Får driftsløyve til omstridd gruve: Motstandarane rasar – forkjemparane jublar

Nordic Mining har fått løyve til å drive gruvedrift på Engebø i Førdefjorden. Prosjektet er svært omstridd og det kan bli nye aksjonar med sivil ulydnad.

Ytre Førdefjorden - Vevring og Engjabø

RUTIL OG GRANAT: Engebøfjellet i Sunnfjord inneheld store mengder av dei verdifulle minerala rutil og granat.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Det er Direktoratet for mineralforvaltning som i dag har gitt gruveselskapet driftsløyve, melder Nordic Mining til Oslo Børs.

– Eg er veldig glad for at vedtaket er så tydeleg og positivt som det har kome i dag, seier toppsjef i selskapet, Ivar Fossum.

Løyvet som er gitt er ikkje tidfesta, men skal ifølgje selskapet reviderast etter ti år.

– Det er eit veldig viktig vedtak som tilfredsstiller dei strenge krava som myndigheitene stiller, når det skal startast opp ny bergverksdrift. Både med omsyn til den faglege kompetansen og miljø, alt det eit slikt prosjekt påverkar.

– Veldig tryggleik

Fossum meiner at dette er eit langt steg nærare oppstart av den omstridde gruvedrifta.

– Dette gir ein veldig tryggleik for at vi kan gå vidare og jobbe mot byggjestart og produksjon. Det er ei utruleg viktig stadfesting og vi har venta på denne avklaringa.

Det har vore fleire aksjonar mot gruvedrifta i Vevring, særleg fordi det er planlagt å sleppe avfall ned på botnen av Førdefjorden. Såkalla fjorddeponi.

Fleire demonstrantar har mellom anna lenka seg fast til anleggsmaskiner i området.

– Vi er glade for at planane våre for gruvedrifta på Engebø blir støtta av direktoratet, seier prosjektleiar Kenneth Nakken Angedal i børsmeldinga.

Tidlegare ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang (Ap), er ein av dei som har jobba hardt for å få til det store gruveprosjektet.

Håkon Myrvang

HEIST FLAGGET: Tidlegare Naustdal-ordførar Håkon Myrvang heiste flagget for å feire at Nordic Mining fekk driftsløyve.

Foto: Privat

– Det var flott at konsesjonen kom no, slik at ein kan kome vidare og finansiere opp prosjektet og få det starta. Dette er ein stor dag og eg har heist flagget, seier Myrvang.

Laster kart, vennligst vent...

Vil aksjonere igjen

Men sjølv om sjefane i Nordic Mining er glade, er det slett ikkje tilfelle for motstandarane av gruveprosjektet.

– Eg reagerer sterkt på dette. Vi har lokalbefolkning, fiskarar og miljørørsla som kjempar imot, seier leiar i Raud Ungdom, Alberte Brekkhus.

I 2016 måtte ho betale eit førelegg på 10.000 kroner etter å ha vore med på aksjonar mot gruvedrifta.

– Det gjer eg gjerne igjen. Vi er klare til å bruke sivil ulydnad, seier Brekkhus.

– Mørk dag for naturen

– Dette er ein skikkeleg mørk dag for naturen, miljøsaka og for alle som har kjempa for å ta vare på Førdefjorden, seier partileiaren for MDG Une Bastholm.

Stortingsrepresentanten meiner at dette vedtaket syner at Noreg treng ein ny naturpolitikk.

– Vi står midt i ei naturkrise som er like alvorleg som klimakrisa. Dette prosjektet burde aldri vore godkjent.

Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken, meiner at næringsministeren no må gripe inn mot løyvet som er gitt.

– Våre reine friske fjordar er ingen avfallsplass for gruveselskapa. Vi reknar med at løyvet blir anka inn for regjeringa og då har næringsministeren frå Venstre moglegheit til å stoppe prosjektet, seier Haltbrekken.

Gaute Eiterjord og Torgeir Vestre aksjonerte på Engebøfjellet

PROTESTAR: Gaute Eiterjord og Torgeir Vestre aksjonerte på Engebøfjellet i 2016.

Foto: Amanda Iversen Orlich