Hopp til innhold

SV: Uklokt å selja Fjord1 på «billigsal»

Fjord1 har nesten dobla verdien på eit halvt år. Det viser at me hadde rett då me ikkje ville selja, seier SV. Til å le av, svarar Frank W. Djuvik i Frp.

Jakob Andre Sandal

FEIL Å SELJA: Fylkestingsrepresentant Jakob Andre Sandal (SV) meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune burde ha blitt sitjande med kontrollen i ferje- og transportselskapet Fjord1 lenger.

Foto: Montasje

– Me ser jo no at verdien blir sett høgare, og det viser berre at Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle ha hatt is i magen, seier Jakob Andre Sandal, fylkestingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV).

Eit halvt år har gått sidan Sogn og Fjordane fylkeskommune selde aksjane sine i Fjord1 til Per Sævik og selskapet hans Havilafjord. Verdien på heile Fjord1 blei den gongen sett til 1,8 milliardar kroner.

No tek den nye den nye eigaren Per Sævik Fjord1 på børs. Og vipps, så har marknadsverdien stige til 3 milliardar kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

Fjord1

SKIFTE AV EIGAR: Det var gemyttleg etter at fylkesordførar Jenny Følling (midten) og Fylkestinget vedtok å selja fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til Per Sævik (nr. to f.h.) og selskapet hans Havilafjord.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

SV på Fylkestinget var imot å selja Fjord1, men røysta til slutt ja, for å unngå rettssak, og for å få ro rundt selskapet. Sandal meiner fylkeskommunen burde ha blitt sitjande med kontrollen i selskapet lenger:

– Det berre viser at dei vurderingane me gjorde innleiingsvis om at me ikkje ønskte å selja, var rette.

– Til å le av

– Det må eg nesten berre få lov til å le av, seier fylkestingsrepresentant Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

– Føresetnaden for å henta ut denne verdiauken er å gå på børs. Og SV ville aldri ein gong ha vurdert å børsnotera Fjord1. Så denne verdiauken, hadde SV aldri henta ut uansett.

Djuvik argumenterte i Fylkestinget sterkt for å selja Fjord1. Han meiner det var klokt å kvitta seg med den store aksjeposten på 59 prosent.

– Verdifastsetjinga på 3 milliardar kroner baserer seg på ei børsnotering. Og det å børsnotera eit selskap og selja aksjar enkeltvis, er noko heilt anna enn å selja eit samla selskap, seier Djuvik.

Frank Willy Djuvik på Sunnfjord hotell

BØRS ER RISIKABELT: – Spørsmålet var om fylkeskommunen skulle ha teke denne risikoen og gått på børs. Eg meiner det ville ha vore ein for stor risiko, seier Frank W. Djuvik (Frp)

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Etterpåklokskap

Per Sævik har hand om nesten halvparten av Fjord1-aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune (26 prosent av alle aksjane i selskapet). Den siste delen til fylkeskommunen (33 prosent) har Sævik forkjøpsrett til. Når han no går på børs, skal nettopp salet av aksjar til dei nye minoritetseigarane betala for restoppkjøpet frå fylkeskommunen.

Ein som meiner det var rett av fylkeskommunen å selja, er transportforskar Gisle Solvoll ved Nord Universitet.

Gisle Solvoll

STØTTAR SALET: Transportforskar Gisle Solvoll meiner det er lite smart å eiga eit selskap som du skal kjøpa mellom anna ferjetenester av.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Ein kan gjerne seia at det hadde vore gunstig å venta, men dette visste ikkje politikarane for eitt år sidan. Det er berre etterpåklokskap. Og utviklinga framover kan gå både opp og ned – og er avhengig av om selskapet vinn anbodskonkurransar framover, seier Solvoll.

– SV meinte den gongen at det var fornuftig å sitja med eigarskapen lenger. Så når verdien på Fjord1 blir sett så mykje høgare no, viser det av vurderingane våre hadde noko føre seg, seier Sandal.