Hopp til innhold

No har fylkeskommunen selt siste del av Fjord1 – 159 år med eigarskap er over

159 år som eigarar i fylkets ferjer og båtar er over, og fylkeskommunen er no heilt ute av eigarsida i Fjord 1.

Bilferja MF Sogn ved Fodnes

Bilferja MF Sogn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I eit telefonmøte fredag føremiddag sa eit samrøysta fylkesutval ja til å la Havilafjord overta resten av aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune i Fjord1. Møtet var ein rein formalitet, og det var over på kort tid. Det var ingen store innvendingar mot salet.

– I dag så godkjende vi ein tilleggsavtale som fastslår korleis oppgjeret for dei resterande aksjane skal vera og det er stilt ein bank bankgaranti sånn at vi er sikker på at vi får pengane våre, seier fylkesordførar Jenny Følling etter møtet.

Jenny Følling, telefonmøte om salet av Fjord 1

LEIA MØTET: Fylkesordførar Jenny Følling leia telefonmøtet fredag føremiddag.

Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen selde seg ned frå 59 til 33 prosent eigarskap i Fjord1 i 2016, men Havilafjord og Per Sævik sikra seg ein opsjon om å kjøpe dei resterande aksjane innanfor ein periode på to år. No vil desse aksjane bli kjøpt ut innan kort tid, då Fjord 1 har planar om å gå på børs.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt eigarskap i selskapet sidan første båt vart sett i drift i 1858. 28. november i 1857 vedtok fylkestinget å skipa selskapet Bergenhus Amts Dampskibe, som i 1919 bytte namn til Fylkesbaatane. Dette var det første fylkeseigde ruteselskapet i landet.

Det var i august i 2016 at fylkestinget gjorde endeleg vedtak om å selja sin del av Fjord1-aksjane til Sævik og selskapet hans Havila AS. Salssummen er på 1,065 milliardar kroner.

Fylkeskommunen sine aksjar vart i november 2015 selde til Torghatten, men dette salet vart stoppa av Konkurransetilsynet i juni 2016.

Sævik har lova at hovudkontoret framleis skal ligga i Florø, og at ingen arbeidsplassar der skal gå tapt. Dette vart tatt opp av deltakarane på telefonmøtet i fylkesutvalet, men konklusjonen var at dei får stola på det Sævik har sagt.