Hopp til innhold

Miljøministeren om Hordfast: – Eg har tatt nok ferje i mitt liv

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier han er positiv til dei fleste bruprosjekt, og støttar arbeidet med å få ned kostnadane for det omstridde Hordfast-prosjektet.

Hordfast-bru over Bjørnafjorden (illustrasjon)

POSITIV: – Hordfast har veldig mykje godt føre seg dersom ein kan få ned kostnadsnivået, meiner klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Statens Vegvesen

For første gong sidan Rotevatn blei klima- og miljøminister i januar, uttalar han seg om eit av dei mest omstridde samferdsleprosjekta i Noreg.

Hordfast-prosjektet er det største og dyraste delprosjektet av Ferjefri E39.

– Eg har tatt nok ferje i mitt liv til å vere positiv til dei fleste bruprosjekt, skriv han i ein e-post til NRK.

– Venstre står bak gjeldande Nasjonal transportplan (NTP), og vi støttar arbeidet som er sett i gang med å få ned kostnadane på Hordfast.

Den siste kalkylen frå Statens vegvesen er 36,7 milliardar kroner.

Sveinung Rotevatn

LEI AV FERJER: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) ønsker å bytta ut ferjer med bru.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Kommenterer ikkje klimaspørsmål om Hordfast

NRK har spurt statsråden om kva for rolle Klima- og miljødepartementet har i vurderinga av miljøkonsekvensane for prosjektet.

Mellom anna har fylkesmann Lars Sponheim, også han Venstre-mann og tidlegare statsråd, tidlegare karakterisert Hordfast som det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid.

Rotevatn kommenterer ikkje klima- og miljøspørsmåla knytt til planane.

– Klima- og miljødepartementet som fagdepartement gir uttale i ei rekke samferdslesaker i det interne regjeringsarbeidet. Men det er samferdsleminister Knut Arild Hareide som er ansvarleg statsråd for arbeidet med neste NTP, så for spørsmål om prioriteringar der, medrekna realisering av Hordfast, viser eg til han, skriv Rotevatn i e-posten til NRK.

Lars Sponheim foran ferge

KRITISK: Fylkesmann Lars Sponheim i Vestland meiner Hordfast vil skada sjeldne naturverdiar og vera i strid med mål om nullvekst i biltrafikk.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Naturinngrep

Hordfast er planlagt som ein firefelts motorveg på ei rekordlang flytebru sør for Bergen og gjennom kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og Stord. Prosjektet vil knytte Stavanger, Haugesund og Bergen-regionane tettare saman.

Då Rotevatn fortalde om sine partileiarplaner på Litteraturhuset i Bergen laurdag, gjentok han begeistringen for bruar.

– Eg har reist nok på Vestlandet til å vere ganske lei av ferjer. Eg er glad i svele og kaffi, men eg er også glad i å komme fram når eg har tenkt.

På direkte spørsmål om Hordfast gjentok han at det er viktig å gjere prosjektet billegare.

– Hordfast har veldig mykje godt føre seg, dersom ein kan få ned kostnadsnivået.

Men både fylkesmannen og miljøorganisasjonar har hevda at ei slik utbygging vil gjera stor skade på unike naturtypar og artar, særleg ein internasjonalt verdifull og sjeldan regnskogtype med utryddingstruga mose- og lavartar på Reksteren på Tysnes.

Dessutan peikar dei på at Hordfast vil gi ein stor trafikkvekst med pendling inn til Bergen, i strid med nasjonale målsetjingar om nullvekst i biltrafikken i dei store byane.

– Kan bremsa viktig klimateknologi

Ein annan Venstre-mann, Atle Hamar, var statssekretær i Klimadepartementet før Rotevatn overtok som minister. I desember i fjor sa Hamar til VG:

– Vestlandets prestisjeprosjekt Ferjefri E39 blir for dyrt og kan bremsa viktig klimateknologi. Dei største og dyraste prosjekta må diskuterast først. Me treng heller pengar til rassikring og å bygga tunnel mellom ferjene.

I etterkant understrekar Hamar at han ikkje uttalte seg som statssekretær, men som leiar i Venstre sitt rassikringsutval.

Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet

HELLER RASSIKRING: Atle Hamar i Venstre meiner Ferjefri E39 blir for dyrt og kan bremsa viktig klimateknologi.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vestland er lunkent

I Vestland fylke er Venstre med i eit breitt fleirtalssamarbeid. I april i år ville dette fleirtalet verken nemna eller prioritera Hordfast i sitt forslag til fylkets innspel til Nasjonal transportplan (NTP) for dei tolv åra 2022–33. Det vekte sterke reaksjonar.

Både statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Knut Arild Hareide snakka varmt for Hordfast-utbygginga.

To veker seinare, i fylkestinget 12. mai, endra Venstre og dei andre fleirtalspartia standpunktet sitt. Då sa dei ja til å prioritera Ferjefri E39 som nummer to på lista, men framleis let dei vera å nemna Hordfast med eitt ord.

Stortingsmeldinga om ny nasjonal transportplan blir lagt fram neste år.