NRK Meny
Normal

Naustdal blir granska av Fylkesmannen

Fylkesmannen opprettar tilsynssak etter at Naustdal kommune avslutta ein avtale med ein besøksheim.

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal

NY VURDERING: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, seier kommunen no skal vurdere saka på nytt og gå i dialog med Mortensbakke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den såkalla «Naustdalsaka» har fått mykje merksemd dei siste månadane. I kjølvatnet av denne saka fortalde NRK sist veke om Stein Mortensbakke som ikkje lenger får vere besøksheim. Mortensbakke har kritisert barnevernet i kommunen og kjenner seg utsett for hemn, noko kommunen avviser.

Seksjonsleiar for Helse- og sosialavdelinga hjå Fylkesmannen, Hanne Sæbø, seier at dei vil be om kommunen si grunngjeving.

– På bakgrunn av medieoppslaga som har vore, har vi vedteke å be Naustdal kommune sende oss dokumentasjon i saka som gjeld deira vurderingar og avgjerd om å avslutte dette oppdraget.

Til barnas beste

Stein Mortensbakke gjekk sist veke ut i media og fortalde om saka. Han meiner det er hans kritikk av barnevernet i kommunen som gjer at han ikkje lenger får vere besøksheim.

Sæbø vil ikkje kommentere utspela i saka, og seier dei no skal vurdere om Naustdal kommune har handtert saka i tråd med lovverket.

– Vår oppgåve er å sørge for at kommunane føl lovverket og handlar til barnas beste. Det vil vi no vurdere om har skjedd her og dersom det er snakk om lovbrot vil vi følge opp det med kommunen. I så fall må dei endre rutinane sine.

Kommunen bestemmer

Sæbø fortel at det vil vere opp til kommunen å bestemme om familien kan ta opp att sin funksjon som besøksheim dersom Fylkesmannen vurderer at kommunen si avgjerd om å avslutte forholdet var ulovleg.

– Då må kommunen sjå på kva som er til barnets beste i den situasjonen og ta ei avgjerd.

Vil gjere ei ny vurdering av saka

Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal seier kommunen vil svare fylkesmannen på dei spørsmåla dei har i saka.

Kommunen har også varsla at dei vil gjere ei vurdering av saka på nytt, med bakgrunn i dei tilbakemeldingane Mortensbakke har kome med. Bang-Olsen seier kommunen vil gå i dialog med Mortensbakke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.