Hopp til innhold

Det var eit optimistisk og sorglaust samfunn - to generasjonar seinare står problema i kø

ÅRDAL (NRK.no): Det som var eit mønstersamfunn og kalla sosialdemokratiets utstillingsvindauge, har dei siste åra slått store sprekker. Så kom trippeldrapet på Valdresekspressen.

Årdal Verk - Årdalstangen - stempling i 1952

I KØ FOR ARBEID: Rundt 1950 strøymde folk til Årdal for å få seg arbeid. Dette biletet er frå 1952 og er utlånt av Årdal Sogelag.

Foto: Verksposten

– Det vil sjølvsagt ta tid å kome over det som skjedde på Valdresekspressen, vi må stole på at tida iallfall vil lækje nokre av såra, seier John Normann Melheim.

Han var ein av dei som opplevde bussdrapa på nært hald. Og det har vore tøft å vere årdøl den siste tida. I den fredelege industribygda vart tre menneske brutalt tekne av dage i bussen på Holsbru på vegen mellom Øvre Årdal og Tyin måndag den 4. november.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

TRIPPELDRAP: Tre menneske enda sine dagar inne i denne bussen på Holsbru i Årdal 4. november.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Velferd i toppklasse - eit mønstersamfunn

Friluftsbadet i Øvre Årdal

BASSENG NUMMER TO: Dette 50-meters friluftsbadet i Øvre Årdal vart teke i bruk i 1962. Då hadde alt Årdalstangen hatt eit basseng sidan 1955.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Ingvar Laberg

TRUDDE DET SKULLE VEKSE INN I HIMMELEN: Tidlegare rektor og rådmann Ingvar Laberg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Denne dramatiske hendinga kom på toppen av ei rekkje tilbakeslag for Årdal, som er ein av dei mest einsidige industrikommunane i landet. Frå å vere ein kommune som kunne tilby innbyggjarane velferdsgode i toppklassen må lokalpolitikarane no gå hardhendt til verks med sparekniven.

Optimismen var stor rundt 1960. Årdal kommune planla med sikte på at talet på innbyggjarar kom til å nå ein stad mellom 8000 og 10.000, fortel tidlegare rådmann Ingvar Laberg.

– På midten av 1960-talet voks alt, og vi trudde det skulle halde fram å vekse inn i himmelen. Industrien blomstra, og samfunnet vart bygt opp med to tettstader med ein infrastruktur med sikte på mellom 8000 og 10.000 innbyggjarar.

Dermed slit Årdal kommune i dag med store kostnader fordi kroppen ikkje lenger passar til dei kleda det vart investert i fordi føresetnadene har endra seg dramatisk.

– Heile identiteten til Årdal var innretta mot at industrien skulle blomstre og leve, og at vi samarbeidde med verket om å oppretthalde lokalsamfunnet som eit mønstersamfunn.

Elevtalet er halvert

På 1960-talet var Årdal på alle måtar eit ungt, optimistisk og sorglaust samfunn, fortel Laberg.

– Det var eit yrande liv, i ungdomstida mi var det dans onsdag, fredag og laurdag. Berre på Farnes skule i Øvre Årdal var det fire, enkelte år fem klassar. Det var ei enorm myldring av ungar og ungdom i samfunnet.

I dag er elevtalet halvert. Men skulebygningane er like store som då dei vart bygde, og dermed har det vore svært dyrt å modernisere dei.

For Årdal fekk aldri det innbyggjartalet dei trudde på. Toppen nådde dei i 1972 med eit folketal på vel 7500, sidan har det gått nedover, no er det under 5500.

Viktigaste årsaka til det er at Hydro, som overtok aluminiumverket i Årdal i 1986, dei siste åra har skore ned talet på tilsette med mange hundre, slik at det i dag er under 600 tilsette på det som i dag heiter Hydro Årdal Metallverk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogn Avis-kontor på Årdalstangen

FYLGJER MED: Journalistane på lokalkontoret til Sogn Avis på Årdalstangen har fylgt nedgangen Årdal har gjennomlevd dei siste åra.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei unge reiser ut

Samstundes har Hydro drive med beinhard kostnadsreduksjon. Det har gått kraftig ut over mindre serviceverksemder som har levert tenester til verket, seier Jan Egil Fimreite. Han har sidan 1980 fylgt utviklinga som journalist i avisene Sogn Dagblad og Sogn Avis.

– Dei slit enormt i dag. Bedrifter som hadde mellom 50 og 60 tilsette er no nede i 10-15 fordi Hydro i stor grad tek hand om vedlikehald sjølv. Eit anna problem er at lærlingar som Hydro tek inn kanskje ikkje får jobb etter lærlingtida.

Resultatet er ei raskt aldrande befolkning.

– Dei unge som reiser ut for å ta utdanning kjem i stor grad ikkje tilbake. I visse årskull er det fleire årdalsungdommar i oljerelatert næring i Stavanger enn det er i Årdal, seier Fimreite.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elevar ved Årdal vidaregåande skule

TRIVST GODT, MEN REISER UT: Desse elevane på Årdal vidaregåande skule vil ut og ta utdanning, men nokon av dei kjem kanskje tilbake. Frå v. Yvonn Lingjerde, Nantika Nord, Mari Jevnaker, Alexander Mjølver, Chindanal Chailangka og Marie Telle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei unge reiser ut

Ein prat med elevar ved Årdal vidaregåande skule stadfestar inntrykket av at dei unge i Årdal vil ut av heimbygda for å ta utdanning, men dei ser ikkje bort frå at dei kjem tilbake på eit seinare tidspunkt.

Eg går på industriteknologi, og draumen er å kome ut i oljebransjen som industrimekanikar. Men Hydro i Årdal er eit alternativ. Vi har det bra her i Årdal, alle kjenner alle, fortel Alexander Mjølver.

Sonja S. Hestetun

OPTIMIST, TRASS ALT: Pedagogisk leiar Sonja S. Hestetun ved Årdal vidaregåande skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg vil flytte til Bergen og ta utdanning med tanke på å hjelpe andre, kanskje innan helse. Dei fleste venene mine vil ut og ta utdanning, men vi er samde om å flytte tilbake når folk skal etablere seg, seier Yvonn Lingjerde.

Nantika Nord vil også ut av bygda for å utdanne seg.

– Eg trur det blir innan helse. Eg vil oppleve verda i ein del år framover. Så spørst det om det er noko tilbod til meg her i Årdal når eg er ferdig utdanna.

– Det svingar fort i Årdal

Pedagogisk leiar Sonja S. Hestetun ved Årdal vidaregåande skule stadfestar at svært mange av elevane som går ut frå skulen etablerer seg andre stader i landet.

– Det er mange som flyttar ut no. Dei tek fagbrev eller høgare utdanning andre stader, og så blir dei verande der. Eg hadde håpa at fleire kom heimatt, og at vi faktisk har jobbar å tilby dei, hus har vi.

Men ho er likevel optimist med tanke på framtida.

Jan Egil Fimreite

- GUBBESAMFUNN: Årdal er i ferd med å bli eit samfunn der det er uforholdsmessig mange pensjonistar, seier journalist Jan Egil Fimreite.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi er vane med at det svingar fort her i Årdal, så vi håpar det snur oppover att denne gongen og. På skulen jobbar vi med elevane med tanke på at dei skal bli entreprenørar, for det trengst nytenking i næringslivet i Årdal. Folk må prøve å tenke at det går an å gjere noko anna enn å jobbe på Hydro.

Eit gubbesamfunn

Journalist Jan Egil Fimreite meiner Årdal er i ferd med å bli eit gubbesamfunn. Svært mange tidlegare Hydro-tilsette har teke tidlegpensjon.

– Tidlegare var det slik at dei som vart pensjonistar etter å ha jobba på Hydro sidan dei var 18 år flytta heimatt der dei ein gong kom frå, til Jostedalen, Sunnfjord eller kvar dei no kom frå. I dag blir pensjonistane verande i Årdal.

Dette vil etter kvart bli ei stor utfordring for ein kommuneøkonomi som alt i dag er svært dårleg. For det tidlegare mønstersamfunnet som hadde råd til det meste har no hamna på den såkalla ROBEK-lista. Dette er ei slags «svarteliste» over kommunar som får restriksjonar m.a. på låneopptak.

Miste selskapsskatten

For ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) fører dette til at han og dei andre politikarane må ta stilling til ei lang rekkje innsparingstiltak som kan kome til å svi for innbyggjarane.

Han peikar på at inntektene til kommunen vart kraftig redusert etter at selskapsskatten frå Hydro gjekk rett i statskassa i staden for til kommunen.

– I tillegg har vi investert mykje i to skular og to samfunnshus og ein del andre føremål, og kommunane er blitt pålagde fleire oppgåver. Det gjer at økonomien er trongare enn før.

Han trur årdølene forstår at kommunen ikkje kan gje same tilboda som ein gong i tida.

– Innbyggjarane kan hjelpe

For medan kommunen slit økonomisk så er det framleis jamnt over privat velstand i Årdal. Det aukande talet pensjonistar, mange av dei relativt unge pensjonistar, har god råd.

Tidlegare rådmann, no pensjonist Ingvar Laberg meiner innbyggjarane i Årdal toler å betale litt meir for dei kommunale tenestene enn dei har gjort til no.

– Det er heilt på det reine at min generasjon truleg aldri har hatt det betre enn vi har det no. Det finst framleis kommunale avgifter og kostnader der det er potensial for at folk kan hjelpe kommunen til å kome raskare på føtene att.

– Hydro ikkje lenger samfunnsaktør

Ingvar Laberg meiner kommunen for lenge lente seg mot den store hjørnesteinen i kommunen - Hydro. Han seier at Hydro i langt mindre grad enn før opptrer som ein samfunnsaktør.

– Maktsenteret er i endå større grad flytta frå Årdal til hovudkontoret deira på Vækerø i Oslo. Dei tenestene som låg rundt det å produsere aluminium er bortimot avskala. Det vi såg på som eit sterkt og tett samarbeid mellom to likeverdige partar er no eit meir forretningsmessig samarbeid der Hydro i langt mindre grad tek samfunnsansvar.

Midt oppe i det heile har Hydro kravd å få tilbake betalt rundt 80 millionar kroner konsernet meiner å ha betalt for mykje i eigedomsskatt til Årdal kommune. Det har vekt sterke reaksjonar i Årdal, seier Laberg.

– Det blir aldeles feil å køyre eit slikt løp mot ein samarbeidspartner. Heilt uavhengig av om det i etterkant kan påvisast mindre feil i utrekningane så blir det opplevd som eit svik og eit åtak mot eit lokalsamfunn som alt strevar.

Eit anna døme på at Hydro ikkje lenger gir ved dørene er innføring av nettleige på straumen til årdølene, som tidlegare hadde svært rimeleg straum.

– Årdal kommune blir ikkje lenger sett på som ein samarbeidspartner av Hydro, men som ein kunde, seier Laberg.

Han seier at det framleis er stor harme i Årdal over at Hydro valde å prøve ut ny teknologi på Karmøy i staden for i Årdal, der teknlogien er utvikla.

– Tek samfunnsansvaret alvorleg

Informasjonsdirektør Halvor Molland i Norsk Hydro seier at Hydro tek samfunnsansvaret sitt svært alvorleg.

Ingvar Laberg

- HYDRO IKKJE LENGER SAMARBEIDSPARTNER: Tidlegare rådmann Ingvar Laberg meiner den store industriverksemda ikkje lenger tek det samfunnsansvaret dei tok før.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Halvor Molland

MÅ FÅ NED KOSTNADENE: Informasjonsdirektør Halvor Molland i Norsk Hydro.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

– Vi arbeider kvar dag for å trygge verksemda vår og dei tilsette. Grunnlaget for å utøve dette ansvaret er at vi driv og vidareutviklar berekraftige verksemder som vinn fram i den globale aluminiumindustrien.

Molland peikar på at Hydro sidan finanskrisa i 2008 har levd med historisk låge prisar på aluminium og med sterk konkurranse.

– I denne situasjonen er det avgjerande å betre kostnadsposisjonen vår for å ta vare på konkurranseevna. Det har vore heilt nødvendig for å halde oppe verksemda vår.

Måtte legge ned i Australia

Han viser til at norske verk har gått føre og sett ein ny standard for berekraftig drift og forbetringsarbeid.

– Dette har gjort at vi har halde oppe storparten av vår verksemd i Norge i ei krevjande tid. I Australia måtte vi i fjor stenge eit aluminiumverk på same storleik som Årdal Metallverk. Der vart meir enn 500 tilsette og eit tilhøyrande lokalsamfunn råka.

Informasjonsdirektøren meiner det trass alt er visse grunnar til optimisme med tanke på framtida til norsk aluminiumindustri.

– Utsikter til eit komande kraftoverskot i Norden og stabile rammevilkår har opna for at vi no vurderer ei vidareutvikling av vår verksemd i Norge, mellom anna med eit mogeleg pilotanlegg på Karmøy og framleis teknologisatsing i Årdal.

Opptur, så ny nedtur

Årdal er eitt av dei mest einsidige industrisamfunna i landet. Det er lagt ned ein god del arbeid i å prøve å få fleire bein å stå på. Kommunen fekk ein kortvarig opptur frå 2006 då dørfabrikanten Dooria med god starthjelp vart etablert på Årdalstangen med 60 arbeidsplassar.

Og i 2008 kom Norsun, som produserer komponentar til solcellepanel. På det meste var det 233 tilsette.

Men Dooria gjekk dundrande konkurs i 2011. Norsun måtte skjere ned talet på tilsette med 33 ved årsskiftet 2012/2013 og slit i ein vanskeleg marknad. Ikkje alle i Årdal kjenner seg trygge på kor lenge dei har desse arbeidsplassane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kronprinsparet i Årdal.

EIN OPPTUR: Kronprinsparet var gjester då solcellefabrikken Norsun vart opna i 2008.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Trur framleis på aluminium

Tidlegare rådmann Ingvar Laberg seier at kommunen i for lang tid lente seg for einsidig på den eine store hjørnesteinen - aluminiumindustrien. Men ordførar Arild Ingar Lægreid har framleis tru på aluminium.

– Aluminium er eit produkt som vil bli produsert i verda i overskueleg framtid. Det er viktig for Årdal å satse på å behalde denne flotte industrien som vi har hatt sidan krigen.

– Eg vil jobbe for at vi greier å utvikle Hydro vidare i Årdal. Men det blir ikkje fleire arbeidsplassar av det, det handlar om å sikre det vi har for ei litt lengre framtid.

Han har god tru på at dei om ikkje lenge skal få på plass etableringar som kan få plass i det tomme Dooria-bygget på Årdalstangen.

(Artikkelen held fram under videoen)

AP-bastionen Årdal fekk 80 millionar til omstilling som blant gjekk til dørfabrikken Dooria. 
Høgre meinte regjeringa pressa på for å stoppa eit opprør i ein Arbeiderparti-bastion.
No legg fabrikken ned produksjonen..

Doria konkurs

– All grunn til å vere optimist

John Normann Melheim

ER OPTIMIST: John Normann Melheim trur det snart kjem ein opptur for Årdal kommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

John Normann Melheim er tidlegare bedriftsleiar og sit og i formannskapet i Årdal. Han meiner det har vore dårleg grobotn for gründerar i Årdal.

– Dette har vore undervurdert i mange år. Vi har ikkje historie for å fostre mange gründerar. Vi har meir vore det ein fleipete kan kalle eit lønsposesamfunn der folk ser fram til den 20. i kvar månad.

Men Melheim meiner det dei siste åra har vore arbeidd godt med tanke på å dyrke fram ny vekst i næringslivet i Årdal, og han er optimist.

– Det er all mogeleg grunn til å vere optimist, om ikkje lang tid vil det kome informasjon som vil vise at vi kan hauste endå meir av det omstillingsarbeidet som er gjort enn det vi har sett til no.

Asylmottak mot kommunens vilje

Ei etablering som kom i sommar var Årdal Mottakssenter, ei etablering som kom trass i at Årdal kommune sa nei. I løpet av ei veke vart mottaket fylt opp med 140 asylsøkjarar, dei vart spreidde på mange hus både i Øvre Årdal og på Årdalstangen.

Den 4. november gjekk ein av desse asylsøkjarane på bussen i Øvre Årdal, væpna med ein kniv. Etter vel eit kvarter enda ferda på Holsbru. Der enda også livet til tre menneske, sjåføren Arve Kvernhaug frå Bagn, og passasjerane Brahim Khouya frå Göteborg og Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Minne om Margaret Molland Sanden

VART DREPEN: Margaret Molland Sanden (19) blir minna på Årdal vidaregåande skule, der ho var elev til i vår.

– Framleis tøft

John Normann Melheim var mellom dei første som kom til drapsstaden på Holsbru. Han slit framleis med å sette ord på det han opplevde.

– Eg hamna midt opp i veldig traumatiske ting, eg opplevde kanskje meir enn det eg kan tillate meg å meddele omverda, med tanke på at det er tragiske utfall som dei pårørande skal få informasjonen om rett veg. Men det var tøft, og det er framleis tøft.

(Artikkelen held fram under videoen)

Drapa på Valdresekspessen i går har sjokkert folk i bygda.
Tilsaman tre personar vart drepne på bussen som var på veg til Oslo. Trippeldrapet ombord i Valdresekspressen i går kveld preger lokalsamfunnet i Årdal. Flere titalls vitner har vært inne til avhør, men gjerningsmannen er overført til Sandviken sykehus i Bergen for utredning av den psykiatriske helsetilstanden hans.

Sorg i Årdal etter trippeldrapa

– Heile lokalsamfunnet i sorg

For ordførar Arild Ingar Lægreid kom tragedien på Valdresekspressen midt oppi arbeidet med eit svært vanskeleg budsjett for 2014. Dette arbeidet måtte han berre legge til side då trippeldrapet skaka samfunnet den 4. november.

Som leiar av kriseteamet til kommunen fekk han hendene fulle, ikkje minst med å svare alle journalistane som strøymde til Årdal. Han meiner årdølene har takla det som skjedde på ein verdig måte.

– Heile lokalsamfunnet har vore i sorg i lag med dei pårørande, det ser vi tydeleg på det som skjer utanfor rådhuset med tenning av lys. Det er ei stille og eit samhald som er godt å kjenne på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erna Solberg i Årdal

STATSMINISTERBESØK: Erna Solberg var i Årdal 16. november for m.a. å vise si medkjensle. Til høgre varaordførar Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Berre éin gjerningsmann

– Årdal har vore eit trygt samfunn, er det nokon som kjenner seg mindre trygge etter det som skjedde?

– Det vil eg nok tru, men vi må kome oss gjennom dette i lag, og samfunnet vårt er bygt opp på tillit, og det må vi ha om vi skal leve i eit fritt samfunn.

Lægreid trur at dei 150 asylsøkjarane er i sorg på same måten som dei andre innbyggjarane i Årdal.

– Det var berre éin gjerningsmann, og han må sjølvsagt ta si straff. Dei andre asylsøkjarane har ikkje vore involverte i hendinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asylsøkjarar i Årdal

YNSKJER GRANSKING: Årdal kommune vil ha ein gjennomgang av måten storsamfunnet planlegg og driv asylmottak på. Dette biletet er frå eit møte med asylsøkjarar då statsminister Erna Solberg var i Årdal 16. november.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Må ta dugnadsånda til hjelp

Så er spørsmålet: Kva får det dramatiske som har skjedd å seie for framtida i Årdal? John Normann Melheim trur dugnadsånda i Årdal vil vere til stor hjelp.

– Det vil sjølvsagt ta tid, og det er ikkje sikkert vi greier alt åleine. Kanskje det må til eit godt gamaldags dugnadslag der gjerne statlege etatar som ikkje har oppført seg slik vi har ynskt så langt blir med.