Hopp til innhold

Sandnes har ikkje tillitt til styret

Eit ekstraordinært årsmøte må avgjere om dommen i Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane skal ankast. Det meiner tidlegare leiar Atle Reidar Sandnes.

Årsmøte i Fellesforbundet bak lukka dører

ÅRSMØTE: Sandnes meiner eit ekstraordinært årsmøte må avgjere om saka skal ankast. Biletet er teke frå årsmøte i mars i år.

Foto: Inge Kjell Holme

Kleven Maritime - Atle Reidar Sandnes

IKKJE TILLIT: Tidlegare leiar i Fellesforbundet avdeling 19, Atle Reidar Sandnes har ikkje tillit til styret.

Foto: Malene Vilnes / NRK

– Styret kan ikkje åleine avgjere om saka skal ankast, seier Sandnes.

I tingrettsdommen som kom tysdag vert det slått fast at den valde leiaren Magne Ulvatn har stått bak omfattande trakassering av ein tilsett i avdelinga.

Det er framleis ikkje avgjort om Fellesforbundet kjem til å anke saka. Sandnes meiner at det må vere opp til eit eventuelt årsmøte å avgjere dette. Han seier at han ikkje har tillit til at styret skal ta denne avgjersla.

– Ein er komen inn i ei felle med gruppetenking der Ulvatn har sett altfor mange av premissane, seier Sandnes.

Kan vere inhabil

NRK er kjent med at juristar i LO-systemet no ser på om alle medlemmene i styret kan vere med å behandle saka, eller om den må avgjerast av avdelinga sitt høgste organ, som er årsmøte

Både nestleiar Bjørn Kormeseth og styremedlem Svein Hatlevoll vitna til støtte for Ulvatn i rettssaka, noko som kan bety at desse to ifølgje regelverket er inhabile.

– Ingen grunn til å anke

Jan Olav Gjerde og Oddbjørn Aalen under rettssaka Jarle Kirketeig vs. Fellesforbundet

GÅ VIDARE: Jan Olav Gjerde ser ingen grunn til at saka bør ankast.

Foto: Bård Siem / NRK

Ordførar i Hyllestad Jan Olav Gjerde, som tidlegare har jobba som organisasjonsarbeidar i avdelinga og som også har skulda Ulvatn for trakassering, meiner det ikkje er grunn til å anke dommen.

– Denne dommen tek ein til etterretning og så går ein vidare, og brukar ikkje meir pengar på dette, seier Gjerde.

Magne Ulvatn ønskjer ikkje å kommentere saka.