Hopp til innhold

Vurderer å seie opp «varslaren»

Jarle Kirketeig har fått varsel om at Fellesforbundet vurderer å seie han opp.

Jarle Kirketeig

KAN FÅ SPARKEN: Jarle Kirketeig har fått brev om at Fellesforbundet vurderer å seie han opp etter at han gjekk ut i media med mobbehistoriene sine.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg veit ikkje om det går an å bli meir fortvila enn det eg allereie er – og har vore i lengre tid. No er eg van med å bli behandla på denne måten, seier Jarle Kirketeig til NRK.no.

Fekk vurdering av oppseiing i posten

Saman med fleire andre tilsette har Kirketeig gått ut i media med historier om alvorleg mobbing og trakassering frå styreleiar Magne Ulvatn ved Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

No har han fått brev frå Fellesforbundet. Dette er eit utdrag av teksten:

Vi vurderer å avslutte ditt arbeidsforhold ved oppsigelse. Før det treffes endelig beslutning i saken, vil vi drøfte spørsmålet med deg, jf. arbeidsmiljøloven § 15-1. Du innkalles herved til møte...

Bjørn Martin Kormeseth, nestleiar i Fellesforbundet avd. 019

Ingen frå Fellesforbundet vil uttale seg

Det er tre noverande og tidlegare tilsette og fleire tillitsvalde i Fellesforbundet som har skulda Ulvatn for mobbing og trakassering.

– Det var overdriven kontroll, mistenkjeleggjering og utskjelling i plenum. Det gjekk på sjølvkjensla laust, fortel Jan Olav Gjerde.

– Eg har opplevd ein leiar som har brote meg ned både psykisk og fysisk, seier Kirketeig.

NRK har ved gjentekne høve prøvd å få kommentar frå Magne Ulvatn sjølv, utan å lykkast. Heller ingen andre i Fellesforbundet har ønskt å uttale seg i saka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Martin Kormeseth i Fellesforbundet.

STENGDE DØRENE: Bjørn Martin Kormeseth og leiinga i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane hadde krisemøte bak lukka dører, etter at fleire tilsette i forbundet har stått fram med historier om mobbing og trakassering.

Foto: Bård Siem / NRK

– Kven er det største problemet?

Det var Kirketeig som først gjekk ut i media med saka si, og no har svaret frå Fellesforbundet komme i form av ei vurdering av arbeidsforholdet.

– Eg kjem ikkje til å godta oppseiing, seier Kirketeig.

– Då hamnar gjerne saka i retten ...?

– Ja, men eg får håpe at forbundet går inn og hjelper meg, no då. Eg har tidlegare gjeve konkrete eksempel på lovbrot ifrå avdelinga hos arbeidsgjevar – utan at det blir gripe tak i, seier Kirketeig.

Han held fram:

– Spørsmålet er kven som er det største problemet her; den som lagar problemet, eller den som seier ifrå, seier Kirketeig.

Video Mobba av fagforeiningsleiaren