Hopp til innhold

– Eg trudde eg hadde drepe han

Aktor ber om eitt år fengsel etter 17. mai-valden i Bergen. Tiltalte seier at han følte seg trua etter frikjenninga i den såkalla gruppevaldtektssaka.

Ein mann i 20-åra slår til ein mann i 60-åra på Strandgaten i Bergen natta etter 17. mai

SLO NED: Dent tiltalte mannen i 20-åra sparka ein mann i 30-åra medan han låg på bakken. Den tiltalte slo også ned ein mann i 60-åra, som kom mot han. Tiltalte skal også ha dytta ei kvinne.

Foto: Skjermdump

Eg trudde eg hadde drepe han. Eg berre såg han låg der, seier tiltalte.

Han forklarte at hendinga natt til 18. mai i år, i Strandgaten i Bergen, kom som eit sjokk for han. Han seier det han har sett på videoen, som eit vitne filma, «ser heilt forferdeleg ut».

Videoen sende sjokkbølger gjennom Noreg, dagen etter nasjonaldagen. Denne viser at den tiltalte dyttar to personar over ende. Ein tredje person prøvde å roe ned situasjonen, men blei slått med stor kraft i ansiktet.

Mannen blei tiltalt, og har tilstått. Tysdag gjekk saka i Hordaland tingrett.

Der forklarte mannen at den mykje omtalte gruppevaldtektssaka i Bergen ligg som eit bakteppe til valdshendinga 17. mai.

Aktor Camilla Moe bad om eitt års fengsel for tiltalte, der to månader er på vilkår.

Sjå video av hendinga her. NRK åtvarar om sterke bilete:

En person slår tilsynelatende ned flere personer i Bergen.

Ein person slår tilsynelatande ned fleire personar i Bergen.

Bad om rabatt

Forsvarar Erik Johan Mjelde seier det er ingen tvil om at handlinga er alvorleg.

Han meiner det har ein effekt at tiltalte har tilstått, og at dette skal gi strafferabatt på minst ein månad.

– Eg vil også at retten tenker kva det gjer at ein lever i to år med frykt for å gå ut døra. Du må tole å bli tiltalt, trua, kva gjer det med folk, seier Mjelde.

– Eg meiner retten kan legge til grunn at den belastninga som er beviseleg, har hatt ei viss betydning for hans reaksjonsmønster. Eg meiner det skal ha formildande betydning, seier Mjelde.

Han ber om rabatt på ein til to månader for dette.

Han ber om at tiltalte blir sett på mildast moglege måte, og meiner rett straff er mellom fire og fem månader vilkårslaust fengsel, etter frådrag.

Følte seg trua

Mannen er ein av mennene som blei frikjent i gruppevaldtektssaka. I retten forklarte han at saka prega ham.

– Eg blei dømt før det ein gong begynte, seier han.

Den 17. mai hadde tiltalte ikkje våga å gå ut, og hadde tatt kokain for å mote seg opp.

Han seier han gjennom dagen fekk kommentarar om gruppevaldtektssaka frå personar han ikkje kjente.

«Er ikkje du han 'rapisten'»,skal ein av kommentarane ha vore.

Ute med vener hadde han drukke alkohol og tatt meir kokain.

Om valdshendinga seier han at han ikkje kjente igjen dei han slo.

Eg hugsar eg slår. Handa knytt. Eg slo ikkje for å skade. Alt eg tenkte var «kom dykk vekk».

Etter han hadde slått ned mannen i 60-åra, gjekk tiltalte vekk frå staden, og ville skade seg sjølv. Han forklarte at han lenge har slite psykisk.

Tiltalte seier han er sjuk, og seier han får hjelp.

Advokat Erik Johan Mjelde.

Advokat Erik Johan Mjelde er forsvarar for mannen i 20-åra.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Les også Såg to bli slått ned: – Tenkte eg var vitne til drap

– Mykje blod

Ifølge tiltalen slo den tiltalte, med knytt hand, slik at fornærma fall i bakken, slo hovudet, og mista medvitet.

Eg fekk eit veldig brutalt møte med granittheller. Bakhovudet mitt. Eg tenker at, det at han ikkje drap meg der, det var flaks, seier den fornærma mannen i 60-åra i Hordaland tingrett.

Det var mykje blod, seier han.

To andre er også fornærma i saka. Ifølge tiltalen skal tiltalte ha slått og sparka ein person medan fornærma låg på bakken. Tiltalte skal også ha dytta ei kvinne fleire gonger, slik at ho ved eitt tilfelle fall i bakken.

Mannen i 20-åra står tiltalt for eitt tilfelle av kroppsskade og to som gjeld kroppskrenkingar.

Tiltalte har erkjent straffskuld.

Han har hatt jævlig flaks. Og det er min flaks, og det skal ikkje komme han til gode, sa mannen i 60-åra.

Les også Blei slått ned i Bergen: – Ser frykteleg stygt ut

– Ropte «stopp»

I retten er hovudbeviset ein video som blei filma av eit vitne. Denne viser ein mann i 30-åra som ligg på bakken, og den tiltalte mannen i 20-åra som står like ved.

Då mannen i 60-åra kom mot 20-åringen, blei han også slått ned.

Eg hugsar berre det, og det er veldig vagt, men lydsporet på videoen stadfestar det, at eg har ropt «stopp», høgt, fleire gonger, seier mannen i 60-åra.

Han seier han har «sånne handlingsmønster».

Eg har redda folk i veldig vanskelege situasjonar, fleire gonger, utan at det har fått følger som dette her, seier mannen i 60-åra.

I retten fortalde fornærma at han er redd for at han, eller dei rundt han, skal møte på tiltalte i nærområdet.

– Noko som klikka

Den første fornærma var ikkje kjent for tiltalte før hendinga. Dei to andre fornærma har tiltalte ein nær relasjon til.

Den fornærma mannen i 30-åra forklarte at han hadde hatt ønske om å ha med tiltalte på 17. mai-feiring.

Då dei hadde sete på ein utestad, hadde det skjedd noko mellom tiltalte og nokon andre, som gjorde at tiltalte hadde forlate utestaden. Den fornærma mannen og to kvinner følgde etter.

Tiltalte skal ha sagt at ingen trudde på han.

Dette var noko den fornærma trudde gjaldt hendinga på baren. Situasjonen enda med at tiltalte slo fornærma i halsen og ansiktet.

Det var noko som klikka. Det var det som gjorde det så ekkelt, seier fornærma.

– Heilt blind vald

Aktor og politiadvokat Camilla Moe bad om vilkårslaus fengselsstraff for den tiltalte.

– Volden er utøvd med fullt forsett, seier Moe.

– Slaget er veldig hardt. Det slår totalt knockout, seier ho.

Moe tok opp at tiltalte har vore i retten for saker som gjeld kroppskrenking før, og tok også opp forholdet tiltalte har til rus.

– Me ser veldig alvorleg på at det er ei hending med blind vald, utan noko spesiell føregåande eller openberr grunn, sa Moe før rettssaka.

Politiadvokat og aktor Camilla Moe.

Politiadvokat og aktor Camilla Moe.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre bad om at tiltalte skulle bli dømt til å betale erstatning til mannen i 60-åra.

– Det er heilt blind vald som har gått utover min klient. Og han er glad for at saka kjem opp såpass raskt som den gjer, sa Matre før rettssaka.

Ho bad om erstatning etter rettens skjønn. Med antyda 50–60 000 og økonomisk tap på 12.121 kroner.

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre i Hordaland tingrett.

Hilde Cecilie Matre er bistandsadvokat for mannen i 60-åra.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fekk skadar

Den fornærma mannen i 60-åra fekk, ifølge tiltalen, kutt i panna som måtte syast med tre sting, eit kutt ved høgre auge som måtte syast med to sting, samt brot i nasen.

Matre seier klienten hennar har skadar og seinskadar.

– No har det ikkje gått mange veker, og han er framleis veldig prega på fleire måtar.

Mannen i 30-åra har i ettertid hatt problem med stemmebandet og har verken kunna jobbe eller vere sosial.

Bistandsadvokat Kent Fredriksen bad, på vegner av mannen i 30-åra, om at tiltalte blir dømt til å betale oppreisningserstatning, fastsett etter rettens skjønn.

Han seier klienten er prega av saka.

– Det har gått hardt innpå han. Han ber preg av dette også i dag, seier Fredriksen før rettssaka.

Den fornærma kvinna stilte ikkje i retten.

Advokat Kent Fredriksen.

Advokat Kent Fredriksen er bistandsadvokat for mannen i 30-åra.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Les også Varetektsfengsler mann etter 17. mai-vold i Bergen