Hopp til innhold

Miljødirektoratet: Gruveselskapet kan sleppe ut to tonn SIBX i fjorden

Miljødirektoratet vil tillate å sleppe ut to tonn av kjemikaliet SIBX i Førdefjorden kvart år. – Dei speler russisk rulett med fjorden, seier Naturvernforbundet.

Ytre Førdefjorden - Vevring og Engjabø
Foto: Sindre Skrede / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal på Vestlandet har skapt sterk motstand blant miljøaktivistar.

Grunnen er at 140 millionar kubikkmeter restmasse frå prosjektet skal dumpast i Førdefjorden.

Førdefjorden vart vedteken som nasjonal laksefjord i 2007.

I juni 2020 fekk Nordic Mining innvilga driftsløyve, etter år med demonstrasjonar og aksjonar på fjellet, der folk mellom anna lenka seg fast til anleggsmaskinar.

No, eit halvt år seinare, er dei planlagde årlege utsleppa av kjemikaliar betydeleg redusert – frå 1972 tonn til 9 tonn.

Medrekna to tonn sodium isobutyl xanthate (SIBX). Kjemikaliet vert brukt til utvinning av kvitningsstoffet rutil, som mellom anna blir brukt i tannkrem, måling og fiskepudding.

– Russisk rulett med artsrik fjord

– Vi har redusert produksjonsnivået, og klarer no å ta ut mineral enklare enn kva vi såg for oss. Det er den store nøkkelen til denne endringa, seier Ivar Fossum, leiar i Nordic Mining.

Det er framleis ikkje godt nok, meiner Naturvernforbundet.

– Problemet er det som skjuler seg bak tala. Miljødirektoratet spelar russisk rulett med ein rein og artsrik fjord, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Ho kallar det ei «ei kjempeutfordring» at Miljødirektoratet har tillate dette, og varslar at dei vil klage på tillaten.

Ivar Fossum i Nordic Mining er ikkje samd i det.

– Det har over lang tid vore gjennomført grundige prosessar, og norske myndigheiter har konkludert med at dette er trygt for miljøet.

Han legg til at selskapet også ser på moglegheiter for å kutte klimagassutslepp frå gruva, mellom anna ved å tørke minerala utan bruk av naturgass.

Ivar Fossum i Nordic Mining
Foto: Oddmund Haugen / NRK

– I sum så er dette betre for miljøet

Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet har og vore kritiske og åtvare om negative miljøkonsekvensar.

Seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Harald Sørby, forsvarer vedtaket.

– Då dei først søkte, var det eitt stoff vi måtte ha meir informasjon om, og vi gav ikkje løyve. No har Nordic Mining gått tilbake og lagt om drifta si. I sum så er dette betre for miljøet, fordi det er mindre risiko for å belaste miljøet, seier han.

I 2016 måtte heile 17 politikonstablar og brannvesen rykke ut for å klippe laus aksjonistane som hadde lenka seg fast over vegen.

Sigrid Losnegard i Natur og ungdom meiner reduksjonen viser at det er mogleg å drive enda meir miljøvenleg.

– Kanskje er det eit plaster på såret, men dette er framleis ikkje ei god løysing. Deponi er ein gammaldags måte å handtere avfall på, seier ho.