Hopp til innhold

Han kan verte mangelvare

Noreg manglar fagarbeidarar, og ein av fire elevar går utan læreplass. Men regjeringa vil ikkje lovfeste retten til læreplass, berre «eit likeverdig tilbod».

Hans Fredrik Laache

ANGRAR IKKJE: Hans Fredrik Laache i Førde er glad for at han fekk seg lærekontrakt, og slik sikra seg to fagbrev. På byggjeplassen hans reiser det seg nye studentbustader.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Eg ville ikkje valt annleis i dag. Er ikkje tømrar Noregs mest sexy yrke då, spør Hans Fredrik Laache (23) humrande.

Førde-mannen har teke sitt andre fagbrev og kan skilte med fagutdanning som både tømrar og forskalingssnikkar.

Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå treng vi fleire som Hans Fredrik.

I 2019 vart det gjort utrekningar som syner at Noreg kjem til å mangle rundt 100.000 fagarbeidarar innan 2035.

– Det kan verte krise

Ferske tal frå Utdanningsdirektoratet viser at færre fekk læreplass i 2020.

Av 28.800 elevar som søkte om å få læreplass i fjor, var det 76 prosent som fekk det. I 2019 fekk 78 prosent innvilga læreplass.

– Om vi ikkje handlar no, kjem vi til å få ei krise i næringslivet, seier Mats Monsen.

Han er leiar i Fagforbundet ung, og meiner det hastar å lovfeste retten til læreplass for å sikre at elevane får fullført yrkesopplæringa.

Ap og SV har tidlegare programfesta at dei vil innføre ein lovfesta rett til lærlingplass.

LES OGSÅ: Benedicte (19) vil bli helsefagarbeidar. Nå garanterer kommunen læreplass til henne

– Eller eit likeverdig tilbod

– Alle skal ha rett til læreplass eller eit likeverdig tilbod, sa kunnskapsminister Guri Melby (V) da regjeringa sist fredag la fram den såkalla fullføringsreforma.

Mangelen på lærlingplassar har vore vurdert som ein viktig årsak til fråfall frå vidaregåande utdanning.

I reforma heiter det at regjeringa vil lovfeste retten til at elevar får læreplass eller «eit likeverdig tilbod».

I dag finst det allereie eit tilbod til dei som ikkje får lærlingplass.

– Men dette tilbodet er for dårleg, sa Melby.

Fylkeskommunane får no 200 millionar kroner til å ruste opp dette tilbodet.

Regjeringens pressekonferanse 3 jan 21
Statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad

LIKEVERDIG TILBOD: – Alle skal ha rett til læreplass eller eit likeverdig tilbod, sa kunnskapsminister Guri Melby (V) da regjeringa sist fredag la fram den såkalla fullføringsreforma.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Høgre: – Det finst betre løysingar

Mathilde Tybring-Gjedde er stortingsrepresentant for Høgre i utdannings- og forskingskomiteen.

Ho understrekar at ho ikkje er fornøgd med talet på elevar utan læreplass, men vil likevel ikkje lovfeste ein rett.

– Om retten til læreplass vert lovfesta, må vi pålegge bedriftene å ta imot lærlingar eller så må vi styre utdanningsvala til elevane. Løysinga er heller å auke tilskotet til å ta inn lærlingar, og samstundes stille krav gjennom offentlege anbod at bedriftene tek inn lærlingar.

Mathilde Tybring Gjedde (H)

SKEPTISK TIL LOVFESTING: Mathilde Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant for Høgre i utdannings- og forskingskomiteen.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

– Må basere seg på frivillighet

Heller ikkje NHO ynskjer å pålegge bedrifter å tilsette arbeidstakarar, medrekna lærlingar.

– Ei lovfesting av retten til læreplass kan undergrave og etter kvart øydeleggje hele lærlingordninga, seier Rebekka Borsch, som er avdelingsdirektør for Kompetanse og innovasjon i NHO.

Ei betre løysing er om bransjeforeiningar og opplæringskontor går saman om læreplassgarantiar, seier ho.

– Slike læreplassgarantiar finst innanfor fleire fag og i fleire fylke. Forskjellen er at læreplassgarantien er initiert frå bedriftenes side.