mot tenesta i kommunen etter at ein norsk-rumensk familie vart fråtekne borna i fjor haust. Familien vart i sommar attendeført etter ei runde i rettssystemet.

Etter mange og kraftige reaksjonar, ber rådmann Øyvind Bang-Olsen om evaluering og tilsyn av tenesta.

– Vi gjer dette for å betre kunne svare våre innbyggjarar, og for å kunne lære av måten vi som kommune har handtert dette på. Kommunane generelt vil også kunne dra nytte av ei slik evaluering i eige forbetringsarbeid, skriv rådmannen til fylkesmannen.

Har vurdert tilsyn

I kjølvatnet av den mykje omtala barnevernssaka, oppretta fylkesmannen tilsynssak etter at Naustdal avslutta ein avtale med ein besøksheim.

Fylkesmannen har i tillegg vurdert tilsynssak mot barnevernet si handtering av den norsk-rumenske familien, men har til no ikkje sett grunn til å granske saka.

Demonstrasjon mot barnvernet i London

PROTESTAR: Barnevernssaka i Naustdal har skapt store protestar også i utlandet.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side
Hanne Sæbø fylkesmannen

VURDERER: Hanne Sæbø hos fylkesmannen seier dei til no ikkje har sett grunn til å granske barnevernssaka i Naustdal.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Det har vi vurdert frå starten av, men det kan vere at vi på eitt eller anna tidspunkt får opplysningar som seier at vi bør gå inn likevel, seier Hanne Sæbø, seksjonsleiar helse- og sosialavdelinga hos Fylkesmannen.

– Ei klok handling

No kjem altså kommunen fylkesmannen i forkjøpet. Rådmann Bang-Olsen seier at kommunen har fått mange reaksjonar frå publikum og media. Saka har også fått stor internasjonal merksemd.

Saka er underlagt teieplikt og kommunen har av den grunn bede om tilsyn frå fylkesmannen. Dei ber også fylkesmannen vurdere ei uavhengig vurdering av kommunen sitt arbeid og måten dei arbeider i slike saker.

– Vi trur det er ei klok handling å be om ei ekstern vurdering. Det kan vere greitt å få nokon utanfrå til å gå igjennom barnevernet, seier Bang-Olsen til NRK.

– Betyr dette ynsket at de sjølve ser at de kan ha handla feil i saka? Fryktar de utfallet av eit slikt tilsyn?

– Vi stiller oss opne for dei konklusjonar som måtte komme, vi skal lære av dei og skal ta dei til følgje. Vi skal gjere så godt vi kan for å medverke til at undersøkinga blir gjort på ein måte som ein kan ha tillit til.

Mange relevante spørsmål

Rådmannen legg til at han opplever at barnevernet i kommunen har høg integritet og fører skjønn slik dei skal gjere.

Bang-Olsen håpar at ei slik evaluering kan gje innbyggjarane informasjon om korleis barnevernet fungerer.

– Har de fått tilbakemelding som tyder på at tilliten er svekka blant innbyggjarane?

– Vi har fått veldig mange spørsmål i denne saka, og eg tykkjer dei stiller veldig mange relevante spørsmål. Men så er det slik at i ei sak som er underlagt teieplikt så er det ikkje alt det er mogleg å seie

– Men ei ekstern vurdering vil vere med å svare alle dei som har stilt relevante spørsmål til kommunen, avsluttar rådmannen.