Dette skjedde i 1998, eller året då Sogn og Fjordane sist var så sterkt representert i troppen til ein kvalifiserings- eller meisterskapskamp for herrelandslaget i fotball.
– Det er berre heilt fantastisk og utruleg kjekt at vi nok ein gang leverer spelarar inn til A-landslaget. Eg vil gje ros til klubbane våre, no Stryn, Vik og Høyanger, som leverer spelarar via talentklubben Sogndal, seier styreleiar Robert Endestad.
20 år sidan sist
Ti av landets 19 fylke er representert i Lars Lagerbäck sin landslagstropp før VM-kvalifiseringa mot Tsjekkia og privatlandskampen mot Sverige.
Berre Akershus, med sine fem spelarar, er sterkare representert enn Sogn og Fjordane og Rogaland. Begge med tre spelarar.
Fredag kom meldinga om at Per-Egil Flo erstattar Martin Linnes i troppen. Der er allereie Even Hovland og Gustav Valsvik, samt
.- Les også:
– Det er bortimot 20 år sidan sist vi hadde så mange frå vårt fylke inne på A-landslaget. Det viser at det blir jobba godt ute i klubbane, meiner Endestad.
Landslag i fritt fall
Under Frankrike-VM i 1998 var Sogn og Fjordane representert med fire spelarar. Då med tre blad Flo (Håvard, Jostein og Tore Andre) og Frode Grodås. Medan laget då tok seg til sluttspelet etter legendariske 2–1 over Brasil, er stoda ei heilt anna for dagens landslag.
- Les også:
Ved halvspelt kvalifisering er det allereie klart at Norge ikkje blir å finne i Russland 2018. Norge er i fritt fall på FIFA-rankinga, og har sidan 2010 falle frå 12. til 87.-plass.
- Les også: Lagerbäck: – Eg har aldri sagt at eliteserien er dårleg
- Les også: – Vi brukte å vere ein stor fotballnasjon, no skal vi tilbake dit
– Vi får håpe med våre spelarar inn i troppen, så vil Norge klatre raskt på rankinga framover, seier Endestad.
Stor betydning
Krinsleiaren trur det betyr mykje for fotballmiljøet i Sogn og Fjordane at tre lokale spelarar, samt ein eksil-hordalending i Sogndal, er teken ut på landslaget.
– Det viser at det ikkje betyr noko kvar du kjem frå. Jobbar du godt og målretta mot noko, så kan du komme inn på A-landslaget om du er frå Vadheim eller Oslo, seier han og avsluttar:
– Det er det som er så fantastisk med fotballen at det er moglegheiter for alle berre du jobbar godt og lenge.