Hopp til innhold

Fleire titals innbyggjarar sjuke: Kan gå dagar før kommunen finn ut kvifor

ASKØY RÅDHUS (NRK): Kommunen mistenkjer at ein bakterie i drikkevatnet har gjort fleire titals innbyggarar sjuke. Førebels held skular og barnehagar opent.

Askøy rådhus kokevarsel

ÅTVARING: Her på rådhuset på Askøy sit kommunen sin krisestab samla til møte fredag morgon.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Klokka 08 fredag morgon møttest krisestaben i Askøy kommune for å diskutera vegen vidare i den alvorlege saka om drikkevatnet.

I formannskapssalen på rådhuset på Kleppestø, bak hovudinngangsdøra med kokevarsellapp i vindauget, sat Askøy sin rådmann, ordførar, smittevernoverlege, legevaktsjef og vatn- og avløpssjef samla.

Kommunen sin vassjef, brannsjef, ein brannkonstabel, kommunalsjef, kommunikasjonssjef og ein kommunikasjonsrådgjevar var også med for å diskutere situasjonen.

Fredag føremiddag opplyser kommunen at 18 personar er innlagde på Haukeland universitetssjukehus og over 50 personar har vore til legevakt med symptom som feber, diare og magesmerter.

Fredag opplyser kommunen til NRK at dei denne morgonen tek nye og utvida prøvar av vatnet i Kleppe vannverk.

– Desse prøvane vil bli sendt til Moss for analyse. I dag får vi svar på dei første prøvane vi har teke, men det er ikkje sikkert bakterien vi har mistanke om blir fanga opp på dei prøvane, seier leiar for vann og avløp i kommunen, Anton Bøe.

Kleppe vannverk på Askøy

VATN TIL 15.000: Kleppe vannverk på Askøy forsyner mellom 10.000 og 15.000 av innbyggjarane i øykommunen i Hordaland.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Mistenker forureining på nettet

Kommunen ventar svar på dei utvida vassprøvane tysdag i neste veke. Bøe vil ikkje seie kva bakterie dei mistenkjer kan ha gjort innbyggjarane sjuke.

Mellom 10.000 og 15.000 innbyggjarar får drikkevatnet sitt frå Kleppe vannverk sør på Askøy.

Ordførar Terje Mathiassen seier dei også ventar prøvesvar laurdag og søndag. Smittevernoverlege Thomas Hetland seier prøvane undersøker ein bakterie som gir mage- og tarmsjukdom.

– Vi veit enno ikkje kva dette kan vere, men vi reknar med at dette er ein bakterie og ikkje eit virus. Kva som kan ha forureina drikkevatnet veit vi heller ikkje. Det kan vera døde dyr, fjørfe, men det er sjølvsagt også sjanse for at det kan kome frå andre kjelder enn vatn, seier Hetland.

På ein pressekonferanse klokka 10 forklara Anton Bøe i vann- og avløpsetaten at ei eventuell forureining i vatnet kan ha kome ute på sjølve nettet.

- Vi har ein teori om at sannsynleg kjelde kan vera eit høydebasseng, der det kan vera innlekking av vatn. Vi kan også ha lekkasje på ein leidning, slik at det i teorien kan ha komt avløpsvatn inn. Vi må kartlegge dette, forklarar Bøe til pressen.

Stenger ikkje barnehagar eller skular

Ordføraren seier at det er godt nok å koke vatnet. På spørsmål om kva dei gjer med skular og barnehagar, svarar Mathiassen at dei er informert om situasjonen.

Difor held skular og barnehagar sør på Askøy opent som normalt fredag. Samstundes hamstrar innbyggjarane vatn i butikken. Coop Extra på Kleppestø senter fortel til NRK at dei er tomme for vatn, men har bestilt inn 1500 liter som kjem i løpet av dagen.

Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen seier det er pasientar i ulik alder som er lagt inn på Haukeland universitetssjukehus.

– Førebels kan vi ikkje kommentere tilstanden på enkeltpasientar, men vi forstår at det er stort informasjonsbehov i denne saka. Vi kjem tilbake med meir informasjon i løpet av føremiddagen, seier Vigander.

Haukeland universitetssjukehus oppmodar eldre og barn, samt personar med andre sjukdommar, om å kontakte lege ved symptom.