Hopp til innhold

Folketalet stuper i Årdal

Nedgangstider fører til store utslag i folketalet. Sjå kven som fleire og færre innbyggjarar.

Øvre Årdal mars 2013

NEGATIV TREND: Øvre Årdal og resten av kommunen misser innbyggjarar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det lek i begge endar i Årdal. Alderssamansetjinga i kommunen fører til at det er fleire som døyr enn som blir fødde (minus 15). Samstundes var det 48 fleire som flytta frå Årdal enn til. Ved utgangen av mars var det 5458 innbyggjarar i Årdal.

Ordførar Arild Ingar Lægreid seier at dei jobbar kvar dag for å snu utviklinga.

– Det er ei utvikling som eg ikkje ynskjer. Vi gjer det vi kan for å behalde og skape arbeidsplassar, men det er ikkje så lett i desse tider med den tunge og langvarige krisa i heile Europa, så vi må slite oss gjennom dette.

(Artikkelen held fram under biletet).

Arild Ingar Lægreid

HAR FRAMTIDSTRU: Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Har framleis tru på Hydro

Han trur ei av årsakene til den store fråflyttinga er at mange av underleverandørane til Hydro har kutta i talet på tilsette.

Det store håpet for Lægreid og årdølene er at Hydro byggjer ut Årdal Metallverk, men akkurat no tyder ikkje så mykje på at det er nært føreståande. Men ordføraren har slett ikkje mist trua.

– Det har vi tru på, og vi jobbar heile tida for det, og eg trur det vil kome på eitt eller anna tidspunkt, men det er ikkje tida for det akkurat no.

Sidan 1. januar 2011 har folketalet i Årdal gått ned med 143 frå 5601 til 5458.

Hyllestad med stort minustal

Men Årdal er ikkje åleine om å ha ei negativ folketalsutvikling i Sogn og Fjordane. I alt 14 kommunar hadde nedgang. Verst prosentvis var det for Hyllestad, der det gjekk ned med 18 til 1410. Nesten like ille er det for Solund, der folketalet fall med sju til 835, i Balestrand var det minus 12 til 1325.

(Artikkelen held fram under biletet).

Førde frå stien mot Eikåsnipa

AUKAR STADIG: Førde er oppe i 12.600 innbyggjarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Plusstal i ti kommunar

To kommunar har uendra folketal siste kvartalet, medan ti kommunar kunne notere ein auke. Førde auka mest med 41 til 12.600, Flora med 36 til 11.733, Sogndal med 26 til 7503 og Leikanger med 11 til 2266.

For Sogn og Fjordane under eitt vart det eit lite minus. Folketalet i fylket gjekk ned med fire til 108.696. Det var eit fødselsoverskot på 31, men med ei netto fråflytting på 35 vart det nedgang totalt.