Hopp til innhold

Lovendring opnar for å koke døde kroppar i lut

Endring i gravferdslova opnar for «flammelaus kremasjon» der kroppane vert løyst opp i vatn og lut.

Vannkremasjon

FRÅ JORD HAR DU KOMME, TIL VÆSKE SKAL DU BLI: Prosessen som løyser opp de døde kallast alkalisk hydrolyse. Metoden omtalast også som vasskremasjon.

Foto: Bio-Response Solutions

Stortinget har vedteke endringar i gravferdslova som opnar for «forsøk som avvik frå lova, typisk nye gravferdsformer som blir mogleggjorde ved hjelp av ny teknologi».

I praksis betyr det at det no er fritt fram for «resomasjon», ein slags kremasjon der vatn og lut erstattar flammane.

Blandinga vert varma opp til 160 grader, og etter tre til fire timar er alt blautvev i kroppen løyst opp i væska. Før denne vert skylja ut i avløpet, blir ho tilsett syre som nøytraliserer pH-verdien.

Løysinga kan teoretisk sett også brukast som gjødsel.

Attende i badet er knoklar (og protesar), som kan få plass i ei urne for bisetjing på gravplassen.

Protesar og implantat vert ikkje øydelagde i prosessen, og kan brukast på ny.

Åste Dokka

NULL STRESS: Teolog og Vårt Land-kommentator Åste Dokka ser ikkje noko problematisk med vasskremering frå «ein reint teologisk ståstad».

Foto: Adrian Nielsen/Vårt Land

Nyttar ein sjudel av energien

Vasskremasjon er ein av fleire nye, grøne og «eco-vennlege» metodar for «avhending», som fleire stader tvingar seg fram på grunn av plassmangel, økonomi og miljøomsyn.

Direktøren i selskapet som utvikla «basebad-metoden», Sandy Sullivan, seier at deira alternativ berre nyttar ein sjudel av energien som blir brukt i vanleg kremasjon, og at karbonavtrykket blir redusert med ein tredel.

Tidlegare fredsprisvinnar og kyrkjeleiar Desmond Tutu vart «vasskremert» i desember. Grunngjevinga var mindre klimaavtrykk.

Desmond Tutu

GJEKK FOR LUT OG VARMT VATN: Tidlegare fredsprisvinnar og kyrkjeleiar Desmond Tutu vart «vasskremert» i desember. Grunngjevinga var mindre klimaavtrykk.

Foto: MIKE HUTCHINGS / Reuters

Nøydde til å sjå på nye løysingar

– Gravplassektoren er nøydde til å sjå på nye og innovative løysingar. Og investeringane er langt mindre enn for eit tradisjonelt krematorium, seier Alf Bergin, som er redaktør for fagbladet Gravplassen.

Metoden er likevel omstridd. Blant høyringsinstansane som protesterte mot lovendringa er Hå kyrkjelege fellesråd på Jæren.

I eit høyringsfråsegn skriv dei at «nye måtar å gravleggje og handtere avdøde på er eit etisk dilemma» og at grensa for kva som er verdig går før vasskremering.

Frå kyrkjeleg hald har også frysetørking (video under) og hurtigkompostering vore stempla som makabert.

Bergen kyrkjelege fellesråd, på si side, støttar den nye lova.

– Vi er positive til nye måtar å handtere leivningar etter menneske på så lenge det er forsvarleg av klimaomsyn og varetek respekten for den avdøde, seier Anne Bjordal Jønsson, leiar for gravplassmyndigheten i Bergen, til avisa Dagen.

I Promatoren blir den døde behandlet med flytende nitrogen.

Vibrasjoner gjør at kroppen blir til pulver.

Disse frysetørrede bitene av gris viser hva som blir igjen av menneskekroppen. Bitene legges så i en nedbrytbar kiste.

Frå jord har du komme, til væske skal du bli

Teolog Åste Dokka er kommentator i den kristne avisa Vårt Land, og har skrive doktorgrad om oppstandelsen.

Ho seier til NRK at «den symbolske samanhengen mellom jordpåkasting og det å bli til faktisk jord er allereie broten i og med moglegheita for vanleg kremasjon» og at ho ikkje ser noko problematisk med vasskremering frå «ein reint teologisk ståstad».

– Om du blir eten av ei løve, mumifisert i ei myr, kistegravlagt eller vasskremert, så er håpet om den kroppslege oppstandelsen akkurat like gyldig. Om Gud kan gjenreise oss etter døden, så er ikkje forfatninga til dei fysiske restane av oss noko hinder, seier ho.

Olav Fykse Tveit er preses og fremst blant biskopane i Den norske kyrkja.

– Det har ikkje vore ei eiga drøfting av nye metodar for kremering i Bispemøtet, men det er vel i hovudsak grunn til å ha same vurdering av dette som for kremering slik det har skjedd til no, seier han.

Vannkremasjon

HELST KREMERING: Gravplassundersøkinga frå 2018 gjer eit poeng av at nye kistegravplassar «nesten alltid fører til tap av matjord» og at det er stor samfunnsøkonomisk gevinst ved at fleire vel kremering.

Foto: Resomation

Vasskremasjon er i dag i bruk fleire stader i USA og Canada, og fleire europeiske land har signalisert at dei ynskjer å ta i bruk same metode.

Den offentlege utreiinga «Lik og likskap» (2014) slår fast at «kremasjon og gravlegging er eit offentleg ansvar og skal vere utan kostnad for dei etterlatne».

Per i dag kostar det likevel opp mot 8000 kroner å bli kremert i Noreg, medan kistegravlegging er gratis.

I Sverige er kremeringsprosenten nesten dobbelt så høg som i Noreg (80 mot 46 prosent).