– Politifolk sit mange timar i bil gjennom arbeidsdagen. Då er det klart at tilgang på radio er viktig.
Det seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen. Svært få av tenestebilane i regionen hans har DAB-radio. Onsdag føremiddag blei FM-nettet sløkt for NRK i fem fylke, mellom anna Sogn og Fjordane og Hordaland.
Ifølgje bilansvarleg i politidistrikt Vest, Tatjana Knappen, manglar om lag 95 prosent av politibilane i distriktet DAB.
– Det er snakk om mellom 100 og 150 køyretøy som treng ei oppgradering, seier ho.
Då Knappen tok over stillinga som bilansvarleg i starten av juni, var dette ei av arbeidsoppgåvene som låg og venta på ho.
– Vi er midt i ei omorganisering med mange arbeidsoppgåver og mange nye i stillingar. Difor har dette kome i annen rekke.
– Når vil dette vere på plass?
– Det kan eg ikkje seie noko om.
- Les også:
Stor investering
Kostnaden ved å installere DAB- radio er det regionskontora som må ta.
Lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, seier det er ei stor investering.
– Det dreier seg om fleire titusen kroner. Pengar som vi har lyst til å bruke på noko anna.
Også i Sogn vil dette bli ein stor utgiftspost.
– Det er ikkje sett av pengar. Det er fordi budsjettet er så stramt at vi har prioritert det absolutt nødvendigaste, seier Johannessen.
- Les også:
- Les også:
– Ikkje avgjerande
I samband med overgangen til DAB gav politidirektoratet i januar beskjed til distrikta om at dei måtte vurdere behova sine og gjere lokale tilpassingar.
– Dette vart bestemt fordi det er store variasjonar i bilparken til politiet, skriv Bente Klæstad i ein e-post. Ho er kommunikasjonsrådgjevar i Politiets fellestenester.
Ifølgje Klæstad fekk dei ingen tilbakemeldingar på dette.
– DAB-radio er ikkje avgjerande for politiets operative teneste, skriv Klæstad.
Likevel er det er eit ønskje blant dei tilsette å ha radio i bilane.
– No har ein tilgang til informasjon via telefon og andre hjelpemiddel, så det er ikkje kritisk på nokon måte. Men sosialt og arbeidsmessig er det veldig greitt å ha tilgang på radio, seier regionlensmann Johannessen.
- Les også:
Forventar at det kjem på plass
– Det er klart vi forventar at bilane til politiet blir oppdatert med ny teknologi, seier Ørjan Hjortland som representerer dei tilsette i Politidistrikt Vest, gjennom Politiets Fellesforbund.
Han meiner radioen i politibilane er viktig.
– Det er ein viktig trivselsfaktor, men det er og viktig i forhold til at det går både sikkerheitsmeldingar og vegmeldingar i radioen.
Han skulle gjerne sett at dette allereie var på plass.
– Det skjer veldig mykje i politiet for tida, så eg har forståing for at det har blitt gjort prioriteringar. No forventar vi at dette blir ordna innan rimeleg tid.