Hopp til innhold

Meir likbrenning gjer at norske krematorium «går varme»

Kjøleproblem og krav til reinsing gjer at norske krematorium har problem med å halde tritt med kremeringstrenden.

Krematoriet i Kristiansund

HALVPARTEN: Innan 2025 vil halvparten av dei som døyr i Noreg bli kremerte. Det blir dyrt, og kanskje umogleg å handtere, viser nye framskrivingar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kostnadene til frakt av døde er meir enn dobla sidan 2013. Det viser ei ny oversikt i Grav24.

Hovudforklaringa på dei auka utgiftene er «kremeringstrenden», og at vegen kan vere lang til næraste krematorium. Staten sponsar båretransporten om avstanden til «næraste naturlege gravplass» er meir enn 20 kilometer.

På nittitalet vart mindre enn ein tredel av alle døde nordmenn kremerte. Innan 2025 vil kremasjonsprosenten krysse 50 prosent, og det er venta at den «vil stige endå brattare» i tida etter.

Kremasjon har i norsk samanheng gått frå «teologisk uforsvarleg» til ein praksis av nødvendigheit då kyrkjegardane i Kristiania var overbelasta ved inngangen til 1900-talet.

Hundre år seinare gjer plassmangel, økonomi og miljøomsyn at kremasjon er ønskt politikk.

Meir bruk av kremasjon er bra, fordi det gjer at graver kan gjenbrukast på ein meir effektiv måte. Det sparer samfunnet for ressursar og bevarer areal til andre formål, seier Randi Moskvil Letmolie, som er avdelingsdirektør i KA.

Men dei siste åra har kremeringstrenden vorte innhenta av sin eigen popularitet.

kremasjonsovnen i Vestre krematorium før 1930.

Kremasjon har i norsk samanheng gått frå «teologisk uforsvarleg» til ein praksis av nødvendigheit då kyrkjegardane i Kristiania var overbelasta ved inngangen til 1900-talet.

Foto: Narve Skarpmoen/Nasjonalbiblioteket

Behovet er 50.000, kapasiteten er 28.000

Framskrivingar viser at Noreg må handtere 50.000 kremasjonar årleg i 2060. Det er 76 prosent meir enn kapasiteten til norske krematorium i dag.

Ifølgje rapporten «Kremasjonsverksemda i Noreg» er det ikkje nok krematorium i Noreg, «verken på kort eller lang sikt».

Per i dag finst det 25 krematorium i Noreg, som ifølgje rapportar har vore overbelasta.

Ved døgnkontinuerleg kremasjon oppstår eit kjøleproblem, seier ein leverandør av omnar til Grav24.

I tillegg gjer krav til reinsing det kostbart å lage krematorium med større kapasitet enn 200 kister i året.

Les også Av jord er du kommet

Morten Jøntvedt mot grav

Vi nærmar oss kapasitetsgrensa, seier Anne Bjordal Jønsson, som er leiar for Gravplassmyndigheten i Bergen.

Bergen har i dag ein av dei høgaste kremasjonsandelane i Noreg, og handterer kremasjonar for størstedelen av Vestland fylke.

Jønsson seier dei «kan auke kapasiteten noko ved lengre arbeidsøkter», men at det er «grenser for kva omnane toler».

Behovet er aukande. Spørsmålet er kor «taket» er.

Møllendal Krematorium

– Vi nærmar oss kapasitetsgrensa, seier Anne Bjordal Jønsson ved Møllendal krematorium i Bergen (bilete).

Foto: Norsk forening for gravplasskultur

Vi treng fleire krematorium over heile landet

I sitt innspel til Koronakommisjonen understrekar KA at talet på krematorium er eit sårbart punkt i norsk beredskap.

Dessverre er ikkje kremasjonskapasiteten god nok i møte med framtida. Vi treng fleire krematorium over heile landet. Utfordringa er at dei er dyre å byggje og at kommunane ikkje har plikt til å tilby kremasjon, seier KA-direktøren.

I 2014 tilrådde den offentlege utgreiinga «Lik og likskap» å gi kommunane sterkare insentiv til å byggje krematorium.

Ni år seinare har lovforslaget om å likestille kremasjon med kistegravlegging ikkje vorte noko av.

Hadde det vorte lytta til utgreiinga, ville vi hatt heilt andre økonomiske insentiv til å finne fram til ein formålstenleg krematoriestruktur. No bråvaknar vi til konsekvensane av at tilfeldigheitene har fått rå, seier Bjarne Kjeldsen, som har skrive rapporten «Krematorievirksomheten i Noreg».

Han viser til at Gravplasslova er tydeleg når det gjeld ansvar for kistegraver, men at ansvaret for bygging og drift av krematorium ikkje er forankra på same vis.

No er det teikn til at småkommunar som ikkje har hatt tradisjon for kremasjon byrjar å spørje etter praksisen. Dersom dette set fart, kan det få veldig uføreseielege konsekvensar, seier han.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe ifbm Spydeberg-sak

– Eg er merksam på rapportane som peikar på moglege kapasitetsutfordringar for krematoria, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Foto: Tom Balgaard

Statsråden: Vi vil trenge større krematoriekapasitet

Stortinget vedtok i fjor endringar i gravferdslova som opnar for «forsøk som avvik frå lova, typisk nye gravferdsformer som blir mogleggjorde ved hjelp av ny teknologi».

Døme er frysetørking, hurtigkompostering og «resomasjon», ein slags kremasjon der vatn og lut erstattar flammane.

Les også Lovendring opnar for å koke døde kroppar i lut

Vannkremasjon

Den norske gravferdslova sorterer under Barne- og familiedepartementet.

Eg er merksam på rapportane som peikar på moglege kapasitetsutfordringar for krematoria. SSBs befolkningsframskrivingar viser at vi vil trenge større krematoriekapasitet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Ho viser til at gravplassane er eit lokalt ansvar, men det høyrer til departementet å vurdere om det er behov for tiltak for å møte utfordringa med kapasitet på krematoria.

Regjeringa har ikkje teke stilling til ei slik vurdering. Behovet for regelendringar og økonomiske konsekvensar må uansett greiast ut nærare.

Video Pacemaker

Regelen er at det på alle tidspunkt skal vere ledige graver tilsvarande 3 prosent av befolkninga i ein kommune.

Foto: Nyhetsspiller