I april startar arbeidet med å sanera eit av noregshistorias største massedeponi.
Mellom 1940 og 1961 blei alt avfall frå husa i bydelane Gyldenpris og Årstad tømt på Slettebakken.
På sikt ønsker Bergen kommune å skifta ut 15.000 lastebillass med avfall, og dermed fjerna ei omfattande forureiningskjelde.
– Rundt åtti prosent er hushaldningsavfall, men me ventar å koma over nokre overraskingar, seier prosjektleiar i bymiljøetaten i Bergen, Gry Brandin Stenersen.
Olje, bly, sink og kopar
Då ingeniørfirmaet Asplan Viak grov meterdjupe grøfter og undersøkte innhaldet i det gamle deponiet på 2000-talet, dukka for det meste organisk materiale opp. Men også sko, støvlar, porselen og motordelar.
Asplan Viak vurderer at inntil 25 prosent av den finkorna «grauten» av kompostert avfall, jord og oppløyste bitar kan sorterast på staden.
– Me har eit mål om at det estimatet held seg, seier Stenersen. Ho viser til at det uansett er store mengder avfall som skal fraktast vekk.
Men kor det hamnar, veit kommunen enno ikkje. Avfallet skal sorterast og gjenstandar som kan brukast på nytt, skal gå til gjenbruk. Resten må sendast til godkjende deponi.
Fleire stader i jorda er det registrert konsentrasjonar av olje, bly, sink og kopar som overstig indikatoren for farleg avfall.
Miljøgifter lekker ut i vatn
I botnen av Tveitevannet, nokre hundre meter unna, er det funne høge verdiar av den kreftframkallande miljøgifta PCB.
Måling, industrikjemikaliar og motorar er døme på avfall som er funne på Slettebakken.
Grunnundersøkingar viser at grunnvatnet som strøymer ut frå deponiet mellom anna inneheld:
- Olje
- Blyorganiske stoff
- Klororganiske sambindingar
- Tjærestoffet PAH, kreftframkallande stoff som blir danna ved ufullstendig brenning
- Det kjemisk framstilte stoffet PCB, som tidlegare blei nytta i mellom anna fugemasse og maling
– Har ein godkjende mottak i Noreg for alle dei giftige stoffa som er påviste i deponiet?
– Ja, me har godkjende deponi for alt i Noreg, men det har litt med kapasitet å gjera. Me må vurdera kor det til slutt hamnar. Det kan henda det blir i Noreg og i utlandet.
Uvisse mengder farleg avfall
Ifølge ein rapport utarbeidd på vegner av Miljødirektoratet er det ved norske anlegg god kapasitet for behandling av farleg organisk avfall. For behandling av uorganisk farleg avfall som må deponerast, er kapasiteten lågare.
I dag blir dette frakta til NOAH sitt anlegg på Langøya.
Problemet med deponiet i Bergen, er at det vil vera vanskeleg å skilja dei giftige sambindingane frå det organiske avfallet. Årsaka er tiår med avrenning og omdanning.
– Er det snakk om så store mengder uorganisk farleg avfall at kapasiteten ved norske anlegg ikkje vil vera tilfredsstillande?
– Det kan eg ikkje svara på. Me må grava opp og sjå det heile omfanget. Me er pålagde å tenka miljø også her, og me ønskjer ikkje transportera avfall med bil eller båt over lange avstandar. Miljø vil vera ein faktor i utlysinga av entreprisen.
– Men vansken med å skilja det organiske avfallet frå miljøgiftene gjer at ein del anlegg ikkje vil ta imot avfallet, poengterer Stenersen.
Danske aktørar interesserte
Avfall kan i prinsippet flyta fritt over grensene i EØS-området, dersom førarmålet er gjenvinning.
Norsk eksport av farleg avfall går i hovudsak til Sverige, Storbritannia, Danmark og Tyskland.
Fleire norske og to danske entreprenørar har meldt si interesse, opplyser Stenersen.
Entreprenørane som har meldt interesse vil få tildelt gravemassar når grøftegravinga på Slettebakken startar i vår. Etter å ha vurdert innhaldet, vil entreprenørane konkurrera om saneringsjobben, basert på kva løysingar dei skisserer for det omfattande avfallet.
– Det vil vera ein del av konkurransen å finna ut den beste måten å handtera avfallet på.
– Det er snakk om 15.000 lastebillass. Veit de alt no kor avfallet skal gjerast av?
– Me har mange tankar om kvar avfallet skal. Me veit at dette lar seg gjera, men me ønskjer å få entreprenørane med på det me skal utføra. Entreprenørane med kjennskap til sanering veit kanskje betre enn oss kor kostnadene ligg, seier Stenersen.