Hopp til innhold

Eivind sat fem timar på kantra båt og venta på å bli berga

Han skulle berre trekke nokre krabbeteiner på veg ut til foreldra på hytta. Så sende eit kraftig vindkast fiskaren ut i den svarte fjorden.

Montasje av krabbefisker Eivind Midtvik som kantra i Vangsfjorden ved Måløy

DRAMA: Den 20 fot store båten til friskaren gjekk fredag rundt med Evind Midtvik om bord.

Foto: Privat

Medan 28-åringen frå Måløy var i ferd med trekke krabbeteinene byrja det fredag å blåse opp.

– Eg prøvde å styre båten opp mot vinden, men så kom det ei skikkeleg vindrose som vrei båten og pressa han ned, fortel Eivind Midtvik.

På eit augneblink var den 20 fot store båten fylt med vatn.

– Då banna eg for meg sjølv og rakk å tenke «nei nei nei», før båten gjekk rundt.

Berging av båt

TAR HAVARISTEN OM BORD: Her blir den uheldige krabbefiskaren berga.

Foto: Privat

Bekymra foreldre slo alarm

På hytta byrjar foreldra etter kvart å ane uråd når timane går og sonen ikkje dukkar opp.

– Det vart mange turar bort til vindauge for å sjå om han kom, seier mor Anne Stubberud.

Då ho heller ikkje fekk kontakt med han på mobiltelefonen, såg ho ikkje anna råd enn å melde han sakna.

– Det skulle berre ta nokre timar, og når det byrjar å bli mørkt så gjer ein seg sine tankar, seier Stubberud.

Berging av båt

OM BORD: Båten vart heist om bord.

Foto: Privat

Omfattande redningsaksjon

Klokka 21.15 fredag fekk politiet saknameldinga. Kort tid seinare leia Hovudredningssentralen i Sør-Noreg ni båtar og to helikopter i eit omfattande søk etter krabbefiskaren.

Kystvakt, redningsskøyte, redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors og brannbåt med dykkarar var i søk i Vågsfjorden mellom Måløy og Bremangerlandet.

Sjølv vart Midtvik liggande under båten då den gjekk rundt.

– Eg kom raskt ut og opp på skroget på den kantra båten. Vel oppe på skroget såg eg meg rundt og byrja å tenke på kva eg no skulle gjere.

Redningsaksjon etter krabbefiskar i 20-åra ved Måløy

REDNINGSAKSJON: Ni båtar og to helikopter deltok i søket etter Midtvik fredag kveld. Det var relativt gode sikt- og vêrforhold.

Foto: NRK-tipsar

Fem timar på ein båtkjøl

Men om timane vart lange for dei som sat på hytta og venta, var dei nok endå lengre for han som sat på båtkjølen.

– Ja, eg må seie at klokka gjekk sakte medan eg sat der og venta, seier den sindige krabbefiskaren.

For sjølv var han utan moglegheit til å varsle om det som hadde skjedd, for mobiltelefonen gjekk til botnars då båten kantra.

– Til å byrje med prøvde eg å rope litt og vinke med armane, men skjønte raskt at det ikkje var nokon som såg. Då var det berre å vente og håpe på at dei heime ville varsle når eg ikkje kom som avtalt.

 Eivind Midtvik

BERGA: Eivind Midtvik på kaien i Måløy framfor båten som berga han i natt.

Foto: Sofie Larsen

Berging i sikte

Etter fem lange timar på båtkjølen kom endeleg redninga.

– Då var det godt å sjå lyskastarane frå båtane og høyre motorduren frå helikopteret.

Over to timar etter at han blei meldt sakna blei Midtvik funnen like vest av Skorpeholmane nord for Rugsundøy i Bremanger.

Etter ei god natts søvn i ei varm seng er han klar på at han ikkje har latt seg skremme frå fleire turar på krabbefiske.

– Når eg har fått båten opp å gå igjen og alt er på stell så skal eg ut igjen, seier Midtvik.