Hopp til innhold

MDG vil fjerna fleire tusen parkeringsplassar i Bergen sentrum

BERGEN (NRK): SV foreslo å kutta 2000 parkeringsplassar i Bergen sentrum, men MDG sa først nei. Etter ei kartlegging meiner byrådet dei kan fjerna endå fleire.

Bergen sentrum sett fra luften, mot Sandviken

BILBYEN BERGEN: Fleire tusen parkeringsplassar i Bergen sentrum kan ryka med. Bystasjonen i Bergen (nede til høgre) husar over 2000 offentlege p-plassar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Då MDG kom til byrådsmakt i Oslo i 2015, var det rundt 13.000 parkeringsplassar i hovudstaden. No er meir enn 4000 av dei fjerna.

I Bergen fekk MDG byrådsmakt etter valet i haust og no kan det same vera i ferd med å skje i vestlandshovudstaden.

Bakgrunnen er eit ønske om å redusera biltrafikken og klimagassutsleppa i bykjernen, samt oppmoda til kollektivkøyring. Men MDG er ikkje åleine om å ønskje dette i Bergen.

Før SV vart sparka ut av byrådsforhandlingane i Bergen, føreslo dei at kommunen skulle fjerne 2000 offentlege parkeringsplassar i sentrum.

– Ut frå det som no er kartlagd bør ein talfesta eit mål som faktisk bidrar til å redusera klimagassutsleppa. Viss eg skulle gjetta no, vil eg anta at det (talet på p-plassar byrådet vil fjerna, journ.merk.) er over to tusen plassar, seier miljø- og klimabyråd Thor Haakon Bakke (MDG).

Thor Haakon Bakke (MDG), byråd for miljø, klima og byutvikling i Bergen

VURDERER: Klimabyråd Thor Haakon Bakke (MDG) seier arbeidet med å kartlegga omfanget av p-plassar i Bergen sentrum er i gang, men at det vil ta ei stund før han kan presentera eit forslag om parkeringskutt til bystyret.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Usikkerheit rundt talet på p-plassar

Ei kartlegging gjort av Transportøkonomisk institutt viser eit overslag på rundt 8345 parkeringsplassar i Bergen sentrum i 2013.

Rundt 70 prosent av desse var kommunale og i overkant av 600 var på gategrunn.

I valkampen i fjor haust kjempa både SV, MDG, Raudt og Venstre om å markera seg som det klaraste partiet i klimadebatten. Redusering av cruiseturismen og biltrafikk i Bergen sentrum var blant dei mest debatterte sakene.

SV ville difor talfesta i byrådsplattforma at byrådet skulle fjerna 2000 offentlege parkeringsplassar i Bergen sentrum. Det ville ikkje MDG den gongen.

– Det er illustrerande for korleis MDG agerte i forhandlingane. Me lever godt med å vera eit ambisiøst klimaparti, men me er litt skuffa over MDG. Det er ikkje nok å ha hårete mål utan konkrete tiltak, seier Jarle Brattespe (SV).

I bystyret førre veke etterlyste han korleis byrådet vil bruka dei 13 millionane byrådet, SV og Senterpartiet har sett av til klimatiltak i budsjettet..

Frå talarstolen trekte miljø- og klimabyråd Thor Haakon Bakke (MDG) berre fram støtte til elbil-ladarar i burettslag som tiltak.

– Byrådet har ikkje levert noko enno på kva dei pengane skal brukast på. Ladarar i burettslag er sjølvsagt både hyggeleg og viktig, men det er frykteleg langt i frå nok.

Bakke i MDG hugsar parkeringsplass-diskusjonen frå i haust godt, men meiner det store spørsmålet ingen kunne svara på den gonge, var kor mange parkeringsplassar det var totalt i Bergen sentrum.

– Kor mange er private, offentlege, på gategrunn, i parkeringshus, eller tilhøyrer til dømes Bergen hamn? Det var spørsmål som ingen som kunne svara på, og difor meinte me 2000 ikkje var det beste målet å setja seg, forklarar byråden.

Bystasjonen og Statens hus sett fra Ulriken

BERGEN BYSTASJON: Bystasjonen i Bergen husar dei fleste av p-plassane i Bergen sentrum. Parkeringshuset ligg vegg i vegg med Bergen Storsenter og har 2205 parkeringsplassar.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Vil koma tilbake med sak

Bakke seier det enno er for tidleg å oppgi konkrete tal for kor mange plassar som må vika, kva type p-plassar det er snakk og om det i første omgang berre er snakk om kommunale p-plassar på gatenivå.

Dette er tal Bymiljøetaten har fått i oppdrag å finna fram.

– Eg vil koma tilbake til byrådet og bystyret med meir informasjon når det er klart. Me vil også skilja på ulike typar parkeringsplassar og setja måltal innanfor dei ulike kategoriane, seier byråden, som varslar ein større, heilskapleg plan for p-plassar i sentrumskjernen.

Brattespe i SV viser på si side til at dei diskuterte to forhold: Å inndra parkeringsplassar i offentlege p-hus og det totale talet på p-plassar.

– Me har heile tida snakka om offentlege p-plassar. Om byråden vil gjera noko med dei private, er det kjempeflott. Men det er langt meir komplisert og vil ta mykje lenger tid.

Jarle Brattespe, SV

KREV TILTAK: Bystyrepolitikar Jarle Brattespe (SV) meiner byrådet somlar.

Foto: Eivind Fondenes / NRK