Hopp til innhold

Mattilsynet: Seks smitta i utbrot av E. coli – ukjend smittekjelde

Seks personar er smitta av mage-tarmbakterien E. coli. Smittekjelda er truleg ei matvare med lang haldbarheit.

FHI logo, opplyst på mørk fasade.

E. COLI: FHI og Mattilsynet melder om utbrudd av E. coli i Norge. Seks personer er smittet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Mattilsynet opplyser at dei har vorte informerte om utbrotet av Folkehelseinstituttet (FHI).

Dei seks som er smitta held til i ulike delar av landet. To er smitta i Rogaland, ein i Vestland, Viken, Trøndelag og Oslo.

To av dei blei sjuke i oktober og november 2022, medan dei fire andre blei sjuke i februar, mars og mai i år. Ingen av dei har utvikla alvorleg sjukdom.

Både Mattilsynet, FHI, Veterinærinstituttet og kommuneoverlegar samarbeider no om å etterforska utbrotet.

Det er førebels uvisst kva som er smittekjelda, men det er vanleg at mage-tarmbakteriar smittar gjennom matvarer, melder Mattilsynet.

Det er mage-tarmbakterien EHEC som er påvist hjå seks personar.

Leitar etter smittekjelda

– Ingen av dei har utvikla alvorleg sjukdom. Dei er i alderen 14–49 år, og fem av dei er menn, melder FHI.

E. coli er ein tarmbakterie som finst naturleg i tarmen hjå dyr og menneske.

Bakteriane er vanlegvis ufarlege, men nokre variantar av E. coli har eigenskapar som gjer at dei kan forårsaka sjukdom, skriv mattilsynet.

FHI har ein teori om at smittekjelda er ei matvare med lang haldbarheit.

– Personane som har fått påvist bakterien er busette i fem fylke og dei er blitt smitta på ulike tidspunkt som går over ein lang periode. Me antek derfor at dei er smitta gjennom ei matvare som er distribuert over heile landet og som har relativt lang haldbarheit, seier lege Hilde Marie Lund ved FHI.

Dei gjennomfører intervju med personane for å kartlegga om dei kan ha ei felles smittekjelde.

– Me kan ikkje seia om dette er eit avgrensa utbrot eller om det kan koma nye tilfelle. Etterforskingsarbeid kan vera komplisert og ta tid, og i mange saker klarar me ikkje å finna smittekjelda eller å avklara om det dreier seg om ei felles kjelde.

Bakterien som er funnen hjå dei smitta har lik genetisk profil.

– Me følgjer situasjonen nøye og jobbar tett med kommunehelsetenesta, Mattilsynet og Veterinærinstituttet, seier Lund.

Førebyggande tiltak

Turid Berglund i Mattilsynet viser til at god kjøkenhygiene og god handhygiene er viktige førebyggande tiltak.

– Det kan hindra smitte av sjukdomsframkallande bakteriar mellom matvarer og mellom menneske. Er ein sjuk med diaré skal ein også unngå å laga mat til andre. Eit generelt godt råd er å varmebehandla matvarer, seier Berglund.

Ho viser til at tilstrekkeleg koking eller gjennomsteiking drep bakteriane.

Noko frukt og grønt er det ikkje mogleg å varmebehandla. Då er tilrådinga å skola og vaska desse godt.

Det er også ein fordel om ein tørkar dei før ein et dei.