Hopp til innhold

Årdal inn på ROBEK-lista

Eit underskot på over ti millionar kroner i 2012 gjer at Årdal kommune hamnar på Fylkesmannen si ROBEK-liste for aller første gong.

Arild Ingar Lægreid

TØFFE TIDER: Ordførar Arild Ingar Lægreid er budd på tøffe tider framover etter at kommunen hamnar på den såkalla Robek-lista.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Robek er den statlege svartelista over kommunar som må spørje staten om lov for å ta opp lån.

I Årdal har dei lenge visst at dei må få økonomien på stell for å unngå å bli meld inn i Robek, men det har dei altså ikkje klart.

Dette blir smertefullt, vedgår ordførar Arild Ingar Legræid.

– Vi er jo klare over at ting har teke litt tid, og vi har ikkje klart det vi hadde tenkt å gjere. Så prosessen blir nok endå meir smertefull, seier ordføraren til NRK.no.

Frå før er kommunane Vik, Bremanger og Flora inne på lista.

Har jobba for å unngå lista

Tala frå fjorårsrekneskapen bør vere skremmande lesnad for årdølane. Med 10 millionar i minus i fjor og oppsamla underskot frå 2011 på 15 millionar, ryk dei rett inn på fylkesmannen si verstingliste, ROBEK-lista.

Allereie på seinsommaren i fjor varsla Fylkesmannen at dei ville bli meld inn i registeret om dei ikkje følgde opp sin eigen plan for å dekkje inn underskotet frå 2011.

Etter planen skulle Årdal redusere driftsutgiftene med åtte millionar kroner i 2012, men i revidert budsjett hadde dei berre greidd ein reduksjon på mellom 2,5 og tre millionar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utsikt over Øvre Årdal

SVARTELISTE: Når Årdal kommune no hamnar på Robek-lista betyr det at Fylkesmannen må godkjenne budsjett og økonomiplan, og i tillegg må kommunen få alle låneopptak godkjent av Fylkesmannen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Verst av alle

Seniorrådgjevar Kåre Træen hos Fylkesmannen hadde venta at Årdal skulle klare å hente inn gamalt underskot. Men i staden toppar sognekommunen lista over kommunane med størst underskot i fylket.

– Dei hadde eit underskot på 15 millionar kroner i 2011, og etter planen skulle dei dekkje inn åtte millionar i 2012.

– I staden går det den vegen at dei kjem ut med eit underskot på ti millionar i 2012, og om det går slik det er vedteke i kommunestyret blir Årdal meld inn i Robek-registeret, seier Træen.

Budd på tøffe tider framover

I Årdal har kommunepolitikarane kutta med hard hand for å unngå Robek-lista. Den ein gong så rike kraftkommunen har aldri tidlegare vore i ein slik situasjon, og før jul gjekk kommunestyret inn for å kutte lønsbudsjettet for 2013 med 15 millionar kroner. I praksis vil det råke 60 tilsette i heil- og deltidsstillingar.

Men kommunen hamnar no likevel på Robek-lista. Medan dei fleste andre kommunane i Sogn og Fjordane går med store overskot, innser Årdal-ordføraren at dei må leggje heilt om på drifta i åra framover.

– Den store utfordringa er at vi driv for dyrt, og det er ikkje ukjent for verken politikarar, innbyggjarar eller tilsette i Årdal.

– Vi må seinke driftsutgiftene våre i åra framover, seier Lægreid.

Og utfordringane vil ligge i kø.

– Det er berre å ta tak og gjere det vi kan for å få ein kommuneøkonomi som gjer at vi greier overskot kvart år. Då vil vi få meir fridom enn vi vil få i ein periode framover, seier Lægreid til NRK.no.