Hopp til innhold

Meiner borna vart utsett for vald over fem år

Foreldreparet som er tiltalt for oppdragarvald i barnevernssaka i Naustdal risikerer fengsel i seks år.

Barnevern-demonstrasjon i Romania

PROTESTAR: Barnevernssaka i Naustdal utløyste mange protestaksjonar og krass kritikk mot det norske barnevernet.

Foto: Barnevernsaksjonen si Facebook-side

Det skapte stort engasjement og protestar i ei rekkje land då barnevernet tok hand om dei fem borna til eit norsk-rumensk foreldrepar i Sunnfjord i fjor.

Foreldra har tidlegare erkjent å ha klapsa borna sine ved enkelte høve. I går vart det kjent at Statsadvokaten har tiltalt paret for oppdragarvald mot fire av borna.

NRK har i dag fått tilgang til tiltalen, som omhandlar brot på straffelova paragraf 291 og 282.

Politiet meiner foreldra over ein periode på fem år skal ha klapsa borna ved fleire høve og over fleire stadar på kroppen. Dei meiner også at foreldra skal ha knipe borna i øyre eller overarm fram til borna vart tekne ut av heimen sin i november i fjor.

Uavhengig av politiet si etterforsking, vart alle borna i sommar attendeført med foreldra sine.

Foreldreparet er begge tiltalt for å ha utsett borna for vald, samt for å ha medverka til det. Begge er tiltala for dei same forholda og etter dei same paragrafane. Tiltalen har ei strafferamme på fengsel i inntil seks år.

Mora har erkjent delvis straffskuld.

– Vi hadde håpa på at dette kunne ha vore løyst på ein enklare måte, for eksempel i form av ei tilståingssak. Familien har vore gjennom ei påkjenning med både barnevernssaka og straffesaka, sa Ingrid Breistein, forsvarar til mora, onsdag ettermiddag. Ho har torsdag ikkje ytterlegare kommentarar til saka.

Det har torsdag ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med forsvarar Ragnhild Torgersen, som er forsvarar for barnefaren. Ho var onsdag ordknapp om tiltalen.

I tiltalen blir det også varsla erstatningskrav frå bistandsadvokaten til borna.

– Klienten tar avgjerda til etterretning og vil følge prosessen som dette vedtaket utløyser, sa ho.